lørdag 15. oktober 2011

Om å ha utstyret klart...

Eg har vanskeleg for å gå forbi muffinsformer og den slags i butikkar..
Å ha dei liggande klare i ulike fargar,
 former og størrelsar er ein fordel.

Den gamle kassa romar mykje av det
 eg plutseleg kan trenge..
Tippar og sprøyteposar i den runde boksa..
Heimesnekra benk (av husbonden)..
Må også alltid ha melis, 
sukker og egg på luringen..
Eg veit, ikkje braaaaaaaa....
I morgon er det familiemiddag
 med Astrid`s kvite bacalao og sikkert 
noko søtt til kaffen..
God laurdagskveld!

mandag 10. oktober 2011

Endå meir bilder frå spiseplassen..
Berre frå ein annan vinkel
 enn på ei stund.
(Trur eg...)
Eplekorga er nytta til ei plante..
Og ei gammal kasse romar dukar.
Bestikk og kakespader står klart i Norges glas.
Oldemor Astrid for nærare
 104 år sidan i rama.
Snart nye gulv..
Oppppps!
Her var det ikkje mykje igjen..
Søtsug
på ein måndags ettermiddag!
Ynskjer nye følgjarar
velkomne!
Smil
Familie
Glede
Helse
Mat
Omsorg
Latter
GOD TYSDAG!

søndag 9. oktober 2011

Dagen i dag har vore kald med
 vind og mykje regn!
Ein dag for å vere inne..
Bake, besøk, kaffe, stearinlys, god middag...
 Kose dag!
Cupcakes til ei nyoperert mamma/mormor!
Tok i bruk fargen raud inne
for å unngå å bli trøtt av 
fargen grå,ute!
Pikekyss..
(laga for å gi bort i gåve, 
men smaksprøve er lov...)
Sjokoladekjeks i ei glaskrukke..
Berre måtte lage desse for å ha
 i den nye krukka.
 Kjøpt hos Hege i låvebutikken.
Resten fekk plass i ei gammal kakeboks
 etter oldemor Astrid.
Er viktig å ha noko godt på luringen..
Då er haustferien over..
Den har vi nytta og nyta godt!
GOD NY VEKE TIL ALLE!

lørdag 8. oktober 2011

Hos Hege i låvebutikken...



(Bildet er laga av Miss Mette, og lånt ved løyve av Hege)

Ein fantastisk butikk på Sunnmøre!
Ein liten låvebutikk i
 vakre og landlege omgjevelsar..
Du møter ei smilande Hege i det du kjem inn.
Inne i butikken luktar det nydeleg av 
Durance produkt og med Hege`s trillande latter, er det lett å føle seg velkomen!
Varene i butikken er akkurat etter min smak.
Og eg har funne mange skattar der!

Klikk på linken under her:
I det du kjem inn på tunet møter
 du denne vakre utestova.
Allereie her blir du bergteken...
Om du klikkar på bilda får du dei større!
Link til butikkens heimeside finn du
 HER
Anbefalar deg ein tur innom!

Ho sender varer om du bur lengre vekk.
Nettbutikk er i kjømda!

Eg har vore der i dag!
Butikken feirar i desse dager
 1 år!
 Hege feirar dette med
 brask og bram!
 Lekker premie...
Du finn ut meir
 HER.

GOD LAURDAGSKVELD!

fredag 7. oktober 2011

Noko godt til helga ♥

Denne boka anbefalar eg på det sterkaste!
Eg har snart prøvd dei fleste
 cupcake oppskriftene, 
og er godt fornøgd med dei alle..
Enkle å følgje og flotte bilder!
Sjølvsagt har vi funne nokre favorittar..
Og Nonstopcupcakes er ein av dei!
Desse er så gode at eg vil
 dele oppskrifta med dykk!
Røre:
4 egg
225 gram romtemperert margarin
190 gram sukker
3 ts bakepulver
1 ts vaniljeekstrakt
200 gram kveitemjøl
200 gram knuste Non stop
Frosting:
150 gram romtemperert margarin
6 ss mjølk
200 gram mørk sjokolade, 
smelta, deretter avkjølt
200 gram Non stop
450 gram melis

Ønskar du kvit frosting må du bruke
 kvit kokesjokolade.
Då står du fritt til å tilsette
 dei fargane du vil!
Denne oppskrifta gir 18 cupcakes.
Slik gjer du:
*Forvarm omnen til 180 grader.
*Sett cupcakeformer i to muffinsbrett.
*Visp egg og sukker luftig.
*Tilset kveitemjøl, bakepulver, 
margarin og vaniljeekstrakt.
*Bland godt med ein miksar i eit par minutt.
*Ha i knuste Non stop.
*Fyll cupcake formene 2/3 fulle.
*Steik midt i omnen i ca 20 minutt.
*Avkjøl dei i 5 min i muffinsbretta og legg dei deretter på ei rist og
 lat dei bli heilt avkjølt.
Frosting:
*Smelt sjokoladen under omrøring i ein liten kjele på svak varme.
*Avkjøl og visp inn margarin og mjølk vekselsvis med melis.
*Visp til frostingen får ein
 fløyelsmjuk konsistens.

Pynt i veg!
Desse fell garantert i smak hos både 
 store og små!
Det er helg og lov å kose seg
 litt ekstra...
 GOD HELG!

torsdag 6. oktober 2011

Øsende regn, pøsende regn!

Nytt interiørmagasin og blomsterbukett,
  med lukta av norske epler
 i ei korg på bordet...
 gir meg 
Glede og kos 
ein regntung ettermiddag!
Akkurat det er regnet godt for!
GOD TORSDAGSKVELD!

mandag 3. oktober 2011

Ut av kjøkenet...

Og inn i soveromet..

Møblar og saker frå oldemors tid!
Hanskane er etter mi oldemor Astrid.
 Ho likte å pynte seg!
 Eg har nok ikkje berre arva
 navnet og møblar ..
Børstesettet med inngravert Astrid
 er også etter ho.
Gamle sko...
Og mine første sko!

God måndagskveld!