Då kjem det enda eit mat innlegg..
Husbonden var i går kveld vekke,
og vi tre damene veit å nytte høvet!
(lisje bror fekk også deltake på vår "fest" ei lita stund;)
Nachos med heimelaga salsa.
♥
SALSA:
4-6 store smakfulle tomatar
litt frisk basilikum
1 løk
salt/pepar
litt kajenne pepar
1 chili med frø
1 raud paprika
Ta vekk frøa frå tomatane.
Hakk løk, chili og paprika.
Bland alt saman med stavmiksar.
Sjølvsagt ingen jentekveld utan dessert!
♥
Det er særs kjekt å lage til når jentene mine
(på snart 11 og 14 år) er nær like glade i matlaging som det eg er.
Å prøve nye oppskrifter og smakar
er spennande!
Sjokoladefondant med bringebærsorbet!
♥
Sjokoladefondant:
250 g smør
250 g kokesjokolade
5 egg
125 g sukker
revne skal frå 1 appelsin
50 g kveitemjøl
♥
Smelt smøret i ein kjele.
Ta den vekk frå plata og rør inn sjokoladen.
Pisk saman egg og sukker, og bland med
sjokolade smør og revne appelsinskal.
Sikt over mjøl og bland saman.
Smør nokre eldfaste porsjonsformer med
smør og mjøl, og fordel røra i formene.
Steik midt i omnen ved 225 grader
i omlag 11-12 minutt.
Fondantane skal vera litt rennande i midten.
Bringebærsorbet:
400 g frosne bringebær
2 ss honning
Safta frå 1 appelsin
1 dl hakka basilikum (frisk)
Miks alt saman i ein miksar
(eg brukar stavmiksar)
Kjøyr raskt saman.
Spe eventuelt med litt vatn dersom det er vanskeleg å mikse alt saman.
Form sorbetten til kuler.
Server med sjokoladefondant, appelsinfiletar og friske bringebær.
(Mine friske bringebær til 40 kr var sjølvsagt så stygge at det var umogleg å bruke dei!)
Må berre nevne at denne
sorbeten er utruleg god, og at basilikumen gjer prikken over ièn!
Vi toppa vår jentekveld med film.
♥
Kansje dette er tips til laurdagens kose mat?
GOD LAURDAG ALLE SAMAN!
♥