onsdag 4. april 2012

Ei rekke...

Vakna med eit dunk i natt..
Ein sko på golvet!
Bilderame/knaggrekke er komt
 oppatt på veggen.
(Har vore "utvist" ei stund)
 Bilda som var inn i er bytta ut.
Ei salig blanding av gammalt, nytt,
 ubrukt, lite brukt og godt brukt!
NYT KVELDEN!
♥♥♥

mandag 2. april 2012

Har pimpa ei korg frå Kid.
Høver seg no fint som lampe!
Ei skuleoppskrift av marmorkake
 har også blitt pimpa..
Litt ekstra snadder i røra og 
ein sjokoladesaus/krem med stjerneanis over!
♥Fridagar ilag med familie og gode venner♥
♥♥♥

lørdag 31. mars 2012

Det har ikkje vore rom for blogg
 den siste tida.
Har heller ikkje fått anledning til
 å besøke andre bloggar. 
Tusen takk for alle fine ord og helsingar.
Set stor pris på dei alle!
Ynskjer nye fylgjarar ♥ velkomne.
♥♥♥

søndag 25. mars 2012

♥♥♥

 Ranuklar på bordet..
Og kake til jubilanten!
Husbonden 40 år!
♥
Plutseleg blir det meir tid til blogg...
Ein dag!
Ynskjer deg ei fin ny veke.
♥♥♥

søndag 18. mars 2012

Tek meg stadig i å nyte grøn farge..
**
Trur det må vere nytt av våren!
Det har liksom gått i lys blå og rosa..
Og når det kjem til blomster mønster
 er eg håplaus..
Kom ut av butikken med rull-opp gardin, kjøkenhanddukar og forklede..
Skulle eg ha det då?...Nei!
Men, mønsteret...JA!
Fargane i blomster mønsteret står til urtene,
 kalenderen og dei prikka krusene..
Det vart rett vår stemning i kjøkenet
 av heile handelen!
GOD NY VEKE!
♥♥♥ 

lørdag 17. mars 2012

Mamma har malt til meg..
Med glade fargar!
Bildet på veggen!
♥♥♥ 
Det tek seg særs godt ut i tv-stova,
der det ellers er mykje kvitt.
Den gamle kakeboksa (romar t-lys) tek att
det grøne i bildet.
GOD LAURDAGSKVELD!
♥♥♥

søndag 11. mars 2012

Her er gårkveldens kreative sysel...
Dåpskaka til søtaste Erik!
Gulrotkake!
God ny veke!
♥