tirsdag 19. oktober 2010

Prinsessestova ♥


Ein "ny" stol i stova gir rom for små fornandringar andre stadar i heimen..


Eg og lisje bror har fri i dag ..
I våre morgontimar har vi rydda  prinsessstova..


Follow your heart.
Ord som høver
 godt her!

Korgstolen som vart med ned var motivasjonen vår!

Naaaaaam♥
Her er alltids noko på luringen og lisje Olav er ein god leitar..

Så er det berre å håpe på tilgjevelse i 14 tida...

Kansje det er ein kjangs i og med han har vore så flink å rydde til søstrene sine?...






Ei storesøster er så glad i å fotografere..

Auga til lisje broren sin.


Prinsessestova
er ein kjekk stad å ha...
Mykje liv,latter
og glede herfrå..


Telefon frå mormor gir ei god anledning til pause frå "ryddinga"...


Vi er to Twilight gale i heimen vår..

Prinsessa har fått mormora til å lage eit stort bilde..


Vårt gamle kjøkenbord
(laga av svigerfar for lenge sidan)
blir brukt til lekseplass, vennindemåltider osv..
 ♥


I vinduskarmen står fire små skuffer..
  Største prinsessa fekk denne "mini kommoden" av oldefaren i høve 13 årsdagen..
I dei fire skuffene har han lagt små smykker,nåler o.l etter oldemora
(som døde 70 år gamal julafta 2005.)
Utruleg rørande og vakkert.


Kunst frå år tilbake heng i
glas og rame på veggen..
Skapar god harmoni,liv
 og glede i stova..


Her er grunnen til at eg fekk ei stund framfor dataen:
 



GOD TYSDAG ALLE SAMAN!

søndag 17. oktober 2010

I harmoni...♥


Skogstur ilag med familia gir harmoni i kroppen!

Ein liten ven lærer
viktige og spennande ting av pappaen.



Synet av ei gammal dør gav mammaen stjerner i augene,men langt i frå harmoni hos pappaen..
Eg fekk eit kjapt blikk og eit ord...ALDRI!

Han fekk eit smil tilbake..
Harmoni?..
Akkurat passe!


Eg synest døra og naturen låg i herleg harmoni,
med tydelege teikn på tida som går..



Nytt Ektorp trekk til ein
Ekornes stol gir meg ei slags
harmonisk ro..


Akkurat slik er det...
Og eg likar det!


Levande lys saman med lyden av vinden ute gir harmoni...


For ikkje snakke om lampen som er på plass att..
Den litt annaleise lampen har fått ein mykje meir harmonisk plass i ein gang.




Den nye veka blir det lite tid til blogg..
Men,eg har tankar om å halde på harmonien som sit i kroppen etter ei fantastisk helg!


Eg er sjølvsagt innom ved første høve.

GOD NY VEKE ALLE SAMAN!


fredag 15. oktober 2010

Fredag er ein fin dag ♥


Og denne fredagen var intet untak..
Mamma kom i dagtidleg og spiste frukost ilag med oss.
Fantastisk god start!

Ei lyslykt har komt oppatt frå kjellaren etter eit par år i kasse..


Eg har i dag hatt besøk av ei kjempe koseleg dame frå Vestlandsnytt (avis) som interjuva meg om interiør.

Krydderkaka a`la Landstil og kaffi stod sjølvsagt klart!


Ettermiddagen vart brukt til shopping på prinsessene`s vis!
Cubus,Kapp Ahl,skobutikkar osv...

Berre litt interiør..
 Engledryss for å kjøpe fredagsgodis,iste og  ♥former/skåler.

Dropsa og sjokoladen frå
La Praline er berre
FANTASTISK!
Siste utgåve av JDL er stappa fullt av INSPIRASJON..
Ah..GLEDE..
"Mamma`s" bord i kveld..


Og bordet i prinsessestova!
 


Eg ønskar å takke for nydeleg
Give away gåve,kjære
Ei kjempe flink dame som syr så fine barnklær!
Gåva er frå Hjørnestein..
(Butikk i Surnadal)
Det vakre skrinet passar perfekt i prinsessestova.


Med eit bilde frå det herlege lyset vi hadde under vår frukost i dagtidleg,
ønskar eg alle ein koseleg fredagskveld...


OG EIN STRÅLANDE LAURDAG!


torsdag 14. oktober 2010

Vennskap..


Har kjøpt ein ny lampe..

Litt spesiell..
Men,etter nokre dagar  ser eg at eg likar den godt..


 Den brune lampefoten er kjempe fin..
Men,skjermen er litt hmmmmmm..
Annaleis iallefall..

Lampen er av Nordal.


Eg har ikkje hatt tid til blogg denne veka..
Det har gått i eitt med alle slags husmor/familiesysslar.


I går kveld prioriterte eg litt vasking av heimen..

Støvtørkinga i stova gav med gode oppdagelsar fleire smil..

Lisje bror har gitt engelen på bordet ei bok om kjærleik i staden for te lys...


Og sørga for at bæen ikkje står åleine..
Under leike oppryddinga ved sengetid hadde eg på plass att denne pusslespel sauen..

Men,i dagtidleg var han på plass att..

Mammaen har teke hintet,og i
 kveld lot eg han stå!


 Farfors Krambod har no masse herlege Durance produkt inne..
Luktekonvoluttar..
Ah...Nydeleg!


Har i ettermiddag baka krydderkake og fire brett med knekkebrød..
I morga er det fridag og helg!
Lykke!






Og som vanleg..Nye roser..
Berre MÅ HA!


TUSEN TAKK
for alle fine ord denne veka.
Har ikkje vore innom andre bloggar heller noko særleg..
Men,no er det helg..
Ønskar og takke 
anonyme
Christine og Martine for gode ord.



GOD FREDAG ALLE SAMAN!





søndag 10. oktober 2010

Kampen om fjernkontrollane er over...


Dette har alltid vore ei "sak" i stova...
Mi "sak" egentleg..
For det er nok berre eg som synest at fjernkontrollane er mindre fine å ha liggande på bordet..

Kjøpte ei korg til husbonden her om dagen..

Lite hjelp i at det faktisk er to skuffer i bordet..


Han syntest sjølvsagt at han var ein "heldig" mann..


Som faktisk har si eiga korg til fjernkontrollane...

Eller?...

Korga har stadig vore tom..

Og eg har no innsett at denne kampen kan eg berre gi meg på!

Korga er nytta til små bøker med gode ord,ilag med
"lese"sofaen istaden..


Ein herleg haustferie er no over..

Lisje bror har for sin del nytta frimorgonane sine godt...
Som fotpleie med ei storesøster,
Drømmehagen og ei lita skål med nis..(rosiner)


Ein liten fyr som har lært kunsten om å få det som han vil..


Den nye engelen sørga for ein koseleg start for fire gode prinsesser i dagtidleg.


TUSEN TAKK
for alle gode ord og helsingar,
som gledar meg stort!


VELKOMEN
til alle nye føgjarar.


Ei god ny veke ønskast til alle!