søndag 29. august 2010

Pastellar i kjøkenet ei stund til..


♥
Planen var å
bytte ut pastellane og få fram litt haust i kjøkenet..
Men,eg er rett og slett ikkje klar!
Likar så godt denne lys rosa og lys blå fargen..
♥
Etter turen innom Landhandelen i Ørsta(Ah!Draumedag.) kjenner eg at det blå skal vere i kjøkenet ei stund til!
♥
Duken på bordet er bruktfunn.
♥
Fargane i hylla gjer meg glad.
♥



BLÅ
 detaljar blei
med
heim frå Ørsta..
♥


Har alltid problemer med å gå ifrå
skilt med tekst!
♥
Dette
 passa perfekt på den
lisje krydderhylla..
♥
Ah!Denne hekla lyseblå "grytekjolen"
gav meg tankar om oldemors kjøken..Og eg var "solgt"!
MÅTTE HA!
♥


Målebegert i emalje
(IB LAURSEN)
kjøpte eg også i Landhandelen.
♥


Tomatane oppi var "lett bytte" for lisje Olav..
Som kosa seg med dei til frukost..

Alle desse herlege koppehandukane frå Krasilnikoff i pastellar,
eg er ikkje klar for å legge dei vekk heilt enda.
♥


Sinkhylla er kjøpt hos Irene`s hudpleie..
JA!På Hareid er det rett og slett muleg å kjøpe interiør etter endt hudpleie..
Genialt faktisk!
Høyrer egentleg saman desse to...
Hudpleie og interiør..
♥
Passar MEGET godt for meg!
☺


Det vart ikkje haust i interiøret her enda..
Men,årets første eplekake er bakt,med epler frå hagen.
♥


♥


Lyng pyntar vårt haust"fest"bord i dag.
♥


Vi har fortsett der vi "slapp" forge helg..
Har feira Olea 10 år i dag og!
♥
Med brensnut til middag..Og eplekake og sjokoladekake
til dessert
♥
Det lukta iallefall litt haust.
♥


Eplekaka serverast sjølvsagt varm med vaniljeis til.
♥
Blinkskudd!
♥
Legg merke til den lisje handa!
♥


♥

NOKON SOM KAN HJELPE?

Når eg legg til gadget i bilder på sidene i bloggen,klarer eg ikkje lagre dei etter at
eg har flytta dei!
Hmmmmm...
Det berre står å lagrar og lagrar...
Og legg seg berre heilt oppe,uansett.
Har vore slik i eit par veker!

Nokon som veit kva som er gale?

Kan liksom ikkje ha sommarbilder heile hausten...

GOD SØNDAGSKVELD OG GOD NY VEKE ALLE SAMAN
♥




lørdag 28. august 2010

LANDHANDELEN


Ein ganske ny interiør butikk i landleg stil i Ørsta..
♥
Mine to vakre og gode prinsesser med herligheitene i posar..
♥
FANTASTISK LEKKER BUTIKK!
♥
Heilt etter min smak..
♥


Prinsessene studerar vise ord!
"Den som et langsomt lev lengre"
Trur det var det som sto på tavla..
♥
Prinsessene kjøpte gåve til ei venninde som dei veit likar så godt denne stilen..
Akkurat det synest eg er så søtt.
♥


Ah!Kunna gått her i fleire timar..
♥
Dette er ein butikk eg så absolutt skal snart tilbake til!
Store prinsessa vil gjerne vere med,for Ørsta har også Bik Bok og Vita..
♥
Så alle interiør glade damer frå Hareid,Ulstein,Herøy...
Dette MÅ dokke få med dokke!
♥


Eg fekk lyst å sette meg ned ved dette bordet med ein kopp kaffi å berre nyyyyyyyte!
♥


♥


Når eg såg denne senga kjente eg kor mykje eg gledar meg til
nye stova blir ferdig..
Husbonden skal få "si" tv stove
og eg "mi" tv frie stove!
♥
Eg har nemleg to slike sengar etter mi kjære oldemor Astrid.
Den eine skal eg ha i "mi" stove som dagseng.
♥
Den andre har eg tankar om at  lisje Olav kan ha?
Eller er det litt rart?...


Heldige er vi interiør glade/gale i mitt distrikt,med Farmors Krambod,Bizarre og Engledryss i Ulsteinvik.
Bella Blå i Herøy og Landhandelen i Ørsta..
Alt dette utan ferge!
♥
Damene som driv Landhandelener denne helga i Lillestrøm,så det er berre å GLEDE seg..
Det gjer iallefall eg.
☺
Reknar med dokke er klare
Cesilie og Karoline;)
♥

Når eg kom att frå vår herlege jentetur i dag låg det lykkepost å venta..
Heldige meg vann give away hos Hvit Romantikk
♥


Så søtt innepakka med like søtt innhald.
♥
Kjempe lekker sinkboks med herleg duftprodukt og hjerter.
Stoffhjerte og duftelys frå yankee candle.
Veldig god duft!
♥


TUSEN ♥ TAKK for så fin gåve,kjære ANETTE
♥


I skrivande stund kosar eg meg  vekselsvis med kakebakst og blogg.
Har "benka" meg i kjøkenet i kveld.
♥


♥
At det regnar og er mørkt ute er berre herleg!
♥
Det gjer det enda koselegare å vere inne..
♥
Hausten er ei fin årstid!
♥


GOD LAURDAGSKVELD!
 ♥


fredag 27. august 2010

LYKKELEK ♥


Ettersom lisjebror no har blitt stor bhg gut,har vi slutta med stellebord..
(HJEEELP!)

Stellebordet har blitt "framskap" i kjøkenet..
Bilder finn du HER
♥
Mi flinke sydame
(Tusen takk du gode tanta mi♥)
tok atter eingong imot bestilling av kappe.

Eg er ei "kappedame"!


Klær og div som var i stellebordet er no skjult bak denne kappa!
♥


Ei gammal kasse kjøpt hos lokal blomsterbutikk for 150 kr.
♥


Oldemor Astrid`s børster i sølv..
♥
Vaskefatet er etter min manns bestemor.
♥


Ser at flisene blir så gule på bilda..Hmmmmmm..
Dei er ikkje slik!
Meir sandfarga..

♥LYKKELEK♥


Eg har kjøpt "snekkarbukse" til vår lisje arbeidskar.
Herlege og flinke Ann Kristine med den kjempe inspirerande og flotte bloggen 
har sydd den.
Snekkarbuksa er i mjuk fløyel og
er veldig behageleg å leike i.
Eit favorittplagg!
☺
Ann Kristine har nyleg starta ein bloggshop under navnet LYKKELEK.
FANTASTISK søte klær♥
Snakk om å ha talent..
Du bør ta deg ein tur innom!
LYKKELEK finn du
 HER.
♥


♥


♥
Absolutt lukkeleg leik i denne behagelege buksa!
♥


TUSEN ♥ TAKK,DU GODE


GOD FREDAGSKVELD ALLE SAMAN!
♥

torsdag 26. august 2010


Hausten er rett rundt hjørnet med mørke morgonar...
Så med desse solstrålane i stova ein tidleg morgon måtte eg fram med kameraet!
♥


I denne delen av stova kosar eg meg stort..
"Lesekroken".
♥


♥


Det gledar meg og varmar
mitt ♥ med alle fine ord og kommentarar frå dokke godingane.
TUSEN TAKK!
Desverre har eg ikkje fått tid til blogg dei siste dagane..

Kvardagen er såååå tilbake!


Bilder frå stova i kveld..

Ute er det mørkt og det pøsar  ned...
♥
Ein absolutt haustfølelse..
Og som er ein smule god!
♥


Etter ei runde innom vaskeromet og to prinsesser skal eg nyte inspirasjon i blogglandia!
♥
GOD TORSDAGSKVELD OG EIN FIN FREDAG ØNSKAST TIL ALLE!
♥






tirsdag 24. august 2010

Dominoeffekt...


Ofte er det litt dominoeffekt i heimen..
Skal ikkje meir til enn ein gyngestol og det 
eine etter det andre flyttar plass...
♥


♥


Alltid like kjekt å syssle med slike småting..
Det gjev meg ro.
♥
 Alle interiørdamer veit korleis dette er!
♥


Den gamle kassa som eg har interiørblad i har fått ny plass!
♥
Ei gammal korg med pledd og pute står lett tilgjengeleg ved bloggplassen.
♥


Mi store GLEDE i kjøkenet er den nye kaffimaskina..
♥
Ah!For ei herligheit...
♥


Og kaffien smakar VELDIG GODT!
♥


Mokkamasteren står for tida
(lett tilgjengeleg)i eit kjøkenskap..
 Filterkaffien har eg i ei gammal kaffiboks etter mi oldemor Astrid.
♥
Kjellsberg kaffi!
♥
Eg kjenner meg godt rysta for hausten med denne luxusen i kjøkenet!
♥


Og kvardagen er i gong att..
☺


Sjølv om prinsssene har  kjellarstove med stort spisebord,er det
av og til kjekt å vere oppe å gjere leksene..
Spesielt når lisje bror søv middag og mammaen har fri og akkurat ferdig å steike brød..
♥
Eg ønskar å TAKKE for alle dei fine helsingane i innlegget under.
Dokke er gode!
♥


Med desse bilda frå heimen ønskar eg alle ein god tysdagskveld!
♥


♥