onsdag 22. desember 2010

Nå har vaska gølvet...


Og vi har børi ved...


Jøu då!
Vi har fått det meste i boks..
Sjølv om oppkast og feber har råda i heimen!
(Det vart ikkje juleball på store pia)



Dette trur eg vere årets spysjuke sveis?..

Og ei utfordring til frisøren i morga.


På stovebordet prydar
 ei vakker raud rose,som eg fekk av rektoren min.
(verdens beste rektor forresten)


I kveld har eg laga iskake til julafta,litt konfekt,
pakka julegåver og pynta vårt sjarmerande
juletre.
Som lukta godt!


Ønskar alle ei
flott lisjejulaft!

søndag 19. desember 2010

Sjarmerande juletre..


Då var det 4.lyset tendt..

Lurer berre litt på kva som skjedde med adventstida?

Den har gått fort!


I morga har eg min siste dag før ferien.
(fridag tysdag)

I kjellaren ligg ei sjuk prinsesse..
Ei trist ei faktisk..
FOR i morga er det JULEBALL på ungdomsskulen..
HALLO!
Dette har ho gleda seg til i lang tid..

Mamma har det helder ikkje godt i kveld!

Det er berre å krysse fingrane og håpe på at ho er i form att til i morga.

Bilder frå tv delen av stova vår..


Bildet på hylla er av mi kjære oldemor Astrid.
Den brune puta i sofaen
er etter ho.

Så lenge eg kan hugse hadde ho den i telefonstolen sin.


 Bak JULEFRYD heng forkledet til min første bunad.
Jentene våre brukte også denne då dei var små.






Med altfor mykje snøv i skogen og ei sjuk prinsesse,vart det ikkje juletre-jakt på oss i dag!
Aniskringlene spiste vi inne ilag med besteforeldre,og ein aldri så liten tur innom nokre butikkar vart det alikavel..
(Vi MÅTTE no ha paracet..)

 



Husbonden og ein anna husbonde tok oppdraget no i kveld..
Litt spinkelt seier min gode..
Hmmmm..
Eg er så "nærvøs" at eg ikkje har tørt meg ned i garasja for å sjå!
Eller er det dei
12 kuldegradene som held meg att?


Men,glade er vi for att dei tok turen oppover i 12 kuldegrader og snøv til vel over knea.

Treet er sikkert sjarmerande spinkelt.


Eg ønskar nye følgjarar
  velkomne.


GODE FØRJULSDAGAR TIL ALLE!

lørdag 18. desember 2010


Etter å ha flytta på sinkbrettet, (som har hatt plass på
kjøkenbordet i lang tid)
er det no fleire ting som har fått nye plassar..
Har litt slik dominoeffekt dette..


Heldige er vi som har slik julestemning ute.

Fuglane har spist opp maten som vi laga av delfiafett og frø..
Men,eg har kjøpt fuglenek hos
Mester Grønn.
Det er så koseleg å sjå på dei der ute i treet.


Medan mammsen har sitt rare føre med å take bilde av ting i heimen,tek vår lisje handy seg ei ykt med snekkararbeid..
I dagtidleg var det tripp-trapp stolen og mamma`s bord som  trengte ei oppgradering!




Dagen har blitt brukt i kjøpesenter..PHU!
Akkuart dette er det minst koselege eg veit i desse førjulsdagar..
Leiting etter parkering,laaange køer,varme klær (inne) og lite interiør butikkar...
Men,no er det
iallefall gjordt!


Og i morga står vi føre ein roleg god dag..
Vi skal ut i snøven med akebrett, på leit etter
JULETRE.
 Med ferske aniskringler og kakao i sekken skal vi
NYTE!


GOD LAURDAGSKVELD
OG
4.SØNDAG I ADVENT
ØNSKAST TIL ALLE!

fredag 17. desember 2010


For eit fantastisk vinterland vi har ute!
Med snart ein meter snø
og -10 manglar det ikkje på julestemning.


Merkeleg kor fort veret snur...
onsdag ettermiddag var det
 6 grader,vind og regn.
Torsdagsmorgon vakna vi altså til vinter.
FANTASTISK,
og akkurat i tide!


Dyrbar og kjær julepynt!


Det går dagar mellom kvart innlegg..


I dag har vi hatt fri..

Medan lisje bror kosa seg med Handy Manny på tv,kosa mammsen seg med hussyssler og kaffi.
Gjennom morgonen fekk ting nye plassar,eit jenterom blitt julerydda og hybelkaninene som har budd i stova siste vekene er no endeleg vekke! 




Med desse bilda frå heimen vår ønskar eg alle ein kos fredagskveld og ein god laurdag!


tirsdag 14. desember 2010

Eit livsteikn frå meg...


Ein liten tur innom bloggen på fridagen..

Lisje bror søv,men eg ventar i kvart augeblikk på at han gir lyd frå seg.

Då er det julegåvehandel på agendaen!


Ikkje mykje å blogge om i desse dagar..
Hybelkaniner og visne svibelar er ikkje favoritt motivet.

Det går i julejulejul!!!

Avslutningar,julespel osb..

 

Det er nok akkurat slik denne del av desember skal vere..

Og vi nyter
"stresset"!


Ønskeliste
Jesusbarnet
Hybelkaniner
"Nisse på ville veier"
Julekaker
Unge Fleksnes
Trøtte morgonar
Månetoppen
Gløgg
Hemmelegheiter
Glede


GOD NY VEKE!

fredag 10. desember 2010

"Bloggkråa"...


Eit nytt bilde som mamma har laga til oss prydar veggen ved dataplassen i stova.

Nydeleg julebilde.


Den lisje Sia nissen har blitt lisje bror sin gode ven.

Han har tydeleg fått augene opp for jula..

 Inne på Nille i går stoppa han brått ved julekrybba..
Slik MÅTTE han ha!
For i barnehagen har dei ei slik..

No står ei julekrybbe i stova i lisje brors høgd..
Og han har full kontroll på kven som er kven.
Men,det eg ikkje forstår er kvifor han heile tida plasserar alle utanfor stallen?

Heldige er vi som får vere vitne til slike funurlegheiter.







Her om dagen fann eg ei krone der minnebrikken skal vere i dataen min..
Hmmm...Lisje bror?...

Etter denne oppdagelsen ga eg meg på det heile..
Derfor null innlegg herfrå på ei stund!

Tok opp att jobben i kveld og er no "i gong att"..


Vi har hatt ei innhaldsrik veke.
 
Og her i heimen veit vi og
nytte høva og KOSE oss i mellom "slaga"!

Kakao og nybakte lussekattar, (mammaen og lisje bror sin fridag)
gledar STORT etter ein kald tur heim frå skule.


Lisje bror har fått opp augene for nissar i desse dagar..
Bøkene er nøye "leste"!




GOD LAURDAG ALLE SAMAN!