lørdag 27. april 2013

Det blir ikkje innlegg i bloggen på ei stund,
då dataen min har teke kvelden..
Er tilbake når det er i fiks orden!
Takk for alle helsingar.

Ynskjer alle ei strålande helg!

mandag 22. april 2013

Inspirert av Wenche i God Morgen Norge!
Med grov grunndeig kan ein lage så mykje godt.
Horn fylt med cottage cheese, basilikum og soltørka tomat.
Eller smøre dei med pesto, kremost, raspa ost osv.
Strø på skinkebitar, pølse..
God niste på jobb/skule/barnehage.
Med pålegg og/eller salat til.
Også godt til supper av ulike slag.
Tek du opp frå frysaren om morgonen
er dei tinte og ferske til lunsj.
Eg har brukt kveitemjøl kun til utbaking.
Youghurt naturell og raspa gulrot i deiga,
grov deig blir då ekstra saftig.
Helsing Astrid
 

søndag 21. april 2013

Med tre sitronar på eit fat og ei gammal skuffe
 som inspirasjon for litt kjøkensyslar..
Kjekt bruktfunn denne gamle skuffa,
til og med yndlinsfargen på fronten.
 50 kroner!
Skuffa romar no bakesaker.
Og i og med det no er harry å vise fram
 kitchen Aid/kjøkenmaskina di,
berre eg knipse og vise mi ;)
I følge ekspertane skal benkane no vere tome,
kjøkenutstyr og den slags skal ikkje vere synlege.
Men, slike "reglar" er ikkje noko for meg.
Eg fyl mine!
Min interiør stil er Astrid,
heilt meg, og den er det eg som er sjef over!
:)
Ynskjer alle ei god ny veke!
 

lørdag 20. april 2013

Eit laurdagsinnlegg..

Blir ikkje mykje tid til blogg om dagen.
Ei særleg kreativ.
Bilder av nyinkjøpte roser er alt.
Blir litt sånn ommat og ommat type innlegg i bloggen.
Fint med solskin inn over stovebordet. 
Ynskjer alle som er innom bloggen min ei
 strålande god helg!
:)
 

lørdag 13. april 2013

Frå spiseplassen i kjøkenet i forge innlegg..
Til spisestova i dette.
Ei blanding av nytt og gammalt.
Det gamle er arva etter kjære oldeforeldre.
Velkomen til nye fylgjarar!
God laurdagskveld.
:o)
 

tirsdag 9. april 2013

Frå kjøkenbordet ein tidleg morgen..
Det er lett start no når det er lyst,
og sola ser inn over frukostbordet.
Veret er strålande om dagen.
Det er til stor nytte for kropp og sjel.
Grip dagen!
:)
 


søndag 7. april 2013

Med desse bileta av siste rest av påskebuketten,
ynskjer eg deg ei strålande ny veke!
:)


lørdag 6. april 2013

På ein gammal stol i ein krok i spisestova
prydar ein vakker rosa hortensia.
Hortensia frå ein god venn!
 
Brunt og rosa står seg godt i lag.
God helg!
:)
 

mandag 1. april 2013

2. påskedag og siste feriedag.
Påskeveret har vore fantastisk.
Med meir D-vitamin i kroppen enn på lang tid,
 er det no hopp og sprett,
tilbake på jobb og kvardag igjen!
SMILER
Ynskjer deg god kvardag igjen!
:)