torsdag 31. desember 2009

TUSEN TAKK FOR GÅVA KJÆRE ELIN:)

Heldige meg vann GIVE AWAY`EN hos Elin med bloggen Elin`s draumesider..Denne dama fotograferar dei mest fantastiske bilda!!Ho er utruleg flink!Ho gir meg sååå masse inspirasjon og ikkje minst glede:)
Bloggen finn du ved å klikke HER!
 Du kjem garantert til å ta turen tilbake
til ho etter eit besøk innom bloggen:)

Dette var eg såååå heldig å få i posten av Elin i dag:)



Knaggrekka er laga av Elin!
Ho er kjempe flink:)







Tusen hjerteleg takk Elin:)
Eg er kjempe glad for kaggrekka:)
Å som du ser enda den på kjøkenet 
(ikkje i gangen til Olav`s jakker;)

Den passa perfekt her:)




Eg oppretta bloggen min i haust (september)..Så eg er fersk bloggar!
Hadde studert interiørbloggar ei stund,og drista meg tilslutt
til å lage meg ein sjølv..
Må seie at det har eg ikkje angra på!Det er veldig inspirerande..Og kjekt!
Og her er såååå utruleg mange flotte bloggar:)og ikkje minst flinke,kjekke og gode damer i blogglandia:)
Har også blitt "kjendt" med damer rundt om i distriktet her:)
INTERIØRBLOGGING ER GØY:)
Oppfordrar fleire til å hive seg rundt i det nye året og opprette
blogg:)
Kansje det kan bli bloggtreff i løpet av våren? :)

Eg vil takke alle for sååå utruleg koselige,varme,gledelige
og inspirerande helsingar:)
Sett veldig stor pris på det:)
Tusen takk til lesarane utan blogg,som er innom sida mi:)
Har fått gode ord med både kjente og "ukjente"som eg har møtt
på butikkar o.l.
Det er kjempe koselig og ikkje minst inspirerande:)

Ser fram til inspirasjon,nye prosjekt og blogging
i 2010:)

ØNSKAR ALLE EI KJEMPE FLOTT NYTTÅRSFEIRING:)
&
EIT GODT NYTT ÅR!










tirsdag 29. desember 2009

OG ENGLANE SYNGER FORTSATT HØGT I KOR!



Kjenner at sjølv om englane synger høgt i kor,
er eg ein smule lei av julepynten!
 (starta på jula i midten av november;)
Etter 4.juledag føler eg at jula liksom er over!
Juleblomstrane begynner å visne,granbaret drysser og
det begynner å sjå litt rotete ut!
Hmmmm...

Lysta til å oppsøke ein interiørbutikk og blomsterbutikk er faktisk stor! ;)

Dette enda i kveld med at det meste av det raude forsvann ut av kjøkenet !









I stua er det mest kvit og natur jul..
Det får bli ei stund til:)



Lisje Olav har fortsatt stor interesse for juletreet...
Mange av kulene har ikkje lenger oppheng,manglar glitter og
er bulka på ei side!!
Hehe;)
Må nesten flire;)
Kvar gong han er rundt treet eller er på veg, avslørar han seg
sjølv ved å lage lyd!...før han kjapt rappar seg ei kule
eller dreg i treet!!!
SÅ! Det neste som skal ut er juletreet!
Då  får vi håpe på at han har forstått poenget til neste jul!!




Desse små trea synest eg er kjempe fine,dei dryss ikkje enda, og eg er ikkje lei av dei;)







Ute er det så fantastisk vakkert!
Masse snø:)
Eit perfekt julever..Kan ikkje hugse sist vi hadde ei så flott jul!
Vi har brukt alle dagane ute:)
Ettermiddagane har vi hatt koselige stunder og god mat ilag med familie og vennar:)(Litt mett av julematen,så siste dagane har vi laga pizza og kyllingwraps med MASSE salat til;)

Det er rett å slett JULEFRYD:)



Rart å tenke på at det no kun er berre to dagar att av 
2009!

No er det berre å NYYYTE dei siste juleferie dagane folkens! ;)
Så eg trur at englane i stua berre skal få fortsette å synge
HØGT I KOR
resten av ferien:)





mandag 28. desember 2009

ROMJULSKOS:)



Lykkeliten sovna rett før middag!!Han sov trygt og godt ilag med juletreet til mormora si..

Ei prinsesse sit og nyt synet av alle gåvene:)







I dag har det komt meir snøv:)Og det er vi kjempe glade for:)
Vi har nytta vinteren i fulle drag med ski,skøyter og trilletur:)


Lisje Olav har godtida si klokka halv 6!
Då er det DRØMMEHAGEN!
Han var kjempe heldig å få ein stor Hinkel Pinkel med mormor og morfar i julgåve:)med mange kjekke lydar og bevegelsar!



Med tante Gunn fekk han ein mjuk kose Hinkel Pinkel,som
er god å sove ilag med:)
Sjølv om det er pausetid er det vanskeleg å ikkje ha
arbeid i hendene! hehe:)
Litt ledningssyssler er alltids godt å ha;)

Etter mange timar ute, var det godt å kome inn og hoppe i  joggebuksa...
Det har vore mange middagar/selskap:)
(Å det er KJEMPE KOSELIG:)
Men,også godt å slappe av i heimen!
Vi laga  pizza,og kosa oss:)



ØNSKAR ALLE EI GOD NATT:)




lørdag 26. desember 2009

2.JULEDAG





Hos oss går det i gode,lange og koselige frukostar..
Ein tur ut for å nyte det flotte vinterveret både med vogna og skøyter..
Ettermiddagen har gått med til kjempe koselige familiemiddagar:)

Vi har verdens flottaste golfbane rett nedafor huset vårt!
Og dammane der har frose til perfekte skøytebaner:)






Her er minste prinsessa og morfaren i full sving med å koste
bana tom for snøv!

Det har vore to perfekte romjulsdagar:)

Vi fortsetter på skøyteisen i morga med matpakke,kakao og gode venner:)

No skal vi kose oss med pledd,godis og film ilag med prinsessene:)

Takk for alle helsingar:)

Ønskar alle ein god 2.juledagskveld:)
&
Ei fortsatt god romjul:)


torsdag 24. desember 2009

Eit lite innlegg før den store dagen:)




Eg har vore så heldig å få arve denne gamle lysklypa
etter mormor..



Stemninga på trappa i dagtidleg..



Litt stemningsbilder ifrå stua i kveld




Ettersom gåvene er delt ut har den gamle kassa blitt tom..
Så eg har fyllt den med roser som eg fekk med ei kjekke venninde i dag:)Blei sååå GLAD:)
Tusen takk,Ingvild:)



Ikkje lett å få fine bilde når det er kveld..




Klokka viser no 00.06..Altså er det no JULAFTA:)

Har akkurat hatt nybaka rundstykker i fryseposar,
lagt saman siste ladning med klesvask og pakka inn sista gåva!!Phuu;P

Julafta startar med spenning rundt nissen`s nattlege besøk..
JULESTRØMPA!!
Vi kosar både store og små framfor tvèn :)
Siste episode med JUL I SVINGEN..
Desse herlege og morsomme personane kjeme vi til å sakne..

Deretter er det julefrukost hos tante og onkel..
Ein tradisjon vi har hatt sidan eg var lita..
Det er sååå koselig og gir ei skikkeleg herleg julestemning:)
Det er kakao med krem,frukostmat,julekaker osv..
Vi bytar julegåvene også:)

Dei siste fire åra har det også blitt ein spesiell dag for oss!




Vi mista farmora vår julafta 2005..
Etter kort tid med kreft måtte ho gi slepp på livet
70 år gammal.
Ei nydelig dame,lun,omtenksom,flink og god!
Ho var veldig "julete":)Og det var ho som starta tradisjonen med julefrukost:)
Ho hadde alltid juleselskap:)Nøye og flott pådekte bord etter alle kunstens reglar!Ingentig var tilfeldig..
Det er mange  gode minner etter ho:)
Og dei lever vidare:)
Eg saknar ho veldig!

Julefrukosten har blitt enda meir viktig for oss etter at farmor døde.

Lyser fred over minnet ditt farmor!

Julegudstjenesta må vi og få med..

Ønskar å takke for alle kjempe gode og koselige kommentarane eg har fått:)Det betyr mykje for meg!
Sett stor pris på kvar einaste:)


Gledar meg til enda meir blogging og inspirasjon i året som kjem:)

ØNSKAR ALLE EI GOD JUL MED MASSE GLEDE & KOS I LAG
MED FAMILIE OG VENNAR!





mandag 21. desember 2009

JULEFRYD:)



Var så heldig å finne eit lite grantre til å pynte
trappa med i går:)





Snøen ventar vi fortsatt på...Ute er det ca 5 minus grader...

Inne storkosar vi oss med juletrepynting,lagar marsipan- godis,pakkar inn dei siste gåvene og bakar:)
Her i heimen er det JULEFRYD:)



Berre må legge ved eit av mamma`s siste bilde:)
Ho er såå flink:)

Litt stemningsbilder ifrå stua i kveld:)





Etter at juletreet kom inn i stua,måtte eg flytte litt på
 småmøblar..Å det er noko av det kjekkaste;)
Er sååå kos med forandring;)Blir rett glad av det:)



Sinkhuset har fått seg eit par runder med quick sprayen!
Eg er kjempe glad i kvitt,og
synest det passar betre inn no;)

Prinsessene har pynta juletreet:)






I morga har eg fri:)Og julevasken står for tur!

Ønskar alle ein kjempekoselig og julete siste innspurt til den STORE dagen;)


lørdag 19. desember 2009

MI BARNDOMS JUL:)



Eg hadde egentlig bestemt meg for ei jul utan så masse raudt og mange nissar!!
Men,prinsessene lurte på om eg var gal...??
Det første eg måtte gi meg på var det raude..Så det blei raudt og kvitt julekjøken!
Etterkvart som det nærma seg,kom spørsmålet om desse nissane IGJEN!!!
OK;)
Tok meg ein tur i mamma`s gamle julekasser å henta fram mi barndoms julenissar!
Å dei sette sving i maaange gode minner:)



Herleg nostalgi!



Søte små raude nisse innslag i vår ellers så kvite JUL!



(Eg måtte sjølvsagt ha raud tekst i innlegget:)

Denne nissen fekk vi i gåve med mamma for nokon år sidan!
Og den MÅ vi ha framme;)Ellers er ikkje julestemninga på topp!!
Det første lykkeliten gjorde når eg sette den i kofferten,
var å gi han ein god klem:)Og så prøvde han å stjele kniven hans..Hehe:)
Planen var vel at skulle vere åleine som nisse i år...
Men,eg ser no at det raude gir varme og er veldig koselig
og julete:)
Og nissane skapar GLEDE & BARNDOMSJUL:)

 
Stemninga på stuebordet i kveld!




Raudruta peparkakekarameller i skåla,som har
 minka kraftig i kveld...;)Men, dei er Sååå gode;)

Blir mindre med blogging i desse dagar...
Men,som vi kosar oss med julesysslar og herleg
JULEKAFFI:)

I morga skal vi i skogen å hogge juletre..
Det er JULEGLEDE  det:)

Litt snø har det også komt:)
Men,vi vil ha MEIR!

TUSEN TAKK takk for såå gode helsingar:)
Dei varmar:)

ØNSKAR ALLE EI GOD NATT
&
EIN KJEMPE KOSELIG 4.SØNDAG I ADVENT:)

Lite stress og masse kos:)