tirsdag 30. november 2010

Små gleder på morgonkvisten♥


Ikkje farleg å stå opp,når husbonden har fyrt opp i peisen til oss..

Her er det fridag..
Ute er det maaange kuldegrader
og lisje bror er atter forkjøla.


Peparkakehuset vårt gir 
god lukt og ei herleg
 julestemning
i spiseplassen vår.



TEAMWORK!
 Husbonden står bak
 bygginga..
(Tålmodens mann)
 Damene pynta,
og lisje bror har kosa seg med
melis og marsmellows!


Inne i huset har eg hatt ei lyslenkje av stjerner kjøpt hos Nille.







Lisje bror fyller
 2 år 2.desember,
så her er det planlegging av kalas som står på "programmet"!


GOD TYSDAG!

søndag 28. november 2010

No er det julefryd ♥


Med det 1.lyset tendt er det
JUL
i heimen!




Mamma har laga to små julebilder i sarte rosa nyansar til meg.


Etter ein kald (-10) men,
fin gåtur,skal eg no varme meg framfor peisen.


GOD NY VEKE ALLE SAMAN!

lørdag 27. november 2010

Gammelrosa advent ♥


Adventstaken i heimen jula 2010.


I denne delen av stova har eg valgt gammelrosa detaljar..

Det starta då eg kjøpte puta
 (i midten) på julemessa..
(Takk,Anett:)
I den er det herlege rosa nyansar...
Så desse gamle rosa julekulene...


Planen i morga er skøyter,
ei runde for å finne
 mini-mini juletre
og middag med mine foreldre.





Mange julegåver er no i boks
 og i kveld 
har vi gjordt ferdig peparkakehuset,som no prydar spisebordet vårt..


GOD 1.SØNDAG I ADVENT!

fredag 26. november 2010

God fredagskveld ♥

 

Har laga ein enkel juledekorasjon i "buret" eg kjøpte hos Hege i  Landhandelen
 Cute N Cool House!







No lyser adventstjerna
i vindauget og dei fire
adventslysa står klare.
 Husbonden er i år arkitekten bak peparkakehuset..

Denne helga skal vi få med julegrantending,
tur på vatnet med
skøyter og kakao.

 Dei fleste julegåver skal gjerast ferdige og peparkakehuset skal sjølvsagt pyntast av våre tre gode..


I vår heim har vi julepynta hus frå 1.adventshelg..



NYT FREDAGSKVELDEN ALLE DOKKE GODINGANE!

onsdag 24. november 2010

JULEFRYD ♥


Ein liten tur innom bloggen..



Og har lova nokre damer oppskrifta på våre sjokoladekjeks..

Ein GOD smak av mi barndomsjul!


200 gram smør
250 gram sukker
2 egg
270 gram kveitemjøl
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
200 gram kokesjokolade


Rør smør og sukker kvitt/porøst

Tilset egg og sikt kveitemjølet med bakepulver og vaniljesukker.

Rør godt saman


Hakk sjokoladen og bland den i deiga


Steik i 10-12 min på 180 grader midt i ovnen (fint gylne)



Eg laga ein porsjon på søndag..Men,i går var boksa tom!

 Dobbel porsjon neste gong ;)



 
"Når katta er borte dansar musene på bordet"...

Eg var inne på kjøkenet og laga  lunsj til oss to.

 "Mamma.,bordet"..
Ropte lisje bror fleire gongar..

"Ja,vi skal sette oss til bordet snart"..

Tydelegvis snakka vi ikkje heilt same språket!


Skal tru om det er Tomlingane som inspirerar til slike farer?



Det er med smil og glede
eg ønskar velkomen
til alle nye følgjarar..



GOD TORSDAG ALLE SAMAN!


søndag 21. november 2010


Då er siste søndagen før adventsida snart over..

Eg har kosa meg inne i heimen
i dag med litt førebuingssysslar.

Slike søndagar
er luxus!

Juleboka mi er teken framatt..
Der har eg alle juleoppskrifter,julegåveoversikta frå åra før,gjeremål o.l.

Eg er ei
"må skrive ned det meste dame"!

 Handleliste over ingrediensar til bakst er no inntakt.
Eg har ført julegåveliste og
bakt sjokoladekjeks etter tradisjonen tru.
Mamma`s oppskrift,som er dei
BESTE sjokoladekjeksa
og ikkje minst eit smakfullt barndoms juleminne.

Eg ønskar å takke for alle gode ord og helsingar..

Til dokke som bur i nærleiken,anbefalar
 eg eit besøk til
 


Ho har trylla fram ein fantastisk lekker Landstil butikk i stallen sin!

Gledar meg alt til neste tur.



fredag 19. november 2010

Ei veke igjen....♥


Jula er no på veg inn i heimen vår..

I stova blir det nok mest av
kvit og sølv,men i
spisekroken og kjøkenet vil vi ha raudt..

Det er vår alles barndoms julefarge og tradisjon.


Etter eit par dagar med nye bordet kjenner vi alle i heimen på at dette er ein koseleg plass å samlast..

Med peisen og utsikta ute er det lett å nyte kaffikoppen her!


Eit julebilde prydar no det
gamle bordet etter
oldemor Astrid..

 Silent Night! Holy Night!



Desse orda gir meg tankar om høgtida vi no står føre..


Som alltid ei veke
før 1. helg i advent,
er planane om pynting,julekalendar og kakebakst under full kontroll..

Men,vanskeleg å vente!




I morga skal vi på julemesse på Ishavsmuseet.
 (Mamma fortsetter der ho slapp etter forge helg,og stiller ut bilda sine igjen;)
Så skal vi (endeleg) besøke
 Hege,
som har gjordt om stallen sin til interiør butikk i
landleg stil!


Eg kan ikkje la vere å nevne Magnhild,
med sin antiblogg..
Eg er rett og slett mållaus!

Trur dette innlegget er til
"ære" for deg!

Akkurat passe kvalmande for denne dama,som slit frykteleg med oss glade interiørbloggarar..

Må berre seie at eg er så tilfreds med at eg brukar litt av tida mi til noko som gjer meg glad..
Men,trist er det at du brukar tida di til å vere så irritert og sint!

Sjølvsagt er dette opp til kvar enkelt av oss..



Med dette bildet av min
KOSELEGE fredagskveld
ønskar eg alle ein 
GOD laurdag!