tirsdag 31. august 2010

Eg tek utfordringa!


Hanne med den utruleg flotte bloggen Hannes dagbok utfordrar til å vise TV-KROKEN.
Eg tek utfordringa,sjølv om eg har vist bilder herfrå monge gongar før!

Vi har fridag og lisje bror og mammaen har kvilda si.
Han søv søtt i senga og eg "kvilar" ved dataen og ein god kopp kaffi!


Tv kroken er ikkje den plassen eg oppheld meg mest..


Ei Tv stove er snart under bygging!

Eg likar meg betre i lesekroken..


Eg er ikkje akkurat avhengig av tv..
Men,"blogglandia" derimot..;)


Veggen bak tvèn er det altan
(som ikkje er i bruk)
Der skal bli tv stove.
Snekkarar kjem i løpet av hausten..

Nokre detaljar


Veggord frå Roka Design 








Kappa skjuler DVD spelar,ledningar osv..


Hanne frå HALDEN er med i konkurransa om
Norges vakraste heim!
Ho ligg på 3.plass..
Ein FANTASTISK vakker heim med detaljar og inspirasjon til fingerspissane..
Du MÅ ta deg ein tur innom BLOGGEN hennar.

Ønskar deg masse LYKKE til i konkurransa,flinke Hanne!


Du kan stemme
 HER

No er middagskvilda over og lisje bror sit på fanget og bloggar ferdig ilag med meg.
Phuuu!

Håpar at fleire vil ta utfordringa!

GOD TYSDAG ALLE DOKKE GODINGANE!
♥♥♥

søndag 29. august 2010

Pastellar i kjøkenet ei stund til..


Planen var å
bytte ut pastellane og få fram litt haust i kjøkenet..
Men,eg er rett og slett ikkje klar!
Likar så godt denne lys rosa og lys blå fargen..
Etter turen innom Landhandelen i Ørsta(Ah!Draumedag.) kjenner eg at det blå skal vere i kjøkenet ei stund til!
Duken på bordet er bruktfunn.
Fargane i hylla gjer meg glad.



BLÅ
 detaljar blei
med
heim frå Ørsta..


Har alltid problemer med å gå ifrå
skilt med tekst!
Dette
 passa perfekt på den
lisje krydderhylla..
Ah!Denne hekla lyseblå "grytekjolen"
gav meg tankar om oldemors kjøken..Og eg var "solgt"!
MÅTTE HA!


Målebegert i emalje
(IB LAURSEN)
kjøpte eg også i Landhandelen.


Tomatane oppi var "lett bytte" for lisje Olav..
Som kosa seg med dei til frukost..

Alle desse herlege koppehandukane frå Krasilnikoff i pastellar,
eg er ikkje klar for å legge dei vekk heilt enda.


Sinkhylla er kjøpt hos Irene`s hudpleie..
JA!På Hareid er det rett og slett muleg å kjøpe interiør etter endt hudpleie..
Genialt faktisk!
Høyrer egentleg saman desse to...
Hudpleie og interiør..
Passar MEGET godt for meg!


Det vart ikkje haust i interiøret her enda..
Men,årets første eplekake er bakt,med epler frå hagen.




Lyng pyntar vårt haust"fest"bord i dag.


Vi har fortsett der vi "slapp" forge helg..
Har feira Olea 10 år i dag og!
Med brensnut til middag..Og eplekake og sjokoladekake
til dessert
Det lukta iallefall litt haust.


Eplekaka serverast sjølvsagt varm med vaniljeis til.
Blinkskudd!
Legg merke til den lisje handa!



NOKON SOM KAN HJELPE?

Når eg legg til gadget i bilder på sidene i bloggen,klarer eg ikkje lagre dei etter at
eg har flytta dei!
Hmmmmm...
Det berre står å lagrar og lagrar...
Og legg seg berre heilt oppe,uansett.
Har vore slik i eit par veker!

Nokon som veit kva som er gale?

Kan liksom ikkje ha sommarbilder heile hausten...

GOD SØNDAGSKVELD OG GOD NY VEKE ALLE SAMAN




lørdag 28. august 2010

LANDHANDELEN


Ein ganske ny interiør butikk i landleg stil i Ørsta..
Mine to vakre og gode prinsesser med herligheitene i posar..
FANTASTISK LEKKER BUTIKK!
Heilt etter min smak..


Prinsessene studerar vise ord!
"Den som et langsomt lev lengre"
Trur det var det som sto på tavla..
Prinsessene kjøpte gåve til ei venninde som dei veit likar så godt denne stilen..
Akkurat det synest eg er så søtt.


Ah!Kunna gått her i fleire timar..
Dette er ein butikk eg så absolutt skal snart tilbake til!
Store prinsessa vil gjerne vere med,for Ørsta har også Bik Bok og Vita..
Så alle interiør glade damer frå Hareid,Ulstein,Herøy...
Dette MÅ dokke få med dokke!


Eg fekk lyst å sette meg ned ved dette bordet med ein kopp kaffi å berre nyyyyyyyte!




Når eg såg denne senga kjente eg kor mykje eg gledar meg til
nye stova blir ferdig..
Husbonden skal få "si" tv stove
og eg "mi" tv frie stove!
Eg har nemleg to slike sengar etter mi kjære oldemor Astrid.
Den eine skal eg ha i "mi" stove som dagseng.
Den andre har eg tankar om at  lisje Olav kan ha?
Eller er det litt rart?...


Heldige er vi interiør glade/gale i mitt distrikt,med Farmors Krambod,Bizarre og Engledryss i Ulsteinvik.
Bella Blå i Herøy og Landhandelen i Ørsta..
Alt dette utan ferge!
Damene som driv Landhandelener denne helga i Lillestrøm,så det er berre å GLEDE seg..
Det gjer iallefall eg.
Reknar med dokke er klare
Cesilie og Karoline;)

Når eg kom att frå vår herlege jentetur i dag låg det lykkepost å venta..
Heldige meg vann give away hos Hvit Romantikk


Så søtt innepakka med like søtt innhald.
Kjempe lekker sinkboks med herleg duftprodukt og hjerter.
Stoffhjerte og duftelys frå yankee candle.
Veldig god duft!


TUSEN ♥ TAKK for så fin gåve,kjære ANETTE


I skrivande stund kosar eg meg  vekselsvis med kakebakst og blogg.
Har "benka" meg i kjøkenet i kveld.


At det regnar og er mørkt ute er berre herleg!
Det gjer det enda koselegare å vere inne..
Hausten er ei fin årstid!


GOD LAURDAGSKVELD!
 ♥


fredag 27. august 2010

LYKKELEK ♥


Ettersom lisjebror no har blitt stor bhg gut,har vi slutta med stellebord..
(HJEEELP!)

Stellebordet har blitt "framskap" i kjøkenet..
Bilder finn du HER
Mi flinke sydame
(Tusen takk du gode tanta mi♥)
tok atter eingong imot bestilling av kappe.

Eg er ei "kappedame"!


Klær og div som var i stellebordet er no skjult bak denne kappa!


Ei gammal kasse kjøpt hos lokal blomsterbutikk for 150 kr.


Oldemor Astrid`s børster i sølv..
Vaskefatet er etter min manns bestemor.


Ser at flisene blir så gule på bilda..Hmmmmmm..
Dei er ikkje slik!
Meir sandfarga..

♥LYKKELEK♥


Eg har kjøpt "snekkarbukse" til vår lisje arbeidskar.
Herlege og flinke Ann Kristine med den kjempe inspirerande og flotte bloggen 
har sydd den.
Snekkarbuksa er i mjuk fløyel og
er veldig behageleg å leike i.
Eit favorittplagg!
Ann Kristine har nyleg starta ein bloggshop under navnet LYKKELEK.
FANTASTISK søte klær♥
Snakk om å ha talent..
Du bør ta deg ein tur innom!
LYKKELEK finn du
 HER.




Absolutt lukkeleg leik i denne behagelege buksa!


TUSEN ♥ TAKK,DU GODE


GOD FREDAGSKVELD ALLE SAMAN!

torsdag 26. august 2010


Hausten er rett rundt hjørnet med mørke morgonar...
Så med desse solstrålane i stova ein tidleg morgon måtte eg fram med kameraet!


I denne delen av stova kosar eg meg stort..
"Lesekroken".




Det gledar meg og varmar
mitt ♥ med alle fine ord og kommentarar frå dokke godingane.
TUSEN TAKK!
Desverre har eg ikkje fått tid til blogg dei siste dagane..

Kvardagen er såååå tilbake!


Bilder frå stova i kveld..

Ute er det mørkt og det pøsar  ned...
Ein absolutt haustfølelse..
Og som er ein smule god!


Etter ei runde innom vaskeromet og to prinsesser skal eg nyte inspirasjon i blogglandia!
GOD TORSDAGSKVELD OG EIN FIN FREDAG ØNSKAST TIL ALLE!