Kunne ikkje gå i frå desse to..
Glaskrukka med sukker og sinkboksa med mjøl.
Kjenner at fargevalet har gjordt godt!
Ein farge som gir ro..
Bilderas:
Korga var helder ikkje lett å gå i frå..
Den romar no kjøkenhandukar.
♥
♥
♥
♥
Dagen i dag har vore av dei gode.
Innandørs!
Husvask,sortering av klær
og tjeneste i vaskeromet.
Har laga is,wienerbrød og ♥ kake til kaffien.
(feiring av husbonden,
som fyller år om få dagar)
No står grovbrøda i omnen,
og eg nyttar tida godt..
Til BLOGGING!
☺
Ingen trimtur ute,men der ligg vel litt trim i ein effektiv "hus-syssel" dag inne?..
♥
MARMORKAKE
♥
150 g margarin
2 dl sukker
3 egg
1 1/2 dl mjølk
4 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
2ss kakao
Eg har også ca 1 ts malt stjerneanis i røra.
Stjerneanis får du på apoteket.
Litt dyrt,men SÅ verdt kronene.
Heimelaga sjokoladesaus
med stjerneanis i,
er kjempe godt til vaniljeis!
(heimelaga is,sjølvsagt;)
Pisk eggedosis av egg og sukker.
Tilset smelta smør og resten av ingrediensane .
Bland godt.
Fyll den kvite delen av
røra i forma,
og hell den mørke over.
Rill mønster med ein gaffel.
180 grader i ca 35 min på nederste rille.
Er god kald,
men også
lunka saman med vaniljeis.
♥
Veggteksta var svart.
Eg har malt over den med blått,
tok den deretter vekk,
og farga den oppatt med ein kvit tusj.
♥
♥
♥
Håpar DIN søndag og`
har vore GOD!
♥
Så ønskar eg ALLE
ei GOD ny veke!
♥