Etter at eg mala lisje brors tripp-trapp stol isblå,har det gått "slag i slag" ☺
Det lisje bildet i hylla er av meg som lærling i farmors kjøken♥
Dette bildet fekk vi i brullaupsgåve og er mala av Grethe Berge,
som er søskenbarnet til mi farmor.
Det har hengt i gangen,men såg plutseleg at det passa så godt på kjøkenet ...
Flaskekassa var grøn..Men,...
Herleg sommarstemning♥
Har blitt nokre innlegg frå vårt kjøken i det siste....
Ei søt Maileg sit i hylla og lurer på kva for ein heim ho skal flytte til! ♥
Klarte ikkje å la vere å kjøpe to ♥ koppar i lyseblått.
FARMORS KRAMBOD har dei ☺
Muffinsformene inne i flugeskapet er frå Glassmagasinet..
Blå fillerye frå Europris..
Både mi mamma og eg ønskar å takke for alle gode fine frå dokke gode damene♥
Besøksteljaren på bloggen min har bikka 100.000 !!!!
Og 236 herlege personar som følgjer meg!
Dette synest eg er heilt utruleg!
Det hadde eg aldri drøymt om då eg starta bloggen min i september 09!
Men,såååååå gøy da ☺
Og ikkje minst inspirerande!
Eg har ein GIVE AWAY med gåve frå herlege FRYD i Stryn!
Ei søt Maileg ♥
Bloggen til Jannicke som driv FRYD finn du HER.
Eg vil gjerne legge ved ei lita gåve frå meg og!
Eit slikt besøkstal MÅ feirast!
Give awayen finn du HER ☺
På grunn av hektiske dagar vert trekninga flytta til laurdag 3.Juli.
Med desse bilda frå vårt kjøken ønskar eg alle ein fin tysdag♥