Endeleg kan eg skjule ledningar,dvd spelar,stereoanlegg osv.....Det aller kjekkaste hadde vore om eg fekk gøyme heile tvèn....Men,sidan min kjære må holde ut med alt eg fyller heimen med og mine stadige prosjekt skal eg ikkje røyve den meir enn dette...(?)
Har eit konsollbord frå Ikea til tvèn..Det er ei opa hylle under..
Fekk hjelp av tanta mi til å få sy ei kappe..symaskina mi er no friskmeldt(mi kjære mormor har fiksa den♥og eg skal hente den i ferien;)Juhuuu ☺
Eg vart kjempe fornøgd med resultatet..I tillegg elskar eg tekstilar i alle variantar..Masse dukar,pledd,blonder,puter osv.....
Kan tenkje meg at du no er ein smule lei av bilder frå stua vår...Men,eg berre måtte i dag og☺Det var denne nye kappa ;)
Eg har terrorisert husbonden litt til....
Har sett eit gammalt vindu i vinduskarmen..Hihi☺
Sikkert fordi eg gledar meg slik til vi får nye vindu?☺
Då vi sto opp i dag var trea tunge av snøv...Igjen....Men,heldigvis kom sola ♥
I dag har vi kosa oss heime med besøk av mamma,tante,mormor,min bror og hans sambuar♥
Lisje prinsessa heiv seg rundt å skar opp pølser.Ho ville ha pølsegrateng slik at der var nok til alle♥
(Stolt mamma til ei slik omtenksom lita pie♥)
Har gjordt siste innspurt med trening før mange dagar med sikkert altfor mykje god mat og godterier...
Men,gåturar blir det nok♥Ikkje ski....For eg er heilt ferdig med vinter!Rett og slett!
Ranuklane står fortsatt så fint,så eg berre må vise dei fram ein gong til ☺
Prinessestua står klar til koselege kveldar♥
(tippar det vert ein aldri så liten prinsessefest;)
Spisebordet der står også påske klart☺
Så det er berre å sette seg ned ♥
Ønskar alle ein kos tysdagskveld♥♥♥