lørdag 18. juni 2011

Jentekveld = kvalitetstid ♥


Då kjem det enda eit mat innlegg..

Husbonden var i går kveld vekke,
og vi tre damene veit å nytte høvet!

(lisje bror fekk også deltake på vår "fest" ei lita stund;)


Nachos med heimelaga salsa.


♥


SALSA:

4-6 store smakfulle tomatar
litt frisk basilikum
1 løk
salt/pepar
litt kajenne pepar
1 chili med frø
1 raud paprika

Ta vekk frøa frå tomatane.
Hakk løk, chili og paprika.
Bland alt saman med stavmiksar.


Sjølvsagt ingen jentekveld utan dessert!
♥

Det er særs kjekt å lage til når jentene mine 
(på snart 11 og 14 år) er nær like glade i matlaging som det eg er.
Å prøve nye oppskrifter og smakar 
er spennande!


Sjokoladefondant med bringebærsorbet!
♥


Sjokoladefondant:
250 g smør
250 g kokesjokolade
5 egg
125 g sukker
revne skal frå 1 appelsin
50 g kveitemjøl

♥
Smelt smøret i ein kjele.
Ta den vekk frå plata og rør inn sjokoladen.
Pisk saman egg og sukker, og bland med 
sjokolade smør og revne appelsinskal.
Sikt over mjøl og bland saman.

Smør nokre eldfaste porsjonsformer med 
smør og mjøl, og fordel røra i formene.

Steik midt i omnen ved 225 grader
i omlag 11-12 minutt.
Fondantane skal vera litt rennande i midten.


Bringebærsorbet:

400 g frosne bringebær
2 ss honning
Safta frå 1 appelsin
1 dl hakka basilikum (frisk)

Miks alt saman i ein miksar
(eg brukar stavmiksar)
Kjøyr raskt saman.
Spe eventuelt med litt vatn dersom det er vanskeleg å mikse alt saman.

Form sorbetten til kuler.
Server med sjokoladefondant, appelsinfiletar og friske bringebær.

(Mine friske bringebær til 40 kr var sjølvsagt så stygge at det var umogleg å bruke dei!)


Må berre nevne at denne
 sorbeten er utruleg god, og at basilikumen gjer prikken over ièn!

Vi toppa vår jentekveld med film.
♥

Kansje dette er tips til laurdagens kose mat?

GOD LAURDAG ALLE SAMAN!
♥

tirsdag 14. juni 2011


På ein vegg i soveromet heng det plagg 
som eg synest egnar seg til pynt, 
når dei ikkje er i bruk!

Dei Sølvglitrande hanskane er gamle,
Og er etter oldemor Astrid.


Dei gamle møblane her inne
 er også etter ho.
  ♥ 

♥


♥


♥


Den tilhøyrande senga skal etter planen
 bli til slagbenk.
Men, prosjekta var for mange i heimen denne vinteren.
Og no går det i påbygg!


♥


Soveromet har vore posta i bloggen
 x-antal gongar tidlegare..

 Det har i det siste blitt mykje innlegg med bilder frå spiseplassen og om mat.

(Vanskeleg å unngå sidan det er min favorittstad i heimen, pluss at eg er vel over middels glad i å lage mat!)

Og ute er det ikkje råd å få til fine bilder..
Der er det berre
 REGN!

I og med at her var nyvaska,
 vart det soveromsinnlegg i dag.
☺


Sølvspeilet og børstesettet 
er gravert med Astrid..
Heldige meg!
♥

♥


♥


♥


GOD NY VEKE!
♥

mandag 13. juni 2011

Kva i alle dagar?


Var innom statestikken på bloggen i dagtidleg og talet på besøkande den synte,
 er ikkje til å tru..
2383 treff på sida!
WHAT?


Blei rett mållaus!


Kan ikkje unngå å lure på kven alle desse er..
Eller stemmer denne statestikken?

Ei stor glede over at mange då har fått
 augene opp for flotte FRYD. 
I tillegg til nettbutikken held Fryd til i vakre Stryn.
Ein utruleg koseleg butikk med både klær,interiør, bakevarer frå Lom
 og saft frå Vågå.


Bilder frå tv delen av stova vår..


♥
♥


♥


♥


♥ 

Ønskar å takke for slike koselege ord 
og helsingar ang min 33 års dag.
Dokke er GODE!
♥


♥


Bildet er av mi oldemor Astrid.
♥

God 2.pinsedag til alle!
♥♥♥

søndag 12. juni 2011


Då har eg vinnaren av give awayen klar...
På min bursdag!
☺

Heldige vinnar:
 lodd nr 22,

Gratulerer med gåvekort på 
500 kroner frå fantastiske
 FRYD!

Største pia mi har bakt sjokolade 
cup cakes til min bursdag.
♥


Litt av min 33 års dag i bilder..
♥

(Heimelaga) sjokolademoussè med jordbær, 
pikekyss og gulrotkake.
♥


33 år!
 Bildet redigert bildet i antikk.. ;p


Dagen min har vore særs GOD!
♥


♥

fredag 10. juni 2011


Når veret og humøret truar mørkt og tungt...
Kan det hjelpe å
bake noko godt , ta inn sommarblomar
(ute druknar dei berre) 
og drikke god kaffe!


♥


♥


♥


♥


Minner om GIVE AWAY med gåvekort 
på 500 frå fantastiske 

Klikk HER, og legg att ein kommentar.
Er du anonym, må du legge att mail adresse eller namn.

Trekning søndag 12.juni.


♥


GOD FREDAG!
♥