mandag 25. juli 2011

Det står stille her i bloggen...


Blogg lysta er ikkje til stades. 

Tankane går til dei omkomne, pårørande, skadde, 
 ungdomane som har mista vener og som no har 
opplevingar av værste slag.
Måtte dei finne styrke til å klare seg i denne vonde tida.
Det er godt å sjå vårt lille land
 stå saman i sorga.
Som Jens Stoltenberg sa: 
"Ondskap kan drepe eit menneske, 
men aldri beseire
 eit heilt folk!"


"Om ein mann kan vise så mykje hat,
 tenk så mykje kjærleik vi alle kan vise!"

søndag 17. juli 2011

Sola dukka ikkje opp i dag..
Hadde ein fantastisk sommardag i går!

Må innrømme at skuffelsen var stor i dagtidleg.

Men dog, perfekt fjellver!
Kaffe "slabberas" inne i dag!
Å jada, vi smilar og er glade!
Mørket i stova i ettermiddag minner meir om haust.

Men, koseleg med tendte lys og blomster frå dagens tur!
No er det straks film tid.

GOD NY VEKE ØNSKAST TIL ALLE!

fredag 15. juli 2011

Den mest "blogga" plassen i heimen.....


Her nytast feriedagane for alt dei er verdt!
Sol er ikkje det vi har mest av,
 men ho gledar stort
 når ho dukkar opp!

Blogging og huslege syslar 
er det mindre av i desse dager.

Bilderas frå spiseplassen:


Med desse bilda ønskar eg alle 
gode & glade sommardagar!


tirsdag 12. juli 2011

Svunne tider..

Ei gammal skrivemaskin 
 prydar gangen vår.
Denne er såpass maskulin i stilen at 
den egnar seg godt under trappa.

Kunne sjølvsagt ikkje la den stå att i bruktbutikken!
(Betalte kun 150 kroner for den..)
I gangen er der fortsatt raude detaljar..
Mamma si konfirmasjons kåpe
Lisje bror si krå
Store søstrene sitt bad
Far si krå?
Hmmmmmm..
Mor sin pynt!
Ønskar alle ein koseleg kveld 
og ein god onsdag!

søndag 10. juli 2011

Sommar mat ♥


Likar kjempe godt å gjere akkurat det du 
ser i bildet under her:

Lage mat, dekke bord og 
prøve-smake på vinen;)


God og enkel sommar mat..

(Her må vi spise inne, ellers er alt vått
 før vi har sett oss til bordet!)

Serrano skinke (eller anna skinke), 
foccacia brød, salat, heimelaga pesto og aiole.




Likar også godt å finne dessert glas 
til 20 kroner pr stk i bruktbutikken!




GOD NY VEKE!

fredag 8. juli 2011

Er det slik at interiøret og klesstilen heng saman?


Å finne heime vevde filleryer til 25 kroner 
på bruktbutikken er rett kjekt!


Akkurat passeleg ved senga...

Eg likar særs godt tekstilar, 
tepper, blonder osv...




Som i interiøret likar eg klær som er romantiske.
Lyse fargar og blonder i "lag på lag"..

 Då eg oppdaga
 Spicy Vanilla var 
det kjærleik ved første blikk/plagg!






Odd Molly
er nok favoritten min.

Kjolen er kjøpt hos FRYD i Stryn.

Sommargåve frå mannen.


Dristar meg fram i lyset i heilheit ;p


Kloggane er akkurat så romantiske 
som eg likar det..

Teppet her er også heime vevd og er bruktfunn.



Pionen frå hagen vart "redda" 
av ei lita hand..

ØNSKAR ALLE EIN KOSELEG KVELD
 OG EI GOD HELG!