fredag 18. mars 2011

FARGEN BLÅ ♥


I gårkveld vart kjøkenet ferdig malt med fargen BLÅ!


Er strålande fornøgd med fargevalet!

Tidlegare i veka:


I dag:




Heilt naturleg å feire med kake og kaffi, ilag med ei god venninde.


Ønskar nye følgjarar Velkomne.


GOD FREDAGSKVELD!

tirsdag 15. mars 2011

Enda meir...


frå spiseplassen vår..

Opplasting av bilder går veldig sakte..
Det er nok noko gale her. 

Er særs glad for vår nye benk!


Har bestillt kvite stolputetrekk
 med volangkant i Ellos.
Men,må vente heilt til mai før dei kjem!
Phu;p

Eg er ikkje god på venting..


Har starta på maling av kjøkenveggar i dag..
Men,det vart så mykje blått at eg måtte
 gi meg..


Gjekk brått opp for meg
 at dette var eit større steg å ta enn
eg var klar over..


Må rett og slett kjøpe ei endå
lysare maling i morga!
 (men,fortsatt blå)

Men,har ein plan om at det skal bli bra!










Så glade vi er for lyse morgonar
 og sola som varmar oss.


GOD ONSDAG!

mandag 14. mars 2011

♥♥♥♥


Eg har vore så heldig å få
 award av

Med denne awarden nevnar frua meg som ein
 av sine tre
 blogg favorittar!

Wow!
Dette er stas..

Tusen takk,du gode.
Eg tipsar deg om ein tur innom Fru Andersen..
Klikk HER og len deg tilbake,
(for du kjem til å vere der inne ei stund!..)
Kos deg!


Som Fru Andersen skal også lisje Astrid plukke ut tre favorittar..
Dette er ikkje særleg enkelt.

Det er så mange fantastiske interiørbloggar
 som inspirerar og gledar meg! 



Interiør til å dåne av!

NOSTALGI

Denne dama inspirerar meg alltid..
Mitt inntrykk er at ho nyter øyeblikka..
Å vere mamma.
Gledar seg over små ting,
Det Gode Liv.

(Som mange andre interiørdamer)
har ho stadige prosjekt på gong!

Bilda ho postar i bloggen sin er klare,
 lyse og med alltid herlege detaljar.

Ho har full kontroll på interiør..
Det lisje ekstra,rett og slett!



Kreativ,lekkert interiør,nostalgi,
skildrar kvardagslivet som mamma til
 to søte jenter og ein baby i magen
 på ein vakker måte.
Gleda over å vere mor er til å
 ta og føle på her inne...
Og det likar eg.
Ho syr unike barneklær.
Eg kjøpte ei snekkarbukse til lisje bror
 av ho.
Vart straks favorittplagget!

Også her inne syner
 Det Gode Liv.

Du ser fort kva eg meinar.
Klikk HER



Som navnet på bloggen seier det!

Denne bloggen gir meg mykje av det eg finn i dei to ovanfor.

GLEDE
INSPIRASJON
LYST OG VAKKERT INTERIØR
NOSTALGI
MATOPPSKRIFTER

Monica er kreativ..
Syr og malar om ein annan.

Også her syner
 gleda over kvardagslivet og morsrolla
 så godt.

Berre klikk HER
Sikker på at du ser tråden tydeleg.

Eg fell nett for slike bloggar!
Det er positiv energi for meg.
Og eg blir
 GLAD!


TUSEN TAKK
for alt de delar av
interiør og glede!


søndag 13. mars 2011


Har ikkje hatt føre meg bloggsyslar
den siste veka.

I dag var tanken og lage innlegg om ny slagbenk i spiseplassen vår.

Det måtte då sjølvsagt vere tekniske problemer med blogg.

Får lasta opp bilder,men greier ikkje legge dei til.
Etter mange forsøk,og til slutt eit tidkrevande triks fekk eg lagt til tre bilder.

Lurer på om det er min data eller om nokon andre har merka dette? 


Ønskar nye følgjarar velkomne!



OG EI GOD NY VEKE
  TIL ALLE!


søndag 6. mars 2011


Ikkje mykje nytt..
Men,berre måtte forevige tulipanane.

Dei gir meg glade tankar om våren..

Husbonden`s nye tv er ikkje mykje bloggbar etter mitt skjøn!


Eg ventar på mine to jenter som er straks heime etter ein særs bra vinterferie i Bergen på besøk med onkelen og tanta,
ilag med mormora!

GLEDAR MEG..


Då (også) er bloggen god å ha..
For her inne i "blogglandia" går tida fort!

Gårkveldens glede..
(Heimelaga)vaniljeis,(heimelaga)sjokoladesaus
 og jordbær.







Ønskar nye følgjarar velkomne.

Tusen takk for alle gode ord!


Etter eit slikt VM smilar vi,
 og er klare for ei ny veke!

lørdag 5. mars 2011

Enda meir kjøken..


Eg har kosa meg STORT med
NIB`s mars utfordring.

Det er berre heilt utruleg
 mykje flotte kjøken i
 "blogglandia"!

Klikk HER ,
og snus inn fantastisk inspirasjon..
Lovar deg at du kjem til å gløyme
 både tid og stad.
 Tida går fort når man har det gøy!
 


Eg synest det var ekstra kjekt
 tema denne månaden.

Kjøkenet er huset`s .
Det brukast mykje tid her.
God tid.
Samtalar,glede,mat,
samarbeid,læring,samspel..


Små ting av stor betydning.




Fleire ønskte seg oppskrifta på marengspaien eg laga her om dagen.

Klart eg delar!


VARM MARENGSPAI!

Til 6 personar

BOTN

225 g sjokoladekjeks
60 g smør

FYLL

3 eggeplommer
4 ss sukker
4 ss maisenna
6 dl mjølk
100 g mørk sjokolade (70%),smelta

MARENGS

2 eggekviter
100 g sukker
1/2 ts vaniljesukker

Knus kjeksa i ein plastpose.
Smelt smøret.
Bland saman
og ha det nederst i paiforma.

Pisk eggeplommer,sukker og maisenna i ein stor bolle.
Varm mjølka til den nesten kokar,
og hell den (litt om gongen) i eggeblandinga
 medan du rørar.

Ha blandinga i ei kasserolle,og kok over lav varme til den tjuknar.
Rør heile tida.
Ta kasserolla av varmen,og rør inn den smelta sjokoladen,og hell røra over kjeksbotnen
i forma.

Pisk eggekvitene i ein stor bolle til den står av seg sjølv.
Visp inn to tredjedelar av sukkeret
litt om gongen,til blandinga er stiv og blank.

Vend inn resten av sukkeret og vaniljesukkeret.


Legg marengsen opp på fyllet,
 lag bølgjemønster med ei skje.


Steik paien midt i omnen ved 160 grader
 i ca 30 minutt.
Marengsen skal vere gyllen.

Serverast varm,gjerne med friske bær til.

BON APPETIT!






I ettermiddag har vi nytt
 det gode liv her i kjøkenet..
(Matglade;)
Vi har laga kyllingpizza,(heimelaga) vaniljeis
 med (heimelaga) sjokoladesaus og jordbær
 til dessert.

Vi feira sjølvsagt GULLET..
Heia NORGE!






ØNSKAR ALLE EIN
KOSELEG LAURDAGSKVELD
OG EIN GLAD SØNDAG!