Viser innlegg med etiketten OPPSKRIFTER. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten OPPSKRIFTER. Vis alle innlegg

søndag 10. februar 2013

Dei fleste har vel kosa seg litt ekstra i dag.
Fastelavensbollar eller morsdagskake.
Kanskje begge deler?
Hos oss vart det morsdagskake, pavlova.
Ei av mine favorittar!
Ekstra god når vaniljekremen er heimelaga.
3 dl mjølk
2 eggeplommer
2 ss sukker
1 ss potetmjøl
1 vaniljestang
Ha alt i ei panne, rør under oppvarming.
 Ta panna av plata når kremen tjuknar, rett før oppkok.
 Kremen må ikkje koke.
Rør under avkjøling, då unngår du "snerk".
Takk for helsingar i innlegget under.
GOD NY VEKE TIL ALLE!
 

mandag 16. juli 2012

Smak av sommar!
Med inspirasjon frå Tina`s sommarkjøken
 på NRK.
Tina hadde ein vri på si pavlova.
Og eg svak for denne type kaker!
 MÅ prøve..
Med kokos på bakepapiret
 og puffaris i marengsen!
Tina rulla kaka i samen.
Eg foretrekk den slik.
Likar synet av bæra!
Eg tilsette også malt stjerneanis i marengsen.
Vi ventar på høgare temperatur og sol.
Så vi kan i allefall nyte
 smaken av sommar!

onsdag 4. juli 2012

 NIB`s Friminutt!
Jordbær, heimelaga is,
 god tid og kjære gjestar
= friminutt for meg!
Stjerneanis i isen smakar fantastisk
 i lag med jordbær.
Berre prøv sjølv!
☺
8 eggeplommer
150 gram sukker
Pisk til eggedosis
Frøa av ei vaniljestang
Pisk 5 dl fløte
Bland saman
Knus 3-4 stjerneanis i morteren
(Jacob`s utvalgte er kjempe gode)
Bland i isen
Det er lurt å røre nokre gongar under innfrysing av isen,
då slepp du krystallar.
Isen bør stå i frys i minimum 6 timar
Sommarfryd!

lørdag 30. juni 2012

Sommarleg kremkake

                              
Blautkake med marsipanlokk,
  bringebærfyll og sommar!
Kake til mamma`s gebursdag!
Min 3 åring advarte gjestane:
"Dersom du spis blomane,
 kjem du til å nyse!"
Bildet på veggen inspirerte meg..
Fylt med frisk bringebær,
 vaniljekrem og fløte.
Ekstra god etter å ha stått eit døgn.
Sukkerbotn:
Eggedosis av 6 egg og 2 dl sukker.
Vend forsiktig inn 3 dl kveitemjøl
 og 1 ts bakepulver.
160 grader, nederste rille i ca 40-45 min.
Slå av omnen, men lat kaka stå til avkjøling
inne i omnen.
God helg!
♥

torsdag 21. juni 2012

Sjokoladekake!

Plutseleg sommarver..
Då må ein berre "kaste" seg over høvet!
Blondeduk, grillmat, sommarsko
 og eit aldri så lite kakestykke..
Fleire hadde ynskje om oppskrift på sjokoladekaka i headeren min.
Eg delar!
Denne kan du trygt tilsette krydder i.
Stjerneanis, kanel, nellik etc.
Del den og ha fyll inn i.
Vaniljekrem kan også brukast (heimelaga).
Server gjerne med friske jordbær til.
HER ER SOL OG GLEDE!
♥

fredag 15. juni 2012

Rask middag eller lunsj!
 Heimelaga tomatsuppe
Surr ein lauk og kvitlauk i ei panne
 til det er blankt.
Tilsett 7,5 dl vatn med grønsaksbuljong
og 3 boksar hermetiske tomatar.
Salt, pepar, basilikum.
(Eller krydder etter ynskje)
Kok i ca 10 min.
***
Bruk stavmiksaren.
Ha i 1-2 dl fløte.
Server gjerne med kokt egg og frisk basilikum.
Så raskt, enkelt og så godt!
Bon appetit`
♥

mandag 27. februar 2012

Til helga kansje?

Eg har fått fleire spørsmål om
 oppskrift på ostekake.
Laga ei for nokre dagar sidan.
OSTEKAKE
Lag 1 pk sitrongele av 2 1/2 dl vatn.
♥
1 pk Bixit
100 gram smelta smør

Knuskjeksa i ein plastpose.
Bland kjeks med smelta smør.
Ha i springform (utan botn)
 direkte på kakefatet.

Eg brukar ofte paiform.
♥
3 dl lett rømme
120 gram melis
1 ts vaniljesukker
("ekte", eller frøa av ei vaniljestang)

2 pk ananas/mandarin ost (Tine)
♥
3 dl stivpiska fløte.
Bland ostemasse med kremfløte.
Deretter sitrongeleen (nesten tjukna)

Om du ynskjer gele på toppen passar det
 godt med bringebærsmak.
Lag 2 pk bringebærgele av 6-7 dl vatn.
Eller ha over friske bringebær ved servering.
Denne kaka er frisk og god!
♥♥♥

fredag 7. oktober 2011

Noko godt til helga ♥

Denne boka anbefalar eg på det sterkaste!
Eg har snart prøvd dei fleste
 cupcake oppskriftene, 
og er godt fornøgd med dei alle..
Enkle å følgje og flotte bilder!
☺
Sjølvsagt har vi funne nokre favorittar..
Og Nonstopcupcakes er ein av dei!
Desse er så gode at eg vil
 dele oppskrifta med dykk!
☺
Røre:
4 egg
225 gram romtemperert margarin
190 gram sukker
3 ts bakepulver
1 ts vaniljeekstrakt
200 gram kveitemjøl
200 gram knuste Non stop
Frosting:
150 gram romtemperert margarin
6 ss mjølk
200 gram mørk sjokolade, 
smelta, deretter avkjølt
200 gram Non stop
450 gram melis

Ønskar du kvit frosting må du bruke
 kvit kokesjokolade.
Då står du fritt til å tilsette
 dei fargane du vil!
Denne oppskrifta gir 18 cupcakes.
Slik gjer du:
*Forvarm omnen til 180 grader.
*Sett cupcakeformer i to muffinsbrett.
*Visp egg og sukker luftig.
*Tilset kveitemjøl, bakepulver, 
margarin og vaniljeekstrakt.
*Bland godt med ein miksar i eit par minutt.
*Ha i knuste Non stop.
*Fyll cupcake formene 2/3 fulle.
*Steik midt i omnen i ca 20 minutt.
*Avkjøl dei i 5 min i muffinsbretta og legg dei deretter på ei rist og
 lat dei bli heilt avkjølt.
Frosting:
*Smelt sjokoladen under omrøring i ein liten kjele på svak varme.
*Avkjøl og visp inn margarin og mjølk vekselsvis med melis.
*Visp til frostingen får ein
 fløyelsmjuk konsistens.

Pynt i veg!
♥
Desse fell garantert i smak hos både 
 store og små!
Det er helg og lov å kose seg
 litt ekstra...
♥
 GOD HELG!
♥

lørdag 1. oktober 2011

Oppskrifter...


Fleire ville ha oppskrift på 
gulrot cupcakes og sjokoladekaka.
Her kjem dei!

Gulrot cupcakes
♥
Røre:
1 dl kvitt sukker
1 dl brunt sukker
200 gram margarin
2 egg
1/2 ts salt
2 ts kanel
2 ts bakepulver
2 dl mjølk
6 1/2 dl kveitemjøl
2 1/2 dl valnøter (valfritt)
2 gulrøter, raspa
♥
Frosting:
350 gram philadelphiaost
200 gram margarin
500 gram melis
3 ss vaniljesukker

*Rør margarin og sukker luftig.
*I ein anna bolle blandar du saman kveitemjøl, kanel, salt og bakepulver.
*Tilset egga, eit om gongen.
Visp godt mellom kvar gong.
Hell mjølka i margarin- og sukkerkremen vekselsvis med mjøl og eggeblandinga.
*Rasp gulrøter og hakk avlnøter i små bitar.
*Fyll cupcakeformene 2/3 fulle.
*Steik midt i omnen i 15-20 min.
*Ta dei ut av omnen og avkjøl dei i muffinsbrettet i ca 5 min.
Sett cupcakeane på ei rist til avkjøling.

Frosting:
*Visp saman margarin, ost, melis og vaniljesukker.
*Visp alt i 3-4 min på middels hastigheit.

Pynt etter ♥ lyst og nyt!
(Skikkeleg)sjokoladekake!
♥
Botn:
110 g smør
275 sukker
2 egg
150 g kveitemjøl
5 ss kakao
1/2 ts natron
1 1/2 dl rømme
Sjokoladekrem:
1 dl sterk kaffe
200 g smør
1/2 ts vaniljeessens
3 ss kakao
500 g melis


*Pisk smør og sukker kvitt og luftig.
*Pisk inn egga, eit om gongen.
*Tilset alle dei tørre ingrediensane.
*Pisk inn rømma til slutt.

*Hell røra over i ei godt smurd springform.
*Steikast midt i omnen ved 170 grader
 i ca 40 min.
Avkjøl botnen og skjer den i fire delar.
Eg dobbla oppsrifta pga
 at eg ønskte ei ekstra høg kake! 

*Lag sterk og varm kaffe.
*Legg smøret i ein miksmaster og pisk det forsiktig saman med varm kaffe og vaniljeessens.
*Tilset kakao og melis, pisk saman til ein jevn, glatt og halvstiv krem.

*Legg lagvis botn og krem og pynt etter ønske!
♥
Kaka blir betre og betre etter
 å ha "sett seg" i nokre dagar.
Saftig og god!
♥
I skrivande stund står
 nonstop-cupcakes i omnen.
(Fjortisparty i morgonkveld)

Då kan du sette i gong å bake! 
Det er GØY..
☺
God søndag!
♥