tirsdag 8. juni 2010

Mi "nye" spisestue.....



I dag fekk eg tekstane eg bestillte hos Hilde Heimdal.

Mitt nymala spisebord har no blitt "teksta" md Bon Appetit..


Og eg er STRÅLANDE fornøgd med resultatet ☺


Eg var heldig og fann nye knottar til klaff"skuffene" som var same som dei eg har på konsollbordet som står i lag med...
Farmors krambod i Ulsteinvik har eit STORT flott utval i knottar..




Å handle hos Hilde Heimdal er ei fryd..
God service og rask levering..
Ho har eit kjempe flott utval av veggtekstar..
Har du ikkje vore innom nettbutikken hennar,bør du gjere det♥
Du finn nettbutikken hennar HER.


Opp i pakken låg nokre overraskelsar også☺
Herlege ornament og små flotte anheng♥
Tusen ♥ TAKK,gode Hilde!

Eit ornament prydar vitrineskapet..



Eg er så heldig å ha to syrintre i hagen..
VAKKERT!

I år synest eg det har teke lang tid før blomsteren har komt...
Men,no endeleg..

 Så langt tilbake som eg kan hugse,har mamma pynta med syrin på min bursdag 12.juni,
Plukka ifrå Oldemor Astrid`s hage♥




Eg har også "teksta" mi nymalte ytterdør...
Og lisje bror sin tripp trapp stol har blitt is blå ☺
TRUDELIDUUUUU!

GOD TYSDAG ALLE DOKKE GODINGANE♥





mandag 7. juni 2010

Mitt 2.stilleben til NIB...



Årets første smørblomst bukett ♥


Ein herleg nostalgisk smak av sommar..




Sommarglede på det gamle bordet etter mi kjære oldemor Astrid♥

GOD MANDAGSKVELD♥




søndag 6. juni 2010

Litt av kvart på ein søndag....



Fredagskvelden i 23.30 tida,fekk eg føre meg at det berre måtte gjerast ei forandring på kjøkenbenken!

Ikkje store forandringar...Berre litt...
Å ganske så typisk,blir det total omvending inne i fleire skap,koppar og "kar" som må flytte til nye plassar osv....
Småting,pynteting,bilder....Ja,det meste får ny plass etter berre nokre små justeringar på ein kjøkenbenk!....
Å husbonden berre rista på haudet...Eg smiler tilbake og seier som vanleg..."Snart ferdig"...☺

 

Den lisje forandringa på benken er eg vel litt åleine om å sjå...
Og,INGEN fann fram til frukost koppane laurdagsmorgen...☺

NOSTALGI på Spar...

Eg trur ikkje eg har sett desse kjeksa sidan eg var lita...
Måtte sjølvsagt kjøpe ein pose.

Eit herleg barndomsminne♥
som prydar vårt nymalte spisebord!


Pionar kjøpt forige helg står fortsatt fint♥


I dag har vi vore på ein flott fjelltur i lag med besteforeldre og tante♥

Navnet skal sjølvsagt i boka☺


Lettvint middag og sommar dessert♥

Varm kylligsalat med brød.
Jordbær,melon og piska kremfløte med "ekte"vaniljesukker.


Varm kyllingsalat:

Skjer opp kyllingfiletar i bitar og steik.
Tilset tandorri kyllingkrydder.
Når kyllingen er gjennomsteikt tilset du purreløk,paprika,to fedd hakka kvitløk og soltørka tomat
(i olje).

Kok pasta.

Bland raud pesto(eit glas)ilag med pastaen.
Barilla`s pesto rosso er vår favoritt.

Tilset kyllingen og ruccola salat.

Veldig godt med foccociabrød til.
(her vart det grovbrød i dag)

Server varm!
Også god til lunsj/skulemat kald.



Lisje Olav Andreas hadde ikkje tid til å smile til mammaen,som sto med kameraet..
For dette var nyyyytelse!


Så er det berre å krysse fingrane for at det vert ei natt utan mageverk..
Masse fløte og jordbær..


(Ei liten "hemmeligheit"..)
Tenkte å male lisje bror`s stol isblå i desse dager...Hysj!
Husbonden er ein smule negativ til alle mine påfunn;)..
De passar så altfor dårleg inn slik den er no...

Tidlegare vann eg veggord frå Hilde Heimdal ♥
I pakken låg der to ekstra☺
Den eine hadde eg på bloggbordet mitt..

Home sweet home♥


Og den andre på ei hylle i soverommet♥




lørdag 5. juni 2010

SOMMARGLEDE ♥



Det har vore lite blogging dei siste dagane...
Har mala ytterdør,spisebord og gjordt ein del hagearbeid..

Kosa oss og nytt det fine veret♥





Bilda er i frå vårt inngangsparti....

Heldige meg fekk denne vakre sinkbaljen av gode Hege♥
TUSEN ♥ TAKK!

Til hausten skal den vaskast og skrubbast,og bli med inn i stua som ved"korg"..


Vi har kosa oss ute i heile dag☺
God og enkel lunsj.


Prinsessene diska opp med nydeleg god og lekker dessert til oss♥

Kunne nesten ikkje spise denne kunsten....♥

♥brownies med melis,jordbær og tusenfryd plukka i hagen av ein liten bror
(med hjelp frå ei stor søster)♥






Det vakre terometeret eg fekk av  Laila Johanne 
har eg hengt på ei skodde...


Eg har mala inngangsdøra i desse dager(var brun)
Ventar på pakke i frå
der har eg
 bestillt veggtekstar som eg skal ha på døra og spisebordet..
Har du ikkje vore innom bloggen/nettbuikken hennar før,BØR du gjere det straks..
Ho har så mykje lekkert og er knall god på service ☺
Du finn bloggen HER ♥


Det er ikkje lett  for søte små å vite kva blomster som er lov å plukke!
Men ei mors glede av å få slike herlege bukettar med korte stilkar er stor
Og det er alltid ei råd for blomster i heimen♥

Lisje Olav Andreas kallar blomster for "mamma"...☺


Med desse bilda i frå vår fine dag ute ønskar eg alle ein god laurdagskveld♥

TUSEN ♥ TAKK for alle gode ord♥


onsdag 2. juni 2010

Til Astrid ♥



SMILEPOST ☺

Innpakning og innhold i skjønn forening♥

Eg har vore så heldig å vinne
give away av Laila Johanne med bloggen Min vinterverden ♥

Ein kjempe flott blogg med masse inspirasjon♥

TUSEN ♥ TAKK!

Gåva passa perfekt♥
Og er så GLAD ☺


Bildet av lisje prinsessa passar perfekt!
Søt jente i søt rame♥


Så "rett" farge på rosene i rama..
Eg er ei "rosa dame".
Denne gammelrosa fargen er ein absolutt favoritt i både interiør og klede denne våren.

Eit av mine mange (overfyllte) stilleben..
Å jada..,eg treng alt som er på brettet;)




Barna på det lisje bildet er av mammaen min,tanta og onkelen min♥


Siste dagane med brundt spisebord med stor duk på....LYKKE!
I helga skal vi ha O`STORE malemalemale....☺
Både inne og ute...


Eg kunne ikkje dy meg....
Berre måtte kjøpe denne puta hos Bizarre i Ulsteinvik.
Passa så godt i linsofaen..




Regnet i dag var overhodet ikkje ein del av min plan i dag!
Vi er så godt i gong med hagen og maling...
Og eg hatar å bli stoppa med halvferdige prosjekt!....

Etter at eg trilla lisje bror i førmiddag,har vi hatt ein inne dag..
Hatt kjekt besøk av mamma,mormor og tante♥
Har baka ein STOR haug med pølse/pesto snurrar.

Grov deig med pølser,løk,pesto og ost.

 Alternativ lunsj for både
små og store.
Ta dei ut av frysaren om morgonen,og dei er tina til lusj ☺

Godt også med salat til.

 

Raskt,godt og enkelt☺

GOD ONSDAGSKVELD ALLE SAMAN♥










tirsdag 1. juni 2010

NIB`S JUNI UTFORDRING...



STILLEBEN


NIB`S juni utfording er å vise eit stilleben.
Denne utfordringa passar bra for meg,for i vår heim er det nok av stilleben
(eller for min del blir det aldri nok;)

Her er mitt bidrag ☺

Konsollbordet står i enden av vårt spisebord..




Sølvtøy i norgesglas,sølvskjeier i ei gammal terrin,sølvbestikk i "Fransk" bestikkskuff,gamle arvefat og bruktfunn i stativet..
I kassa under ligg spisebrikkar klare og telys i ei gammal kakeboks.

Eit stilleben som er saman satt av kjære minner og ting som vi treng dagleg♥

Bildet er av mi kjære oldemor Astrid(som eg er oppkalt etter)som lita pie♥








GOD TYSDAG TIL ALLE♥