Med bulder og brak kom i natt
Tor med hammaren..
Regnet og skodda er no tilbake att!
Eitt å gjere:
Bruktbutikk,
besøk av blir alltid glad butikkar
og kafe ilag med kjekke damer!
I dag vart det smile handel på bruktbutikken.
( Hadde ikkje vore innom der
om sola var her;p )
Gamle note bøker, filleryer, skåler, bedekort og ei gammal fantastisk lekker skrivemaskin!
(Skal få sjå;)
Etter denne stunda fekk eg lyst heim og tende Levande lys,
invitere kjær familie på pizza ..
♥
Og slik vart det!
☺
Nye kloggar til 50 %.
Kjøpte slike i fjor i rosa og
har rett og slett "brukt dei opp"!
Herlege Bizarre har no 50-70 % på omtrent alt av klær i butikken.
Eg har sikra meg godbitar frå Spicy Vanilla..
Eg må berre dele ein utruleg koseleg
og fin kommentar
frå ein anonym lesar.
♥
Anonym sa...
Det skal ikkje meir enn ein dag med opphaldsver til før ein sunnmøring er eurorisk av glede! Så kjekt å sjå!
Her har dei litt å lære dei i meir austlege strok av landet, som surmuler og klagar høglytt for kvar regnbyge mellom mai og september.