Dei fleste har vel kosa seg litt ekstra i dag.
Fastelavensbollar eller morsdagskake.
Kanskje begge deler?
Hos oss vart det morsdagskake, pavlova.
Ei av mine favorittar!
Ekstra god når vaniljekremen er heimelaga.
3 dl mjølk
2 eggeplommer
2 ss sukker
1 ss potetmjøl
1 vaniljestang
Ha alt i ei panne, rør under oppvarming.
Ta panna av plata når kremen tjuknar, rett før oppkok.
Kremen må ikkje koke.
Rør under avkjøling, då unngår du "snerk".
Takk for helsingar i innlegget under.
GOD NY VEKE TIL ALLE!