søndag 15. april 2012

Det ser ut til at det blir
bloggpause ei stund.
Det er mykje "baller i lufta" om dagen.
Konfirmasjonen til dottera er
også like om hjørnet.
Spennande og ein smule skummelt!
Men, bloggtrangen kan plutseleg dukke opp!
Tusen takk 
for alle fine ord og helsingar.

onsdag 11. april 2012

Kvardag igjen..
Har ei stund sett etter oppvaskstativ,
 og pris har vore så ymse..
Ålens har til kjekk pris, 170 kroner.
GOD TORSDAG!

torsdag 5. april 2012

Eit gult påske-innlegg!
Hadde med gulrot cupcakes på besøk i dag!
Pynta med gul farge frå Wilton.
♥♥♥
Gult som kontrast er ikkje så værst.
Og sidan sola ikkje vil skine
 for mykje på oss, 
kan det kansje hjelpe med gul farge inne..
Gul glede på ved "blogg" plassen!
Og nyte det søte liv..
♥♥♥

onsdag 4. april 2012

Ei rekke...

Vakna med eit dunk i natt..
Ein sko på golvet!
Bilderame/knaggrekke er komt
 oppatt på veggen.
(Har vore "utvist" ei stund)
 Bilda som var inn i er bytta ut.
Ei salig blanding av gammalt, nytt,
 ubrukt, lite brukt og godt brukt!
NYT KVELDEN!
♥♥♥

mandag 2. april 2012

Har pimpa ei korg frå Kid.
Høver seg no fint som lampe!
Ei skuleoppskrift av marmorkake
 har også blitt pimpa..
Litt ekstra snadder i røra og 
ein sjokoladesaus/krem med stjerneanis over!
Fridagar ilag med familie og gode venner
♥♥♥