torsdag 30. august 2012

Det blir ikkje fleire innlegg..
Pause eller slutt er eg ikkje sikker på.

Tusen takk for alle fine ord og helsingar.


søndag 5. august 2012

Fleire bilder frå stova..
Husbonden har lagt ny plate i salongbordet.
Var før to glasplater.
 
Med nokre strøk kvitt,
er bordet som nytt!
God ny veke!

lørdag 4. august 2012

God laurdagskveld

Med bilder frå stova..
Det aller meste kan malast..
Eit par hattøsker har fått
 "nytt liv" av meg.
Desse var kvite med svart mønster.


torsdag 2. august 2012

Spiseplassen i kjøkenet etter
 siste vekas opp-pussing!
Vi har teke i bruk att det runde bordet.
Det har vore "nedpakka" i eit par år.
Mamma`s kunst på veggen!
Mamma lurte på kvifor eg hadde sett den prikka skåla opp i den med stett..
Fordi eg ikkje klarte velge!
Kansje dette er grunnen til at
 eg har mykje på benkane..
Klarer ikkje heilt å velge vekk!
Takk for alle helsingar!
God torsdagskveld.

onsdag 1. august 2012

Å ha ny-pussa stove er rett kjekt!
Litt listing og noko panel står att.
Det har ikkje gått i blogg-besøk
 dei siste vekene.
 Maling, dekorering,
 feriering, familie..
Sommar syslar!
Tusen takk for alle fine ord.
Med desse bilda frå litt av spisestova,
 ynskjer eg alle som er innom
 ein god kveld!