mandag 21. februar 2011

Vinnaren..

    

Då er vinnaren trekt..
Beth,med den kjempe
koselege bloggen


Heldige Beth får fritt velge nummer eller namneskilt i emalje.
Send meg mail på
så tek Ramsign kontakt med deg.




God mandagskveld!



fredag 18. februar 2011

Malemodus..


Ein liten tur innom bloggen med solskinsbilder frå kjøkenet.



 

I heimen her er trappa vår i ferd med å bli kvit.
SMILER


Tusen takk
 for alle
 godord frå dokke angåande "prinsessestova".

Blir nok ikkje tid til blogg dei nærmaste dagane.
Men,så snart gangen/trappa
 er klar,er nok eg klar med kameraet.


GOD HELG!

tirsdag 15. februar 2011

Kjellarstova..


Eller prinsesstova som eg kallar den..


Spisestovestolane våre har fått plass her nede.
Og dei passar dei godt.

I kjellaren regjerar våre to jenter.
Denne stova er deira
 "rede".
 

Lyskruna har eg måla.
 Den var svart med detaljar i gull..
Men,det passar ikkje her...


Bordet har min svigerfar laga.
Vi overtok det til vår første heim.
Beina på bordet har vore både grønt og grått.
I helga "friska" eg det oppatt med eit par kvite strøk.

Jentene har sin lekseplass her og kosar seg titt og ofte med venninder og god mat rundt bordet.


♥ 




Sofa/tv kroken er ein god stad å vere.






Ein liten kik inn i soveromet til ei kjekk jente.



Ønskar alle ein god tysdagskveld.
Og alle nye
følgjarar velkomne.

søndag 13. februar 2011

Morsdag er ein fin dag ♥


Frukostglede med kort og gåve.
Jentene og pappaen i slalombakken,
 og mammaen og lisje broren i "kjøkentjeneste".
(Grei fordeling når
 eit par naser er særs tette!)

Middag og kaffi med mormor og morfar!
Både eg og mi mor smilar over ein fin dag og ny tilfang PIP.


Sola gir ein god start på dagen(dersom ein klarer å nyte lyset og motstå trangen til å drepe hybelkaniner!)


Eg klarte å nyte
 lyset og kaffien..
Men,eg trangen til å ta knekken på hybelkaninene tok overhand!


Har bytta stolar med prinsessestova.

Stolane med trekk har komt ned,og tok seg godt ut der.
Har måla både eitt og anna der nede i løpet av helga også;)


(Ja,brettet på bordet var brunt for kort tid sidan..)

Minner om Give awayèn min med premie frå Ramsign.
Du kan bli med ved å
klikke HER


Då kryssar eg fingrane for ei fullstendig arbeids/skule/bhg veke utan
 sjuke born og vaksne i heimen!


GOD NY VEKE ALLE SAMAN!

fredag 11. februar 2011

Når katta er borte dansar musene på bordet...


 Har iallefall måla!


Denne gongen har blandt anna
eit gammalt singer sybord
 blitt kvitt.


Med ein kartong kleenex,
vår gode ven Elias
og kjærkoma hjelp frå mormor
 har vi komt vel i hamn denne veka også.

  

Symaskina var altfor mørk.
Så å måle den var for meg eit godt val!


Eg hadde nok ikkje måla den
 om det var arv.
Denne kjøpte eg for 10 år sidan.

Eg har ei anna (utan bord) som er arv.


Ja,eg veit...Oliventreet er eit sørgeleg syn.
Ventar på at dei skal dukke opp i blomsterbutikkane igjen.

Ei "gamal" vogn har fått nytt liv.
Fant den i mamma`s kjellar,
brun og øydelagt.




GOD FREDAGSKVELD!

tirsdag 8. februar 2011


Med ein sjuk lisje bror har det ikkje blitt bakt bollar i dag..
(Lisje bror`s fridags favoritt syssel;)

Men,ei kjekke mormor kjøpte kjempe gode berliner bollar,og vi
kosa oss stort sjølv om det er berre tysdag.


Eg har sørga for nye
 liter med kvitmaling.

(Det er jobbreis på husbonden denne veka også.)
"Når katta er vekke..Dansar....."

 



Smilepost til meg ☺

Eg har vore så heldig å vinne
 give away hos Hildemor

Kjempe fin vest/bolero og pulsvarmarar i så deilig strikk.

Eg anbefalar deg å ta ein tur innom Hildemor 

Masse spennande matoppskrifter
 og herleg inspirasjon og hente her !




Sidan lisje bror er sjuk har vi hatt ein lat innedag..


ØNSKAR ALLE NYE FØLGJARAR
  VELKOMNE.


GOD ONSDAG ALLE SAMAN!