fredag 31. desember 2010

GODT NYTT ÅR ♥


Vi kosar oss i kjøkenet denne morgonen.
Lisje bror bygger
 (ei lita)
togbane på spisebordet og mammen lagar nyttårsfest kaker.


Gode stunder dette.








Pawalova
 og heimelaga is med ein
  pose(knust)
smash sjokolade.
Enkelt og veldig godt!


Vi skal kose oss inne i uveret ilag med familie og vener.

Med nærare full storm ute vert det ikkje fyrt opp raketter frå denne hagen.


Med desse bilda frå kjøkenet ønskar eg og TAKKE alle som er innom bloggen min.
TAKK for alle gode ord!
Dokke inspirerar og gledar meg.


No kjem snart våre gjestar,så eg skal
svinge meg med bordekking og koking!

GODT NYTT ÅR TIL ALLE!

tirsdag 28. desember 2010

Gode dagar ♥


Vi har no komt til
 4.juledag..
(Tida går fort når man har det gøy!)

Her i heimen har vi nytt
 gode og rolege
juledagar.


Med konfekt til frukostkaffien har vi starta dagen godt!


Vi har vore i middags/juleselskap kvar ettermiddag.
 Fridagar med tid til
lesing og brettspel
er luxus!


Eg har drista meg til å lese denne sterke boka Ida`s dans.
Og tårene har fått fritt løp..


Vårt "sjarmerande" juletre har fortsatt nålene på..
Var spent på kor lenge det varte før det ville drysse,då vi tok det frå mange minus og rett inn i ei varm stove.







I går var vi på Øya i selskap.
Så koseleg,god mat,varme og glede.

Mi kjære oldemor Astrid,
er mi gode venninde Ann`s
kjære mormor.

heldige er vi to som har har hatt denne flotte dama i liva våre.
Og heldige er vi som har kvarandre og familiane våre.


Bilda syner varmen denne heimen gir.




Det nærmar seg nyttår.
Og vi får besøk av vår familie frå øya.
Detta blir gøy!





ØNSKAR ALLE GODE ROMJULSDAGAR.

lørdag 25. desember 2010

Den BESTE morgonen ♥


Etter gårsdagen fest,er lufta på ein måte litt ute av oss..
På ein GOD måte!


Sidan lisjejulaftakvelden er den beste kvelden,trur eg at 1.juledagsmorgon er den beste morgonen!
 Lang frukost.
Twist,kaffi,anna godis,leik osv..


Lisje bror fekk plastalin med tilbehør av sine søstre.
Stor stas for alle tre.


Vår lisje ven var ivrig etter å kome seg ned i kjellaren i dagtidleg..
For under treet i stova var der tomt for pakkar!
Då var det vel berre å gå ned og hente fleire?
Hmmmm..
Ikkje lett å vere 2 år og forstå kva dette dreiar seg om!


Det vart MANGE flotte gåver på oss!
Overveldande.

TUSEN TAKK.

Nokre av gåvebanda er nytta godt.


Popcornmaskin er genialt å få!


Og snakk om LYKKE på ein 1.juledagsmorgon!

Ein halden kar dette her..
To store søstre,pledd,popcorn
 og ny Elias film.


Nye pysjar på alle,
Koselege julefilmar på tv,
middag med svigers,
enda meir film til kvelden..
JA!
1.juledag er ein GOD dag!


Eg fekk ei bok som traff mitt..

Den største gleden du kan ha,
er å gjere andre glad!

Med dette sitatet frå boka,

ØNSKAR EG DOKKE GODINGANE ALT GODT!


torsdag 23. desember 2010

Kvelder før kvelden ♥


(Ja,eg veit..Toppstjerna manglar..
Skulle berre spraye den i rett farge først;)

Dette er ein av dei beste kveldane i året.
Heile huset er nyvaska.
Alt som har stått på
  gjere/hugse/kjøpe/fikse-lista,
 er gjordt.
Tradisjonar!
  Spenninga og gleda i augene til barna gjer denne kvelden heilt spesiell!


Treet som husbonden gjekk i skogen å henta er akkuart passa sjarmerande og ein smule "shabby".
Då han kom ned att med treet sa han at det var "litt" spinkelt og at vilde kjøpe eit i staden.

HALLO!
Etter å ha gått i
12 kuldegrader,mørkt og med snø til langt over knea kjem det ikkje på TALE..
Klart vi skal ha dette treet!




I tradisjonen tru har vi i ettermiddag spist risgraut med mandel og marsipangris hos mine foreldre.


Vi er i år velsigna med 
perfekt juleveret.
Vel 12 kuldegrader og snø.


Husbonden står for middagen julafta hos oss.
Eg og jentene er alltid i kyrkja og kjem heim til dekka bord..
(Det dekka bordet har eg sjølvsagt fiksa i forkant..)
Besteforeldre,onkel og julenissen høyrer også med.


Gleda over at jentene ser ut til å vere på bedringens er STOR!




Maaaange bilder frå litt av vår julepynta heim i dette innlegget.


Spisebrikkar i ei gammal kasse.


I kveld MÅ eg stryke kviteduken..
Phu:p
Det er rett og slett ikkje smile arbeid!


Julenissane på bordet er frå
 mi barndomsjul.


Dagen i dag har vore ei lita utfordring for vår lisje ven på
 2 år.
Ettersom han har sin gebursdag 2.desember har han no fått "smaken" på pakkar.
Dei skal sjølvsagt opnast..
Med ein gong!

Hmmmm...

Berre om ein dag,kjære skatt.

Kansje kjem julenissen i løpet av natta?



Dei siste fem åra har
 24.desember
også vore ein vemodeg dag for oss.
Farmor gjekk bort berre 70 år gamal.
Brystkreft!

Etter at ho gjekk bort gjer det ekstra godt å vere i kyrkja denne ettermiddagen.
Før Gudstjenesta går vi alltid til grava hennar med roser og lys.


Med desse bilda ønskar eg å takke for alle gode ord og besøk her 
på bloggen min.


Dokke inspirerar meg og gjer blogging gøy.

GOD JUL!


Lyset er tendt til minne om vår kjære farmor Else.