onsdag 7. april 2010

Vakker potteskjular og kjøkentjeneste♥♥♥


GUTTEMAMMA ♥ har ei utfordring om å vise din vakraste potteskjular..
Her er mi vakraste..
Kansje fordi eg har arva dei(har to)av mi kjære oldemor Astrid..Og har minner om vinduskarmane hennar♥


Vakker er den i allefall♥



Mamma kom med så fine roser til meg i dag♥
TUSEN TAKK,du gode♥♥♥


Eg var også heldig å få dette vårlige og fine bildet av mamma..Det er eit bruktfunn og av porselen..
Mykje av det som står i kjøkenhylla er bruktfunn..
I LOVE♥




Har i kveld hatt kjøkentjeneste og laga salat og grove rundstykker til mine kjære♥






Salat med kyllingskinke og bønner..
Veldig godt med raud pesto til♥
(denne kveldsmaten gjekk ned på høgkant,halv skål igjen og akkurat nok til morgadagens matpakke;)


Eg har vore heldig å ha fått ein flott pokal award av to stykker i dag♥
Med den følger det med ei lita utfordring som eg skal ta i morga ☺
Tusen takk Villa klaraberg♥ ogKalas mystiske hjørne♥ eg er så glad for at dokke vil gi den til meg☺

Eg har vore innom Kid i dag og kjøpt litt stæsj til lisje altanen.(ah!vanskeleg å vente!)
Denne helga kjem det SOL  seier meldinga ☺
Så eg har planane heilt klare!
TRUUUDELIDUUUU ☺☺☺

Eg seier berre:


folkens det er VÅR ♥


mandag 5. april 2010

NO er det vår ♥♥♥


I dag har vi berre hatt den mest fantastiske dagen ♥
Nydeleg solver... ☺

Vi har gått tur med vogna..
Nyta kaffien ute♥


Mange planar for korleis eg skal ha det ute i år tek heilt over hovudet mitt!
Det er stappa fullt av idear...
Arbeidslysta og inspirasjonen er tilbake ☺


Då eg kom over ei tue med snøvklokker gjorde hjertet mitt eit ekstra hopp.....
Rett og slett!
Trudde eg skulle gå heilt glipp av dei i år,då vi har hatt veeeeldig mykje snøv..

Ååååå så glad eg vart ☺


Første blomsterbukett på kjøkenbordet i år som er plukka ute ♥

Lisje bror elskar å vere ute ..Han er ein skikkeleg arbeidskar..
Han lever no livets glade dagar!(ilag med familia si;)

Han har slitt med feber dei siste fire dagane,så det var ei fryd å få sleppe ut att♥
(berre bilturar og innebesøk held hardt over fleire dagar) 
I dag kom det masse utsleitt over magen og ryggen..
Feberen er vekke,så eg tenkjer at han no er ferdig med den 5.barnesjukdomen...


Vi har spist kjempe god gratinert fiskegryte hos svigers♥ 
Tusen takk♥


Påskepynten har eg rydda vekk og plassert på loftet..
Har snitta rosene på nytt og håpar på at dei vil stå nokre dagar til....

No er eg spenna klar for å ta fatt på våren♥♥♥



Gåturar,trening,snart fjellturar utan snøv,picknik korg, knekkebrød og frukt....Godteri kun i helgane,spare til ferien.....Phu.....
(Skal prøve så godt eg kan på dei to siste;)

Ønskar alle ei flott ny veke
♥♥♥


søndag 4. april 2010

Solskin og faith......


Solstrålar om morgonen inspirerar meg alltid♥
Eg vert glad ☺


Denne boka ljust & lantligt vert eg aldri lei av å blade gjennom...
Den inneheld så mykje herleg inspirasjon♥



Hos Farmors krambod har dei fått inn så mange flotte sinkskilt..
Sidan eg er sååå glad i små ord og dikt har eg ikkje særleg stærk karakter til å motstå å kjøpe slike...


Dette skiltet pryder over kjøkenvasken vår...Ein plass vi står/er ofte..

FAITH
Start where you are,then take the next step.


Kjøkenbordet etter frukosten i dagtidleg


Desse bilda av prinsessene som heng på veggen gjer meg GLAD ☺
 Oldemor Astrid`s gamle pute,og mamma`s konfirmasjonskort heng på den lisje knaggrekka♥
Den er laga av Elin med draumesidene..(Ja,bloggen er ein draum)Eg var så heldig å vinne den av ho♥
Eg likar den så kjempe godt♥



Alltid kjekt med ein liten assistent på kjøkenet ♥


Det var ein liten tur innom delar av vårt kjøken i dag☺

Vergudane har lova kjempe fint ver i morga,så då skal vi nyte siste fridagen med ein laaaang trilletur og middag hos svigers♥

Så glade er vi for å ha hatt ein avslappande og god påskeferie heime♥
Spenna klare for våren og arbeidet som ventar ute☺

Ønskar og takke for alle dei koselege og gode orda frå dokke flotte damene♥♥♥

God  1.påskedagskveld ønskast til alle♥


fredag 2. april 2010

PÅSKEINSPIRASJON ♥


Tok ei runde rundt i heimen og knipsa litt av vår påske..
Her er bilder frå inngangspartiet vårt..


Såg inne hos NIB  at dei utfordrar til å vise påskepynten..
Her kjem eit bilderas :






På stovebordet



På kjøkenet






Første fridag vert det sjølvsagt dekka til ein lang og god påskefrokost♥


Ranuklar i friske friske fargar gir glede ☺


På spisebordet






I prinsessestua (jentene`s kjellarstue)


Med desse bilda ønskar eg alle ei fin påskehøgtid♥
Med ein tanke om det Jesus gjorde fordi han var så glad i oss♥


torsdag 1. april 2010

Ein herleg start....♥


Den store buketten med ranuklar har blitt mindre og mindre siste dagane..
Etter kvart som dei har hengt med hovudet,har dei havna i små skåler rundt omkring..


Eg kunne ikkje ta sjangsen på at dei skulle visne,så eg kjøpte roser til spisestuebordet..Vi skal vere heime desse påskedagane og då MÅ eg ha friske blomar!

Roser i denne gamle vaskemuggen likar eg så godt♥


Eg er kjempe fornøgd med den nye kappa...Så herleg å kunne få skjule alle ledningane og tv tinga..
Så er det desse kontrollane da...Fysj!
Husbonden legg dei opp på peisen..Hmmm..(fordi lisje bror ikkje skal ta dei)
Men,der(helder) passar dei ikkje inn..
Akkurat no har vi blitt einige om at dei kan ligge opp i eit sinkbrett..


I dag har vi vore på Valderøya hos våre kjære slekt ♥
Som vanleg har husbonden der diska opp med fantastisk mat..Hjortegryte med brokkoli og blomkål grateng til..Fantastisk godt♥
Husfrua hadde laga ei kjempe god nøttekake med frukt og krem med sjokolade♥

Eg har vist bilder av denne vakre heimen tidlegare..
(ho har desverre ikkje blogg)
Det eg er så glad i i interiøret er at det meste har ei meining og betyr noko..I form av bilder av dei ein er glad i,møblar som er arva,ting som er arva,ei historie bak osv...
Det finst i kvar ei krå i denne heimen♥
Familia her veit å vise deg at du er velkomen hos dei♥
Det er godt det!
Og når det gjeld interiør har eg alltid sansane inntakt..
Så eg kunne ikkje dy meg i dag helder...

Så her kjem litt bilder:



Eit lite glimt av ein utruleg varm og koseleg del av kjøkenet♥

Når du kjem opp i gangen talar den for seg...



Ei husfrue med sans for det lisje ekstra♥


Storeprinsessa hav vore på ferie på øya sidan mandag og lisje prinsessa sidan i går..
Tusen takk dokke kjære på øya♥
Vi er så glade i dokke♥


I kveld er vi alle samla i heimen igjen og det skal vi sjølvsagt nyte♥
Masse lys er tendte,påskeegga blir "spretta" og to jentefilmar ligg klare.
☺LYKKE ☺
Pappsen får berre holde ut..
(Der har han god trening,og er ein tålmodig mann;)


Ønskar alle ein god skjærtorsdag♥