lørdag 29. januar 2011

Bilderas frå stova..


Ei hylle er teken ned..
Og dette fører til domino av mykje..


Farmors strikkekorg fungerar akkurat no blomster"krukke"..


Bildet av mi kjære oldemor Astrid er ofte med i innlegga mine.
Grunnen er enkel..
Det er berre så
 VAKKERT,
og eg er så
GLAD
i det.




Trur ikkje eg har hatt duk på bordet sidan lisje bror si kvardags syssel var
 å drage den av.


Stryking er tolmodsarbeid..
Og som du ser ligg det ikkje heilt for meg.

Kun til fest;)









ØNSKAR ALLE EI GOD HELG VIDARE!
♥ 

fredag 28. januar 2011

Interiørglede ♥


Eg vil starte med å TAKKE for alle besøk og gode ord.

Alle nye følgjarar
 ervelkomne!

Det har vore lite blogg denne veka,eg har knappast vore innom sidan tysdag.

I mitt hovud er det
 mykje interiør,sjølv om tida til å gjennomføre alt ikkje
alltid strekk til.
Og for ikkje å
"øydelegge"min kjære, 
eg halde trongen nede
 av og til..


Eg har tross alt fått JA til å male trappa,
 og ein benk av oldemorsenga er under planlegging!

Husbonden er stadig på jobbreis.
Tre skattar,jobb,lekser
osv fyller vekene.


Dette har vore ei slik veke..

Og i går meldte behovet for litt "Astrid tid" seg,
egentleg ganske brått!

Hyller vart skrudd ned,noko som i seg sjølv medfører domino av pynteting..

Lisje bror var ikkje sein om å leite fram verktøyet sitt,og husbonden hadde plutseleg "ikkje" noko valg..

Eit gammalt vindu fekk
 skruar og oppheng,
og er no bilderame.

SMILER


Med "NY" stove og soverom,utan å bruke pengar..
(Nesten)
For roser og nokre grøne planter
  til!
Det er tross alt helg,og vi skal vere heime.




Interiør er til
 STOR GLEDE,
 for meg!

Og eg berre ha det..
Både INTERIØR og GLEDE!

Og av glede kjem overskudd.


GOD FREDAGSKVELD!

tirsdag 25. januar 2011

Solskin i stova♥


Eg delar GLEDA mi over
 solstrålar som endeleg når
 inn i stova!


GLAD at alle dei ulike hybelkaninrasane ikkje skremde meg!


Når lisje bror forstår det er fridagen,er spørsmålet.."Bake bollar mamma?"

Det vart bollebakst!
(Vifekk heldigvis besøk,som hjalp
 oss å spise dei..)


Takk for kjempekoseleg besøk, Renate!
Du gjorde meg GLAD.

Håpar du kjem snart igjen.

Det same til mamma,pappa,mormor
 og tante.
♥ 


Desse orda er SÅ sanne!


TUSEN TAKK FOR ALLE GODE ORD,
SOM GLEDAR MEG.

søndag 23. januar 2011

Frå seng til benk!


I desse dagar har
  "slagbenk"
vore eit aldri så lite tema i heimen..

Og siste
 Jeanne`D Arc Living
er derfor meir som ei
 "åpenbaring" for meg!


FANTASTISKE JDL!

Vi har liggande demontert dobbelseng etter mine oldeforeldre.

på grunn av plassmangel er ikkje denne senga i bruk.


Eg hadde sett meg ut ein lekker benk i ein interiørbutikk..
Men,dette var så sjarmerande,vakkert og genialt.

Gjenbruk av ypperste klasse!

Heldige meg som både har ei slik seng,ein flink husbonde og ein liten handy Manny,
som vil trylle fram ein slik benk til meg!
(Sjølvsagt etter gjennomgang av alle
 slags overtalelsesmetodar og fordelar
 ved ein slik benk og ..)

♥GLEDE♥




Sidan vi først skal i gong med måling av trappa,
må benken vente til etter dette.

Og det skal (utolmodige) meg klare å halde ut!


ØNSKAR ALLE
 EI STRÅLANDE
NY VEKE!

fredag 21. januar 2011

Impulskontroll i ubalanse...Igjen...


Impulskontrollen min var med eitt ute av seg her ein kveld...

Hege med  Cute N Cool House  viste dei lekraste nyheiter i butikken sin på Face b..

Dette "leggsaman" bordet
 berre MÅTTE eg ha!

Eg og fleire til..

Hege med sin utsøkte service bestillte inn fleire..
Som ho sjølv sa:
 "Alle skal få" !
Bord altså..




Eit par gamle sko har fått eit strøk kvitmaling,nye reimar og blonder.




 GOD HELG
ØNSKAST TIL ALLE!

torsdag 20. januar 2011


Har "pimpa" eit skap..
Delt ein løpar i to og festa med limpistolen..

Bloggeplassen min!

(Når eg ikkje sit med dataen på fanget i sofaen;)


Fillerya på golvet har mi mormor laga for mange år sidan.

Den gamle "Pleddkorga" er bruktfunn.
Og blomsterpottene er etter
 oldemor Astrid.


TUSEN TAKK
for alle fine ord og helsingar.
Dokke er GODE!

VELKOMEN
til alle nye følgjarar!


...DET ER (snart) HELG!

onsdag 19. januar 2011

Heimedagar med kjøken"tjeneste"..


Desse dagane har eg hatt føre meg halve arbeidsdagar.

Ein sjuk liten bror..


Og med litt heimetid,kan det lett bli små justeringar..

Nok berre å snu kjøkenøya,så har vi det!
(Heilt til neste gong;)

 









 Vi har nytta dei
 "kvikke" øyeblikka 
med litt
 kjøken"tjeneste".

Å gjere kjekke ting kan gjere ein fortare frisk?

Verdt forsøket iallefall!

 Så er det stor glede for søstrene og kome att frå skule til 
 nysteikte sveler!


Lisje bror elskar å ha kjøken"tjeneste"!


Men,sjølvsagt kan det vere slitsomt...
Og absolutt på sin plass med ein liten blund..
Må berre nemne at denne jakka insisterar han på å ha på..
"Fine mamma",seier han!

(den heng til pynt på soveromsveggen)


Samtidig som mammaen
 nyter synet av
 sin skatt,svele og kaffi.
 Det Gode Liv!


Ønskar alle ein
 god torsdag!