søndag 28. februar 2010

KID HAR DET ♥♥♥




Kid i Ulsteinvik har utvida butikken sin.
Dei feira det med 40%på alle varer!
JUHUUUUUUU☺
Dette måtte eg sjølvsagt ha med meg☺
Mykje større  og då meir varer..
Eg synest at Kid har mange kjekke ting til kjekke prisar ☺
Kjøpte denne rama til bilder(ja,eg veit dei har hatt den før..Men,eg rakk ikkje tak i den..)

Ny pute (passa så godt i kose/lese sofaen)og korger...
Lisje bror fekk ei stor korg til leikene som står i stua..
Og ei til tjukkelestane i gangen..
(ja,for her er det fortsatt vinter)
 Kjekke mormora mi har strikka nye lilla lesta til oss☺
TUSEN TAKK♥


Dei hadde og kjempe fine rullopp gardiner i blå,beige og raudruta med dette monogrammet på!
Sååå fine!


Likar så godt denne duse gråfargen på korgene.


Sidan det fortsatt er veldig vinter ute,heng mamma`s skøyter og kåpe på veggen i gangen..

Ein ny duk frå Kid til kjøkenbordet blei og med heim..


Krokusar i ei gammal suppeterrine på kjøkenbordet og kaffe frå rosekoppar hjelper på psyka i desse harde vintertider♥

Litt bilder frå litt av kjøkenet i dagtidleg








Mange har spørt meg korleis eg klarer ha så mykje ståande i 1 åringens høgd...
Hmmmm ja...Eg er vel meget sta!
Han vil flytte på og eg flyttar tilbake!
Det er sjølvsagt alltid spennande når eg har sett fram noko nytt eller ting flyttar plass..
Men,eg har hatt det slik heile tida,så han er van med att det er slik!
Mykje har blitt knust og litt "herpa"(det er no tross alt ein bror;)men, sjølvsagt står ikkje det eg er mest redd for i hans høgd...

Eg berre Må ha det slik!

Nååå nååå!!!...Mamma sin pynt!
Det blir vel sagt ein god del gongar i heimen her i løpet av dagen!

Sånn er det berre!
☺☺☺

TUSEN TAKK FOR ALLE KOSELEGE HELSINGANE FRÅ ALLE DOKKE HERLEGE DAMENE♥


EG VIL ØNSKE ALLE EIN GOD SØNDAG
♥♥♥



torsdag 25. februar 2010

Ein herleg start på dagen ♥







Lisje bror stortrivast i lag med alle prinsessene ☺




Ute er det fortsatt kaldt!
Så vi får berre fortsette å fyre og kose oss inne♥



I går kosa vi oss stort med kjekt besøk og god mat♥
 Heimelaga pestopizza og blåbærmuffins!



BLÅBÆRMUFFINS

3 egg  
3 dl sukker (eggedosis)

170 gram margarin (smelta)
2 ts bakepulver
4 1/2 dl kveitemjøl

Du kan bruke bær,frukt,rabarbra,sjokolade etc...

Først røre,ei spiseskjei (blå)bær og ein "dæsj" med vaniljekrem...

Steik på 220 grader i ca 12-15 minutt.
Midt i ovnen.

Nok til 12 store muffins


Kjøpte dette etasjefatet på Farmors krambod...
Veit ikkje heilt kvar det skal stå...Eller kva eg skal ha i det....Hmmmm...Har vel ein god del i denne sjangeren etter kvart...
Endte på kjøkenbenken...For no iallefall..


Eg var så heldig å få ein award av RUTHSDATTER ♥
Kjempe kjekt☺Tusen takk♥


Eg skal skrive 10 ting som gjer meg GLAD

☺Barna mine og mannen min
☺God mat
☺Kaffe
☺Når nokon har tømt oppvaskmaskina utan at eg har spørt nokon
☺Mora og faren min
☺Shopping(ja,eg veit at eg er materialistisk)
☺Trening
☺Å lese bøker
☺Å sjå nokon flire
☺Blogging med all inspirasjonen og gode damene som finst her i blogglandia 

♥♥♥


Eg ønskar å gi denne awarden vidare til tre damer som eg er ofte innom☺




No er det straks tid for trim

Ønskar alle ein god torsdagskveld

♥♥♥


tirsdag 23. februar 2010


Her er påske egga som eg produserte i går kveld..
Var rett kjekt å lage egg☺

Berre måtte kjøpe litt blomster i dag..Sol,blå himmel og blomster i stua er god terapi  i denne kulda..
Leeengtar sååå etter våren!

Farmor`s gamle strikkekorg med ny hortensia

♥♥♥



Sjekk solstrålane da!
HERLEG♥




I morga ettermiddag kjeme feriegjestane vår ☺
Pappsen og prinsessene skal i slalombakken først.
Eg,mamma og lisje bror skal vere heime og stelle i stand god mat ♥ 




Bildet er av min mann`s besteforeldre..
 Bildet talar for seg
♥♥♥


Ønskar å takke alle for sååååå hyggelege helsingar ♥
Ser at fleire nye har lagt seg som følgarar av bloggen min dei siste dagane☺
Kjempe koseleg!

Eg har vore så heldig og få to awardar♥
Tusen takk  MARION  & HEGE ♥
Dette både GLEDAR og VARMAR ♥


Eg vil gi den vidare til alle som ser innom bloggen min ♥



mandag 22. februar 2010

GODE LISJE ROTEKOPPEN VÅR ♥


Eit minutt for seg sjølv er alt lisje broren treng!



Han veit akkurat kar den skal ...Hmmmmm....


Å du gode lisje rotekoppen vår


 Prinsessebadet er nyvaska og klart til feriegjestane!


Då er det straks tid for baking.
Eg har blitt så inspirert av alle flotte egga som er rundt om i blogglandia..
Kjøpte litt "ingrediensar"til eggeverkstad ☺


Ønskar alle ein kjekke mandag vidare ♥

♥♥♥


søndag 21. februar 2010

"BRUKTHØNER" OG VINTERFERIE ☺


Kjøpte desse fire hønepønene(eggeglas) på bruktbutikken i går..
Og dette kaffeserviset blei og med heim til oss☺
Kansje ikkje av det gamlaste,men absolutt etter min smak, med rosa roser.


På spise/lekse bordet i prinsessestua fanga eg i dagtidleg herleg lys..


Denne komande veka er det vinterferie
Då blir bordet brukt til koselege stunder med mat,speling og litt kreative sysslar.
Vi får feriegjest frå Valderøya og GLEDAR oss STORT☺☺



I skrivandes stund sit eg ilag med mine to prinsesser i denne koseleg stua deira..
Musikk,blogging,lesing,seigemenn og masse stearinlys♥♥

Eg og største prinsessa les fortida Twilight sagaen..
Faktisk er vi heilt fortapt i denne serien begge to,hehe

Å sovne til desse bilda kan vel gi spennande draumar?


Den første filmen går stadig i reprise her i prinsessestua☺
Kansje i kveld og?


Eg har prioritert mindre bloggen i det siste..
Har vore litt innom andre bloggar og kosa meg og snusa inn masse herleg inspirasjon☺
Ellers har det gått i full rulle med familiesysslar♥


Pappsen tok med prinsessene i skitrekk i dag.
Eg og lisje bror har vore ute på trilletur med mormor og morfar☺
Snilde mora mi velsigna oss med god middag og dessert.
Tusen takk,mamma og pappa♥
Vi er så takknemleg for alt dykk gjer for oss♥



Knipsa eit bilde på veg opp trappa i føremiddag..
Og på skiltet står det: Live wellLaugh oftenLove much

Hugs desse orda☺

Ønskar alle ei god ny veke
&
God ferie til alle som har det

♥♥♥

♥♥♥








onsdag 17. februar 2010

HEI ALLE SAMAN ♥


Morgonsol i kjøkenet


Her i heimen er det for tida ein smule hektisk..Dagane går i eitt og sååå altfor fort..
Blogging blir ikkje øverst på" må gjere lista"..


Nokre kloke ord på tavla som største prinsessa har notert ned til oss


Har kjøpt perleblomster..Synest dei er så vakre og minner om våren som nærmar seg..
(trur eg... Det er maaasse snøv og gradstokken viste 7 kuldegrader i dagtidleg)
Sikkert derfor eg kjøpte ny vedkorg på Kid i dag....

Veret er heilt spesielt..Kjempe fine dagar med sol..Men,eg er berre SÅ klar for "vårsko på tørr asvalt" følelsen!



Hmmm.Eg har liggande litt malingsarbeid i kjellaren,men det vert aldri tid til overs i desse dagar!
Er litt tom for noko å blogge om..Blir litt like desse bilda ser eg...
Neste veke er det vinterferie:)
Då har eg trua på at eg skal svinge meg med malarkosten att:)



Ja!Eg berre måtte ta bilde av madonnaen min ♥



I dag har eg hatt fri og kosa meg ilag med lisje Olav♥
Han er ein festeleg liten venn:)
Å følgje han ein dag er ein opplevelse i seg sjølv..Vi er så heldige som har desse skattane i livet vårt♥


 Vinterferien skal vi nyte heime:)
Vi får overnattingsbesøk frå Valderøya,
god mat,besøk,og god tid står høgt i kurs!
♥ ♥ ♥



Med desse bilda ønskar eg alle ein god kveld og ein kjekke torsdag♥

Tusen takk for alle vakre ord frå dokke flotte damene:)

Dokke er så gode