Ein litt gammal emaljekopp har fått plass i kjøkenvinduet!
Koppen, ei emalje bosbøtte og to såpeskåler kjøpte eg hos Skeidar for 10 år sidan..
Sidan eg er i blå modus i kjøkenet har den flytta inn hit..
Ei lita ♥ rame har også blitt blå..Eg og mi kjære mormor i den blå og mi kjære mamma i den kvite.
Eg ønskar å takke for alle fine ord i innlegget under!
Etter tre dagar med nye vindu er vi strålande fornøgde med valet ☺
Tilsvarande sprosser kjem på dei andre vindua..
Må berre ta med dette bildet av lisje Olav Andreas som i stor forbauselse følgjer med på den store hendinga i stova vår!
Han spiste opp all havregrauten
utan protest..Er ikkje sikker på om han veit at ha spiste ein gong..For dette var meget spennande!
☺
Med 3 store(pungterte)70-tals vindu,har vi hatt ei varm stove om sommarane..
Opp til 30 grader inne!Altfor varmt,sjølv for frostige meg...
Derfor kjøpte vi vindu som ikkje tek inn solvarme!
Og no i kveld har vi akkurat den temperaturen vi vil..23 grader..Og ute er det 18 grader.
LUKSUS! ☺
Det blir mindre og mindre blogg i desse dagar.
Vi er i feriemodus!
Har hatt ein herleg og ettrelengta dag på stranda ilag med familia ♥
Husbonden jobbar på huset!
I ettermiddag var vi på middag hos svigers.
Familia som bur i Bergen er heime.
Kjempe kjekt når vi alle er samla.
Det er ferieglede i seg sjølv!
☺
Med desse bilda ønskar eg alle ei herleg ny sommarveke ♥