Denne boka anbefalar eg på det sterkaste!
Eg har snart prøvd dei fleste
cupcake oppskriftene,
og er godt fornøgd med dei alle..
Enkle å følgje og flotte bilder!
☺
Sjølvsagt har vi funne nokre favorittar..
Og Nonstopcupcakes er ein av dei!
Desse er så gode at eg vil
dele oppskrifta med dykk!
☺
Røre:
4 egg
225 gram romtemperert margarin
190 gram sukker
3 ts bakepulver
1 ts vaniljeekstrakt
200 gram kveitemjøl
200 gram knuste Non stop
Frosting:
150 gram romtemperert margarin
6 ss mjølk
200 gram mørk sjokolade,
smelta, deretter avkjølt
200 gram Non stop
450 gram melis
Ønskar du kvit frosting må du bruke
kvit kokesjokolade.
Då står du fritt til å tilsette
dei fargane du vil!
Denne oppskrifta gir 18 cupcakes.
Slik gjer du:
*Forvarm omnen til 180 grader.
*Sett cupcakeformer i to muffinsbrett.
*Visp egg og sukker luftig.
*Tilset kveitemjøl, bakepulver,
margarin og vaniljeekstrakt.
*Bland godt med ein miksar i eit par minutt.
*Ha i knuste Non stop.
*Fyll cupcake formene 2/3 fulle.
*Steik midt i omnen i ca 20 minutt.
*Avkjøl dei i 5 min i muffinsbretta og legg dei deretter på ei rist og
lat dei bli heilt avkjølt.
Frosting:
*Smelt sjokoladen under omrøring i ein liten kjele på svak varme.
*Avkjøl og visp inn margarin og mjølk vekselsvis med melis.
*Visp til frostingen får ein
fløyelsmjuk konsistens.
Pynt i veg!
♥
Desse fell garantert i smak hos både
store og små!
Det er helg og lov å kose seg
litt ekstra...
♥
GOD HELG!
♥