fredag 30. juli 2010

Home & Vintage ♥


SMILEPOST ☺

Heldige meg fekk give away gåve i posten i går!

Ei flott bok,sankakeformer, gode bringebærdrops
(har smakt alt;)  
og herlege heimelaga tags.


TUSEN ♥ TAKK,kjære Madele`n.
Ei flott og kreativ dame med ein herleg og inspirerande blogg!
Ta deg ein tur innom!

Eg vart så glad for gåva!
Masse spennande i boka,som passar meg godt ☺

Dei fine tagsa har eg festa på to fattigmannslysestakar som står på stovebordet.


Husbonden er no straks ferdig med foringar,listing og ny vegg rundt dei nye vindua i stova.

Syntest han fortjente  roser ♥
(hehe..flaks for meg;)



Tusen takk for mange gode tips angåande gulv og lampefot..
Lampen er fortsatt svart!
Og eg like blank...
Eg som brukar å vere så sikker på korleis eg vil ha det og nølar sjeldan når det kjem til maling!


Lampa får vere nokre dagar til..
 Så får eg starte å male eit konsollbord først.

Prinsessene er på overnatting i helga,så eg har innlosjert meg med malingspøser i prinsessetova!


GOD FREDAGSKVELD  ALLE SAMAN

torsdag 29. juli 2010

VALGETS KVALER...


Her i heimen diskuterast det gulv...
Husbonden er som alltid skeptisk til kvitt!
Han vil ha trestruktur i lys beige og eg vil sjølvsagt ha det lysast mogleg,helst kvitt!
Hmmm...


Ein liten venn blei med heim frå Danmark ♥


Skal-skal ikkje male denne lampefoten kvit og "shabbe" den?


Blir så glad for råd ☺


Mi flinke tante har sydd meg nytt trekk til lampeskjermen!
TUSEN ♥ TAKK,du gode.

Den store Sia engelen har flytta plass,
og ønskar varmt velkomen i trappoppgongen til 2.etasje.



Med desse bilda frå heimen ønskar eg alle ein god torsdagskveld♥



onsdag 28. juli 2010

FLOTT AWARD MED UTFORDRING ♥

Eg har vore så heldig å motta denne awarden av to flotte damer!

Monica med Det lille ekstra.
Eg set stor pris på deg♥
Innlegga dine er alltid inspirerande..Enten det er mat,handarbeid,oppussing så formidlar du det så utruleg vakkert med både bilde og tekst!
Likar så godt din romantiske og lyse interiørstil.
Du er ei glad dame det er lett å bli glad i♥

Eva Maria med Velkommen til Fjøra.
Eva er forholdsvis fersk bloggar.
Veldig morsomt at ho faktisk bor vegg i vegg med min farfar..
Ho har seldt hus og hage og kjøpt leilighet der det enkle rår..
Men,har i tillegg eit fantastisk koseleg hus ved fjøra der blonden og alle detaljane rår!
Kjempe flott blogg du bør besøke..

Tusen takk begge to ♥


Utfordringa går ut på å fortelje 7 ting om meg sjølv,eller 7 ting eg ønskar meg..Sidan den lista er veeeeldig lang,velger eg det første!

Så skal eg legge ut eit bilde av meg sjølv!

Eg har fått liknande utfordringar nokre gongar før..
Men,alltid kjekt å bli satt pris på med både utfordringar og awardar!

1.
Eg er veldig heimekjær.


2.
Er ein nastolgikar...
Møblar og ting som vi har arva frå oldeforeldre/besteforeldre  betyr mykje for meg.
Ting som har levd og har historie.




3.
Er glad i å lage mat..
Sida det blei med større mengder jorbær frå butikken i går,måtte det bakast litt i dag ☺


 Resten er blitt til jordbærsylte


4.
Kjedar meg ALDRI..
Har alltid noko å styre med,å slik likar eg det!
Etter eg oppdaga "blogglandia" er det iallefall ikkje grunn til å ha det kjedelig..
Så har eg som regel eit prosjekt eller fleire på gong.

Og med tre kjekke barn i ulike aldrar (1 1/2,snart 10 og 13)er dagane varierte og spennande og
alt anna enn kjedelige!

5.
Vi kjøpte huset vårt for to år sida,og har pussa opp det meste.
Nytt kjøken,bad,tak,vindu,nokre gulv,mala,tapetsert,flislagt,nye rominndelingar osv...
Stova er no nesten slik vi vil ha den..Berre nytt gulv som står att!
Dette brune golvet skal bli ei fryd å få bytta til lyst.

Og påbygg med ny (tv)stove blir starta på i haust.



6.
Har veggord i dei fleste rom..
Likar dei så godt ♥


7.
 Det siste året har eg blitt veldig glad i den franske landstilen.


Så var det bildet av meg..
Frå 17.Mai.


Så skal eg gi utfordringa til 7 andre bloggvenner!
                                                  
Datt ☺
                                                       

Draumesidene ☺

 Svingens lille hus ☺



Anitas små hverdagsfundringer ☺

Simones country home ☺

Minishabby ☺

Hannes dagbok ☺


GOD ONSDAGSKVELD ALLE SAMAN ♥




tirsdag 27. juli 2010

Matprat med smak av sommar ♥


Eg trur at det aller beste med sommaren må vere jordbær ♥

Eg berre måtte kjøpe store mengder i dag..
Og når dei endatil er ferdig renska er det luxus ☺


Ein liten sommarfest vart det her i ettermiddag då vi fekk besøk av mormor,tante,mamma og pappa.
Med vaniljeis,vaniljesaus og kaffi til jordbæra er det smak av sommar for meg.




Med fint ver og mykje husyssler på gang er det greit med lettvint mat litt seinare..

Etter besøk på bloggen til mi kjære bloggvenninde Monica med
vart eg inspirert (igjen).
Denne gang til å lage tacosalat.
Ta deg ein tur innom denne kjempe lekre bloggen og bli inspirert du og!

Ettersom eg ikkje hadde kjøtdeig vart min salat i dag litt annaleis med dog veldig god ☺

Du finn Monica`s salat


TACO KYLLING SALAT
til 4-5 personar:

4 kyllingfiletar
1 pose tacokrydder
2 fedd kvitløk
litt olje

*Skjer filetane i små bitar og steik ilag med kvitløk
*Tilsett tacokrydder

*lag salat av 
1 agurk
1 paprika
4-5 tomatar
1 rødløk
1 boks mais
grønsalat etter ønske
(her ♥ salat)

Når kyllingen er lunka bland den saman med salaten.

Server med
tortillachips,tacosaus,rømme og brød.

Lett,enkel og god sommarmat.


BON APPÈTIT



Med desse bilda ønskar eg alle ein god tysdagskveld ♥

mandag 26. juli 2010

Flaskedilla...


Har blitt heilt hekta på glasflasker i ulike variantar!
Både med og utan innhald..

Eg fann ein søt liten butikk
 i Rønde i Danmark,




Korset er også kjøpt her.

 

Fine flasker med inhold er også dekorative..
Og berre måtte bli med meg heim.



Tusen takk for alle herlege og fine kommentarar frå dokke gode damene ♥
Eg set stor pris på kvar ein av dykk!
Det vart ikkje besøkt så mange bloggar i går kveld...Var sliten etter reisa.
Men,i kveld skal eg snuse inn inspirasjon her i "blogglandia"

No skal vi feire min kjekke pappa!

GRATULERER MED 52 ÅRS DAGEN ♥


Alle gode ønsker til deg for dagen og framtida!

Glad i deg ♥

GOD MANDAG VIDARE TIL ALLE ☺

søndag 25. juli 2010

Tilbake att ☺


Då er eg tilbake etter ein herleg og inspirerande ferie i Danmark ♥

"sommarbloggpausa"
no er oppheva!

Eg gledar meg masse til "blogglandia" igjen ☺

Våre 10 dagar i Danmark har vore heilt perfekte!
Frå 22-28 grader kvar dag var det litt syden ferie også!
Strand,storby,mindre by,dyrepark,sommarland,shopping,
god mat og drikke,
antikvitetar,fantastisk natur,is og ikkje minst mykje latter og glede!

 

Ilag med mine foreldre,min bror og mi svigerinde har vi no gode minner for alltid ♥


Ei interiør dame reiser sjølvsagt ikkje til Danmark utan å speide etter anikkbutikkar!

Ah!Dåååååån!
Der var nokre...
Ikkje enkelt å velge ut av slike mengder..

Men,å kjøpe ting som har historie frå plassen er litt stas.

 Gamle sifoner frå Paris,men vart funne i ein gammal fabrikk i Århus.
Den blanke sifonflaska står det Århus i glaset.

Desse to flaskene er eg utruleg glad for..


Foreløbig står dei på det gamle bordet..


Husbonden skal no til med foringar i dei nye vindua..
Og det betyr meir plass til fine ting ☺



Å JA!
Det er Deilig å vere norsk i Danmark ☺

Og veldig godt å kome heim ♥

God søndagskveld til alle!








onsdag 14. juli 2010

Bloggpause!


Eg har no bestemt meg for å ta ei lita pause frå bloggen!

Berre for å nyte ferien ilag med mi gode familie♥


Bilderas frå ei nyvaska stove..

Tv kroken vår:









Vi er i feriemodus her i heimen!

Seine kveldar med is og jordbær er ferieglede ☺




Berre kosar oss og tek dagen som den kjem...

Ein god følelse♥

Med desse bilda ønskar eg alle mine kjære lesarar gode sommardagar med håp om masse sol og glede!