FLOTT AWARD MED UTFORDRING ♥
Eg har vore så heldig å motta denne awarden av to flotte damer!
Monica med Det lille ekstra.
Eg set stor pris på deg♥
Innlegga dine er alltid inspirerande..Enten det er mat,handarbeid,oppussing så formidlar du det så utruleg vakkert med både bilde og tekst!
Likar så godt din romantiske og lyse interiørstil.
Du er ei glad dame det er lett å bli glad i♥
Eva Maria med Velkommen til Fjøra.
Eva er forholdsvis fersk bloggar.
Veldig morsomt at ho faktisk bor vegg i vegg med min farfar..
Ho har seldt hus og hage og kjøpt leilighet der det enkle rår..
Men,har i tillegg eit fantastisk koseleg hus ved fjøra der blonden og alle detaljane rår!
Kjempe flott blogg du bør besøke..
Tusen takk begge to ♥
Utfordringa går ut på å fortelje 7 ting om meg sjølv,eller 7 ting eg ønskar meg..Sidan den lista er veeeeldig lang,velger eg det første!
Så skal eg legge ut eit bilde av meg sjølv!
Eg har fått liknande utfordringar nokre gongar før..
Men,alltid kjekt å bli satt pris på med både utfordringar og awardar!
1.
Eg er veldig heimekjær.
2.
Er ein nastolgikar...
Møblar og ting som vi har arva frå oldeforeldre/besteforeldre betyr mykje for meg.
Ting som har levd og har historie.
3.
Er glad i å lage mat..
Sida det blei med større mengder jorbær frå butikken i går,måtte det bakast litt i dag ☺
Resten er blitt til jordbærsylte
♥
4.
Kjedar meg ALDRI..
Har alltid noko å styre med,å slik likar eg det!
Etter eg oppdaga "blogglandia" er det iallefall ikkje grunn til å ha det kjedelig..
Så har eg som regel eit prosjekt eller fleire på gong.
Og med tre kjekke barn i ulike aldrar (1 1/2,snart 10 og 13)er dagane varierte og spennande og
alt anna enn kjedelige!
5.
Vi kjøpte huset vårt for to år sida,og har pussa opp det meste.
Nytt kjøken,bad,tak,vindu,nokre gulv,mala,tapetsert,flislagt,nye rominndelingar osv...
Stova er no nesten slik vi vil ha den..Berre nytt gulv som står att!
Dette brune golvet skal bli ei fryd å få bytta til lyst.
Og påbygg med ny (tv)stove blir starta på i haust.
6.
Har veggord i dei fleste rom..
Likar dei så godt ♥
7.
Det siste året har eg blitt veldig glad i den franske landstilen.
Så var det bildet av meg..
Frå 17.Mai.
Så skal eg gi utfordringa til 7 andre bloggvenner!
Datt ☺
Draumesidene ☺
Svingens lille hus ☺
Anitas små hverdagsfundringer ☺
Simones country home ☺
Minishabby ☺
Hannes dagbok ☺
GOD ONSDAGSKVELD ALLE SAMAN ♥