tirsdag 7. juni 2011

Sol, sol kom igjen...


Ute er det grått og berre regn, regn, regn...

Sola er sårt sakna!


Fekk ei kort men, god stund ute
søndag ettermiddag.
♥
Og etter ei helg inne på sjukehus,
 var sola som balsam!


Dotter mi helsar og takkar for gode ord 
i innlegget under.
♥


♥


Då kryssar eg for at SOLA
 plutseleg dukkar opp!

GOD TYSDAG!
♥

søndag 5. juni 2011


Denne helga vart ikkje heilt som planen var.
Av og til får ein opp tankar for korleis ting fort kan forandre seg.

 Fredagskveld fekk store pia vår fæle magesmerter.

Etter eit par vonde timar, var det berre å ringe legevakta.
                               


Som medførte til sjukehus innleggelse.
Akutt blindtarmbetendelse!
Laurdag føremiddag var denne vonde tarmen
 ute av magen.


Etter ei helg på sjukehus er det særs godt å kome heim, 
tross god og omsorsfull behandling! 

 For meg var det stor nytelse 
i å drikke kaffe ute i det fine veret.
♥


For pasienten vår det medisin i seg sjølv, berre å kome inn i kjellarstova 
og leggje seg på sofaen.


♥



Med tendte lys og besøk av besteforeldre...


Å få servert godis av ei 
omsorgsfull (vesle) søster.
 ♥
(Dette er ho så god på, 
"danderar" alltid så fint til når ho serverar)!

♥


Gode venninder som stikk innom med blomster, kort og sjokolade.
♥


Eg finn det rørande å sjå korleis venner viser omsorg for kvarandre.
♥


Sjølvsagt er det lettare å kome seg til att, 
med så mykje godheit!
♥

♥
Så er vi glade for våre gode venner, 
som fekk ei vakker lita prinsesse
i natt!

Og som eg var så heldig, 
(sidan vi låg på rom rett over gangen i same sjukehuset)
å få sjå i føremiddag.
♥
Snakk om lykke!


♥
Takk for alle gode ord og helsingar!
♥


GOD NY VEKE!
♥

fredag 3. juni 2011

Matglede


 Interiør og matlaging er mine 
store gleder.


 Eg er stadig innom bloggen til 
Hildemor og snusar inn inspirasjon.

Dette er ei dame som kan faget sitt!

Ho legg ut den herlegaste oppskrifta, 
etter den andre.


I går kveld kom eg
 over denne spennande oppskrifta.


Heimelaga rucculapesto og aioli gjorde susen..

 

Denne fantastiske bloggen bør du ta turen innom!
Du finn den HER

♥

♥


Nye oppskrifter gjer kjøkentjenesta 
ekstra kjekk.
☺
Kan bli meget lei av tacos i diverse variantar,
(barna`s fredagsfavoritt).  


♥


♥


♥


 God fredagsmat!
♥

Bon appe`tit!
♥

Pionar høyrer juni til..

Dei er så vakre.
♥


Det er ikkje så altfor ofte at heile huset er nyvaska og rydda på ein gong..

 Eg har hatt celebert besøk frå 
sjølvsate Oslo bygda denne veka.
To flinke og kjekke damer.
Medan Jeanette fotograferte rundt om i heimen, snakka eg i eitt med Kjersti om
  mine raritetar og maksimalistiske pyntemani..


Ein spesielt spennande,
 men veldig kjekk dag.


Obs!
Bilderas..


♥
Bilda er frå "lese/slappe" delen av
   stova vår.

♥


♥


♥


♥


♥


♥


♥


♥


Med desse bilda frå stova,
 ønskar eg alle ein fin fredag.
♥

torsdag 2. juni 2011

GIVE AWAY!


Med gåvekort på 500 kroner 
frå herlege 

Jannicke som driv butikken i Stryn,
 har også nettbutikk. 
Der kan du bestille det du måtte ønske!

Her finn du mykje flott! 
Dame og barneklær.
(Cream clothing, Odd Molly, Alpaca Society, My Cinnamon girl).
 Bibba sko, interiør, bakevarer...

Det er Jannicke sjølv som gir vekk gåvekortet.


Er du i flotte Stryn, bør du ta turen innom!


Eg gledar meg stort til eg skal dit
 om få veker.


No har ho også bakevarer frå Lom 
og heimelaga is frå Vågå.


Det du treng gjere er å legge att ein kommentar under innlegget.
Utan blogg, må du du ha med
 navn og mailadresse.

Trekning søndag 12.juni!
(Min bursdag;)


LUKKE TIL!
♥