lørdag 30. juni 2012

Sommarleg kremkake

                              
Blautkake med marsipanlokk,
  bringebærfyll og sommar!
Kake til mamma`s gebursdag!
Min 3 åring advarte gjestane:
"Dersom du spis blomane,
 kjem du til å nyse!"
Bildet på veggen inspirerte meg..
Fylt med frisk bringebær,
 vaniljekrem og fløte.
Ekstra god etter å ha stått eit døgn.
Sukkerbotn:
Eggedosis av 6 egg og 2 dl sukker.
Vend forsiktig inn 3 dl kveitemjøl
 og 1 ts bakepulver.
160 grader, nederste rille i ca 40-45 min.
Slå av omnen, men lat kaka stå til avkjøling
inne i omnen.
God helg!

fredag 29. juni 2012

Ei kake-bake glad Astrid kunne ikkje
 late vere å kjøpe dette bildet!
Gamle kasser,
 med eit lett strøk kvitmaling,
 til oppbevaring av bake utstyr.
Kjøken"øya" har tidlegare vore eit
 gammalt skule kateter.
Eg er særs nøgd med bildet på veggen!
God fredagskveld.

onsdag 27. juni 2012

Eg har drista meg til ein
 kontrast i tv-stova..
I ruter!
Og kontrasten stod til både klokka
 og andre små detaljar!
Sommar helsing frå rektor står
 vakkert på bordet.
I morgon fyller mi kjære mor år.

tirsdag 26. juni 2012

Tusen ♥ takk!

Er innom for å takke for alle helsingane
 og god orda i forhold til reportasja i
  BoligDrøm.
*Rødmar*
God tysdagskveld til alle!

søndag 24. juni 2012

Kan ikkje lat vere å nemne at det
 er reportasje frå heimen vår i 
Bolig Drøm nr 6.
Eg hadde besøk av to flinke og kjekke
 damer i fjor vår.
Kjersti Lunnan Aas og Jeanette L. Bekkevold.
Det var ein veldig spennande
 og så absolutt fin dag.
Nokre forandringar har det blitt,
 med påbygg og ny stove.
Men, maksimalisma rådar fortsatt!
God søndagskveld til alle som er innom!

fredag 22. juni 2012

Blomar er til så stor glede for meg..
Og no er det berre å gå ut å plukke..
Dei er så tilgjengelege..
Og vakre!
God fredagskveld!

torsdag 21. juni 2012

Sjokoladekake!

Plutseleg sommarver..
Då må ein berre "kaste" seg over høvet!
Blondeduk, grillmat, sommarsko
 og eit aldri så lite kakestykke..
Fleire hadde ynskje om oppskrift på sjokoladekaka i headeren min.
Eg delar!
Denne kan du trygt tilsette krydder i.
Stjerneanis, kanel, nellik etc.
Del den og ha fyll inn i.
Vaniljekrem kan også brukast (heimelaga).
Server gjerne med friske jordbær til.
HER ER SOL OG GLEDE!

onsdag 20. juni 2012

Sommar i tv-stova..
Markjordbær blomsten gledar..