onsdag 27. februar 2013

Dagen i dag..

                    
Våren kommer en gang i året, og vi ønsker den velkommen.
Dagen kommer en gang i døgnet,
men vi tar den som en selvfølge.
Margit Sandsmark
 
Ynskjer deg ein strålande dag!
Helsing Astrid

søndag 24. februar 2013

Med sol og nydeleg ver denne helga,
fekk eg lyst å bake cupcakes igjen.
Familiemiddag i "mormorhuset" med pastellar til dessert.
I blandt er det lov å kose seg litt ekstra!
Har brukt gulrotkake oppskrift
 med ein "dæsj" stjerneanis.
Ostekrem av Tine naturell ost, melis, smør, vaniljestang.
Former frå Ålens`.
Eg har fått fleire spørsmål om kjøkenøya er ny eller gammal?
Den er eit gammalt skulekateter, frå skulen eg jobbar.
Husbonden har gjordt nokre justeringar,
 og sjølvsat med ny farge.
Er veldig fornøgd med denne, praktisk, romar mykje og er fin.
Eg likar interiør som har historie,
 og vonar denne "øya" mi har sine!
Ynskjer alle ei fin ny veke!
Helsing Astrid
 

lørdag 23. februar 2013

Har måla kjøkenveggane.
Frå grått til lyst
med ein liten "smak" av grønt.
Før grått, var veggane is blå.
Men eg trivast best med pastellar i kjøkenet.
Det er vanskeleg å få "fanga" det grøne med kameraet..
Så er det kjekkare å male enn å vaske ned!
Ynskjer alle nye fylgjarar hjarteleg velkomne!
 
Beste helsing Astrid

fredag 22. februar 2013

GOD FREDAG!
 

tirsdag 19. februar 2013

Solstrålar som når kjøkenet i 16 tida
 er til å glede seg over!
Det meste går lettare i dagslys..
Synest no eg i vertfall!
God tysdagskveld!
 

søndag 17. februar 2013

Kunne ikkje dy meg..
Egget står så fint til perleblomane.
Det vakre egget fekk eg for nokre år sidan av ei
 snild og kreativ dame, Sylvia.
 Besøk bloggen hennar, hjemmebest og lat deg inspirere.
Atter fleire bileter frå spisestova..
Det vart ny header av bileta,
 då eg synest dei passar til tida vi no har framfor oss
Ei fin tid.
Det lysnar og livnar!
 

fredag 15. februar 2013

Det er duka for helg..
Heimen er langt frå nyvaska.
Men, dog så godt det er fordi om!
Ynskjer deg god helg!
Helsing Astrid