tirsdag 29. juni 2010

Blå detaljar frå vårt kjøken...


Etter at eg mala lisje brors tripp-trapp stol isblå,har det gått "slag i slag" ☺

Det lisje bildet i hylla er av meg som lærling i farmors kjøken♥


Dette bildet fekk vi i brullaupsgåve og er mala av Grethe Berge,
som er søskenbarnet til mi farmor.


Det har hengt i gangen,men såg plutseleg at det passa så godt på kjøkenet ...


Flaskekassa var grøn..Men,...

Herleg sommarstemning♥


Har blitt nokre innlegg frå vårt kjøken i det siste....
Ei søt Maileg sit i hylla og lurer på kva for ein heim ho skal flytte til! ♥


Klarte ikkje å la vere å kjøpe to ♥ koppar i lyseblått.

FARMORS KRAMBOD har dei ☺

 

Muffinsformene inne i flugeskapet er frå Glassmagasinet..


Blå fillerye frå Europris..




Både mi mamma og eg ønskar å takke for alle gode fine frå dokke gode damene♥

 


Besøksteljaren på bloggen min har bikka 100.000 !!!!
Og 236 herlege personar som følgjer meg!

Dette synest eg er heilt utruleg!

Det hadde eg aldri drøymt om då eg starta bloggen min i september 09!

Men,såååååå gøy da ☺
Og ikkje minst inspirerande!

Eg har ein GIVE AWAY med gåve frå herlege FRYD i Stryn!
Ei søt Maileg ♥
Bloggen til Jannicke som driv FRYD finn du HER.

Eg vil gjerne legge ved ei lita gåve frå meg og!

Eit slikt besøkstal MÅ feirast!

Give awayen finn du HER ☺
På grunn av hektiske dagar vert trekninga flytta til laurdag 3.Juli.



Med desse bilda frå vårt kjøken ønskar eg alle ein fin tysdag♥

mandag 28. juni 2010

Sola skin for mi mamma i dag ♥



I DAG FEIRAR VI MAMMA 53 ÅR

 Du med din smittande latter og gode humør!
 Ei dame det er lett å like.

Stor sans for detaljar og klær!

Omsorgsfull og god♥
Alltid tilstades for dine!

Ei slik mormor skulla alle barn i verda hatt!

DU FORTJENAR ALT GODT!

♥ GRATULERER MED DAGEN,KJÆRE MAMMA!

GLAD I DEG FOR ALLTID!


Prinsessene har plukka vakre lupinar og små søte margerittar i høve din dag♥


Kjekt at så mange vil vere med på Give away☺

Link til høgre oppe på bloggen!

GOD MANDAG♥





søndag 27. juni 2010

Eg feirar funn av ein herleg butikk!


Skal du til Stryn, bør du ta deg ein tur innom denne fantastiske butikken her!
 ♥
FRYD
 ♥
Eg merka den herlege atmosfæra med ein gong!
Ei smilande og kjekk dame med absolutt sans for det lisje ekstra!

Kjole frå My cinnamon girl måtte både eg og mamma ha!


Vi har hatt ei kjempe god helg på hytte i lag med mine foreldre♥
Prinsessene hadde med ei venninde♥

 

Snilde Jannike som driv butikken sponsar ein Give away her på bloggen min!

Ein søt Maileg ♥



Det du må gjere er å legge att eit spor etter deg under innlegget her!
Alle kan deltake ☺

Trekning torsdag 1.Juli!

Det blir 1 lodd på kvar denne gongen..
Du må gjerne linke ☺


 Denne søte muggen og skåla måtte også bli med heim til meg♥
Det er IB Laursen!




FRYD har klær for både mor og barn,interiør og bakevarer frå Lom..
Alt satt saman i skjøn forening♥

Eg er forelska!

Jannike vil etterkvart kome med nettbasert butikk!
Det ser eg fram til,då Stryn er litt langt vekke..



Herlege kjøkenhandukar av Krasilnikoff i fleire lekre fargar og mønster var og i butikken!

Blåe variantar i vårt kjøken!



.....Det gjer eg!


Eg smilar av den kjekke helga vår,funn av ein slik flott butikk,ferie og kos ilag med mine gode barn♥

Hugs Give awayen !


GOD NY VEKE ALLE SAMAN!




torsdag 24. juni 2010

Svunne tider...


Eg tenkjer på alle arbeidstimane  denne maskina har lagt bak seg.....

Ei symaskin etter mi oldemor  syner svunne tider i stova vår♥


Symaskin har fått ny plass..


På dette gamle bordet er det stadig nye stilleben.


 Vakker og velduftande syrin prydar spisebordet vårt♥


Vår jonsokfeiring var kjempe fin♥
Sommaren viste seg også!
Vi hadde ei koseleg stund i lag med gode venner.
Rjomegraut,leikar,hesteridning,
bading,grilling,og bål.


 Bilturen på veg heim var det ein syngande,våt,sandete og trøytt liten venn i baksetet
 som lyste av glede!


Ettersom sommaren berre ville vise seg i går,har vi i kveld tendt lys i stova og kosa oss inne...
Pappsen med sin fotballfeber har vi sendt ned...
 Måtte ha ein fotball fri kveld i stova!
(Spesielt lyden av dei Sør Afrikanske supportarane...)
Høyrest ut som ein stor bi sverm i stor nær fart!
Ingen god lyd i mine øyrer!


Eg er så takknemleg for alle fine ord og kommentarar frå dokke gode damene♥
TUSEN ♥ TAKK

Med desse bilda frå vår stove ønskar eg alle ei flott helg med håp om sol og glede!


tirsdag 22. juni 2010

Sommar inne ♥


Kasse frå Kremmerhuset.


Sommarstemning på kjøkenet iallefall...


Er så glad for desse flaskene frå Nille.
Har også glas i same serie.
Så koseleg å dekke bord både ute og inne med dei..
(Eller kan iallefall tenkje meg at det kan vere kos å dekke ute...)
Har ikkje vore mange anledningar pga fråverande sommarver!
Hmmmmm....
Men,no har eg ferie i 2 mnd,og  skal gripe den første anledninga som byr seg!

Sitronlemonaden (sparkling) er kjøpt hos
Tante Brun,og står klar til ein varm dag!


Fortsatt berre inne bilder...

Ingenting spennande ute her ifrå!
Vi ruskar i hagen,
og gledar oss over at det nærmar seg tid for NYE vindu ☺


Min flinke bror lånte kjøkenet mitt i går og diska opp med kjempe god Thai mat til oss ☺
Veldig koseleg♥

Vår lisje arbeidskar nytta straks høvet medan mammsen rydda bordet, og snudde ryggen til eit lite øyeblikk...

For når nesten alt var vekke frå bordet,vart det lett å oppdage noko av livets goder♥

Kjapt opp på bordet!

IS er det beste!




(ja,eg veit...Den gule isboksa er ikkje fin på bordet!...Men,sååå godt å sleppe seg laus av og til! Hehe;)

Eg ØNSKAR ALLE EI FLOTT
JONSOK FEIRING ♥

Reknar med at alle har med kamera,
og at det blir masse fin feiring å sjå i "blogglandia"..
Gledar meg ☺



mandag 21. juni 2010

UTFORDRING ☺


Eg fekk ei utfordring av Mona med den flotte bloggen

 Skrive 6 positive ting om meg sjølv og vise eit bilde av meg som eg er fornøgd med!
Hmmmmm....Eg er ikkje særleg fotogen!
Likar meg best bak kameraet...

Eg fann dette vanskeleg,så prinsessene fekk oppgåva!
(bildet er frå i fjor vår)


Eg skal også gi utfordringa vidare til 6 andre.


6 positive ting:
1.Glad
2.Pliktoppfyllande
3.Sosial
4.Likar så godt å gjere andre glade
5.Flirar mykje
6.Tek vare på minner


Eg gir utfordringa vidare til:










Prinsessa (og mammaen)TAKKAR varmt for så mange gode ord og kommentarar i prinsesse innlegget♥
Ho synest det var koseleg at så mange likte rommet hennar ☺

GOD MANDAGSKVELD OG EIN KJEKK TYSDAG TIL ALLE SAMAN ♥