søndag 9. mai 2010

SØNDAGSLYKKE♥


På hylla over sofaen.....
Står bildet av mi kjære oldemor Astrid♥
Eg trur det er det einaste som aldri byttar plass...For det passar så godt der..Krukka har også stått der heile tida..
(nesten to år!...;)


Å jada...Eg er såååå glad i å tørke støv!
Eh!...Nei.....Men,trangen eg har til å ha det fullt rundt meg vinn over...
Eg berre må ha det slikDet er meg!




I dag har det snøva her igjen!....
Planen var å fortsette å plante ute i dagtidleg....Men,det slo eg rett og slett i frå meg!
Kva er det som skjer?
Men,eg har laga dessert til ei nabodame som har konfirmasjon i dag.
Og daim iskake,foccaciabrød og kyllingsuppe til mine kjære gjestar♥


Eg berre måtte ta eit bilde for å få ein "smak" av sommar!


Tross det kalde veret,har vi hatt ein kjempe koseleg søndag♥


Eg fekk vakre roser av mi gode mamma♥
GLEDE!

Og med gjestar er det ei sjølvfølge med levande lys på badet!
Og ettersom eg var så heldig å få roser,fekk badet også blomster☺




Mi snilde og flinke tante har sydd meg kappe til lisje bror`s leikehylle!
Han har ikkje eige rom enda,så det vert litt leiker her og der...(ikkje favoritt pynten min akkurat!)


Ei herleg helg med masse kjekt, akkurat etter min smak er no straks over...
Fredag var eg på klubb,i går var vi på pizza"fest" med mine foreldre og bror(som er heime for å ta tre examenar...Flinke broren!)
Og i dag har vi hatt gjestar☺


Uansett ver....Ei perfekt helg!

Håper di helg også har vore fin♥

GOD SØDAGSKVELD ALLE SAMAN♥

lørdag 8. mai 2010

GOD HELG med blomster i stua ♥


Hektiske dagar i heimen....Med lite tid til blogging..


Tok i går ettermiddag litt bilder i det fine lyset som sola gir♥


Eg var innom dei fleste blomsterbutikkar i går etter lyserosa peonar....Utan hell...
Vart i staden brudeslør..Desse rosa blomstrane hugsar ikkje eg navnet på...Men,fine er dei iallefall♥

Bilderama frå Kid har eg mala kvit..


Klikka du på bilda,får du dei større..

Favoritt plassen til lisje Olav Andreas!


Blomsterglede på kjøkenbordet♥.....


På peishylla♥......


Og på stovebordet♥.....



Eg er heilt overvelda over alle dei gode orda dokke herlege damene la att her i forige inlegg..
Tusen ♥teleg takk!

Vil også takke deg Tove Elin for ein kjempe kjekk klubbkveld i går♥


No skal eg i gang med planlegging ov morgadagens meny,handling og litt andre sysslar i heimen♥
I morga får vi besøk av familia frå øya☺☺
Det gledar vi oss til♥

Gratulerer med dagane til alle dokke som har konfirmantar i helga♥

Ein god laurdag ønskast til alle♥

onsdag 5. mai 2010

MITT NYE SKRIVEBORD♥♥♥


Sjå kva eg har fått i stua!
Heldige meg☺


Eg spørte for ei veke sida her på bloggen om det var nokon i destriktet som hadde eit trekvit/luta skrivebord...
Dagen etter hadde eg fått mail
TUSEN ♥LEG TAKK,VIBEKE OG ASLE!
Eg er så glad og fornøgd☺

Fekk skrivebordet søndagskveld..
To malingsstrøk og nye handtak...
Her kjem eit bilderas:




Eg berre MÅTTE ha denne lampa!
Kjøpte den hos min favotittbutikk Farmors karambod i Ulsteinvik.
Dei har den også i kvitt..

Eg tok desse bilda i ettermiddag.
No i kveld er det eit kjempe koseleg lys av lampa..
Herleg med dette hjertet♥




Sjølvsagt må eg ha pynt på!




Inne i skapt står bilde av prinsessene mine når dei var mindre♥

Eg kjem til å kose meg masse med mitt nye bloggskrivebord☺


Eg og lisje bror har planta uteplantene i krukker i dag..
Sjølvsagt vart det litt "svinn"....Men,dei egna seg godt på stovebordet i eit Norgesglas også♥

Ei herleg stemning i stua i kveld♥


GLEDE!!!!


 



tirsdag 4. mai 2010

AWARDAR♥


Eg fekk for ei stund sida denne søte awarden av ei super kjekk og god dame.Ho er ein kollega av meg,som eg set stor pris på☺
Ho er kjempe flink med scrapping!Ta deg gjerne ein tur innom bloggen hennar å sjå alt det flotte ho har laga☺

Tusen takk♥

Med awarden følgjer det med ei utfordring..
Eg skal fortelje 10 ting som gjer meg GLAD og 5 trivia om meg sjølv!


I dag fekk eg denne flotte awarden av
Ei herleg dame med ein herleg stil!
Ta deg ein tur innom bloggen hennar og sjå det lekre interiøret☺INSPIRASJON!


Tusen takk♥
Set stor pris på både deg og bloggen din♥

Med også denne awarden følgjer dei ei utfordring!
7 ting om meg sjølv...

Då slår eg "to fluer i en smekk"!

Kansje eg kan fortelje 5 ting som gjer meg GLAD og 5 trivial  om meg sjølv?......
Har gjordt liknande utfordring fleire gongar før,men prøvar igjen..

Eg vert GLAD av:

1.Våre tre kjære barn
2.Min kjære mann
3.Heimen vår
4.trening
5.Jobben

5 trivial om meg:

1.Elskar kaffi
2.Er positiv
3.MÅ ha orden
4.Snakkar med mora mi kvar dag
5.Er fryktelig redd for edderkoppar

Desse to awardane vil eg gjerne gi vidare til Mammalykkelig♥
Ei utruleg koseleg og kreativ dame med ein kjempe flott og ispirerande blogg♥
Ho skriv godt og viser lekkert interiør og handarbeid!
Tusen takk for at du er deg♥



Ellers så berre må eg nevne at veret her har retta seg betraktelig sidan i går☺



"Nå skinner sola i vinduskarmen".......♥

Tusen takk for alle koselege kommentarane☺
Dokke er GODE♥

GOD TYSDAGSKVELD OG EIN SOLRIK ONSDAG ØNSKAST TIL ALLE!



mandag 3. mai 2010

Snø og smilejakt......


Slik ser det ut her i skrivandes stund....

Våren kjem ikkje heilt fram.....Synest faktisk at dette er så spesielt at eg berre må dele det med dykk!


Etter eg tok desse bilda,berre måtte eg på "smilejakt" inne☺
Eg stoppa ved trappa...


Ildtoppen og det nye bildet mamma har laga fekk meg til å smile ☺
 Bilda av barna våre på hylla smiler eg av☺ 


Smilar av denne søte engelen lisje prinsessa laga til meg til jul,rosene som har tørka så fint og vakre ord☺


Eg tok med fyrstikkøska og tendte litt lys...


Smilar når eg tenkjer på alt det gode mi kjære mamma gjer for oss☺
Her som lita pie♥

Mine første sko og sølv kopp heng på knaggen..


Eg smilar av at husbonden og lisje bror er godt i gong med å bygge bord og benk til meg☺

Kvitveisbuketten eg fekk og det søte fløtesettet♥


Eg smilar over at første strøket på mitt nye skrivebord er lagt☺
TUSEN ♥TELEG TAKK,DU GODE VIBEKE♥

HA!Dette innlegget har hjelpt meg på "bedringens smile veg" i kveld♥

Hvis vi kan smile i dagliglivet,
hvis vi kan være fredfulle og lykkelige,vil det ikke bare gagne oss selv,men alle.
Dette er den mest grunnleggende form for fredsarbeid....

 Lisje bror kom inn att få si arbeidsøkt i garasja i lag med pappsen og såg at eg var i gang med kameraet......Han sette seg i sofaen og gav meg eit STORT......



Og eg smilte det gladaste smilet tilbake☺




søndag 2. mai 2010

GOD SØNDAG♥


I går var vi(som sikkert mange andre)på Plantasjen.
Nokre av plantene måtte vere med inn i stua,for ute er eg redd dei ikkje overlever!
I natt var det frost igjen og i skrivande stund dalar snøen ned!


Litt bilder frå min og lisje Olav`s søndagsmorgon



Einaste råda er å stenge "kulden" ute og kose seg inne!
Eg skal også ein tur i kjellaren å male siste strøket på ute- stolane..
Husbonden skal snikkre utebord og benk
(Eg finn ikkje det rette bordet nokon stad!)




Lisje bror er stadig på jakt etter lys som han kan blåse ut!







Med desse bilda ønskar eg alle ein god søndag♥