På ein vegg i soveromet heng det plagg
som eg synest egnar seg til pynt,
når dei ikkje er i bruk!
Dei Sølvglitrande hanskane er gamle,
Og er etter oldemor Astrid.
Dei gamle møblane her inne
er også etter ho.
♥
♥
♥
♥
Den tilhøyrande senga skal etter planen
bli til slagbenk.
Men, prosjekta var for mange i heimen denne vinteren.
Og no går det i påbygg!
♥
Soveromet har vore posta i bloggen
x-antal gongar tidlegare..
Det har i det siste blitt mykje innlegg med bilder frå spiseplassen og om mat.
(Vanskeleg å unngå sidan det er min favorittstad i heimen, pluss at eg er vel over middels glad i å lage mat!)
Og ute er det ikkje råd å få til fine bilder..
Der er det berre
REGN!
I og med at her var nyvaska,
vart det soveromsinnlegg i dag.
☺
Sølvspeilet og børstesettet
er gravert med Astrid..
Heldige meg!
♥
♥
♥
♥
GOD NY VEKE!
♥