Som eg sa...Vinteren hadde berre ein liten rest igjen,
og at våren var rett rundt "hjørnet"♥
Vi har lagt på att duken og putene ute♥
Bilda er i frå inngangspartiet vårt.
Lisje bror har komt seg masse det siste døgnet..
Det er berre så utruleg godt ♥
Vi har vore på ei lita handlerunde både på blomsterbutikk og bruktbutikk i dag.
Har kjøpt fire stolar som skal malast og brukast ute.
Medan Olav sov middagsluren sin i vogna,kosa eg og mamma oss med kaffi ute♥
Og sjølsagt har vi heilt gløymt vinteren som sneik seg innpå oss for få dagar sidan..
Eg har no mykje malingsprosjekt på gang..Og ikkje minst kjekke planar;)
Hmmm...Veit ikkje heilt kvar eg skal starte..
Ettermiddagane er stappa fulle,slik som dei er..
Men,satsar på at eg får fiksa eindel i helga:)
Eg klarte ikkje å dy meg då eg møtte synet av desse søte rosene♥
Trur jammen eg har blitt avhengig av roser i den gamle muggen.Blir litt småstressa når den står tom!
Blir litt billigare når eg kan plukke frå hagen.
Dama vi kjøpte huset av hadde "grøne fingra".
Masse fint i beda♥
Det store sinkbrettet eg kjøpte hos Farmors krambod tidlegare er eg sååå glad i♥
I blomsterbutikken til Trine var det fleire fristelsar i dag...
Då eg såg denne lykta,var det kjærleik ved første blikk!
Der var etasjefat i same serie og(Miljøgarden)
Lekkert og snilde prisar :)
Lykta prydar foreløbig kjøkenbordet,men skal ut på altanen når den er klar(male,male,male...., først;)
Tusen takk for alle dei gode og varme orda dykk herlege damene velsigna meg med i forige innlegg♥
Eg set stor pris på kvar ein av dykk♥
Ser også at fleire nye har velgt å følgje bloggen min♥
Kjempe koseleg♥
Dykk er hjerteleg velkomne♥
Ønskar alle ein kos onsdagskveld og ein solrik torsdag♥