torsdag 30. juni 2011

Bilderas frå kjøkenet...


Kunne ikkje la vere å kjøpe dette skiltet!


Bildet er laga av minste pia..
Fekk det av ho då lisje bror låg i magen.
Blir GLAD av dette bildet!

Piknik korga står klar, 
(ventar på sola)!








Så var det desse skilta...




Kake til mamma 54 år.



GOD TORSDAGSKVELD OG EIN FIN FREDAG
 ØNSKAST TIL ALLE!

onsdag 29. juni 2011


Koseleg stemning med levande lys
 i ei krå i stova.


Det er rett og slett berre å tende lys
 og satse på at sommaren er 
rett rundt hjørnet!

(Følest mest som ein haustkveld)










tirsdag 28. juni 2011

På "nett" igjen..


Heime igjen etter nokre fine hyttedagar,
og ein god start på ferien!


Vi ventar fortsatt på sommaren,
 og badestranda handdukane heng på vent...


Å nyte fridagar på hytte i Stryn i lag med familie og venner er 
glede og rekreasjon.

Og kosefaktoren er då sjølvsagt høg!

(Pluss null data;)




Etter slike fine dagar er det 
også godt å kome heim..


Skulla berre så gjerne ha sett 
litt meir av sola!


Men, for å sjå lyst på det 
så fekk eg ein effektiv morgon.
Hus og klesvask!
Og bakst til 
mamma som i dag er 54 år.
GRATULERER, du verdens beste!






Takk for alle gode ord.

Då er eg på nett igjen, og skal nyte kvelden inne i bloggland.


GOD ONSDAG!

torsdag 23. juni 2011

1. feriedag..

                            
                                                                                         
Då er det sommarferie i nærare 2 månadar!


Sjølv om det i dag (igjen)
er meget tungt ver, 
10 grader, regn. 
Solsnu..
Men,vi er så glade for ferie!


Satsar på at veret om ikkje lenge viser
 seg frå ei betre side.. 


Solstålane i bilda er ikkje fanga i dag..







Håpar du får ei fin jonsok feiring,
 uansett ver!

søndag 19. juni 2011


Lupinar frå vegkanten lyser 
opp i kjøkenet vårt.


Er innom for å ønske alle ein strålande god søndag!

Vi skal nyte det fine veret i fjellheimen.


♥♥♥

lørdag 18. juni 2011

Jentekveld = kvalitetstid ♥


Då kjem det enda eit mat innlegg..

Husbonden var i går kveld vekke,
og vi tre damene veit å nytte høvet!

(lisje bror fekk også deltake på vår "fest" ei lita stund;)


Nachos med heimelaga salsa.




SALSA:

4-6 store smakfulle tomatar
litt frisk basilikum
1 løk
salt/pepar
litt kajenne pepar
1 chili med frø
1 raud paprika

Ta vekk frøa frå tomatane.
Hakk løk, chili og paprika.
Bland alt saman med stavmiksar.


Sjølvsagt ingen jentekveld utan dessert!

Det er særs kjekt å lage til når jentene mine 
(på snart 11 og 14 år) er nær like glade i matlaging som det eg er.
Å prøve nye oppskrifter og smakar 
er spennande!


Sjokoladefondant med bringebærsorbet!


Sjokoladefondant:
250 g smør
250 g kokesjokolade
5 egg
125 g sukker
revne skal frå 1 appelsin
50 g kveitemjøl

Smelt smøret i ein kjele.
Ta den vekk frå plata og rør inn sjokoladen.
Pisk saman egg og sukker, og bland med 
sjokolade smør og revne appelsinskal.
Sikt over mjøl og bland saman.

Smør nokre eldfaste porsjonsformer med 
smør og mjøl, og fordel røra i formene.

Steik midt i omnen ved 225 grader
i omlag 11-12 minutt.
Fondantane skal vera litt rennande i midten.


Bringebærsorbet:

400 g frosne bringebær
2 ss honning
Safta frå 1 appelsin
1 dl hakka basilikum (frisk)

Miks alt saman i ein miksar
(eg brukar stavmiksar)
Kjøyr raskt saman.
Spe eventuelt med litt vatn dersom det er vanskeleg å mikse alt saman.

Form sorbetten til kuler.
Server med sjokoladefondant, appelsinfiletar og friske bringebær.

(Mine friske bringebær til 40 kr var sjølvsagt så stygge at det var umogleg å bruke dei!)


Må berre nevne at denne
 sorbeten er utruleg god, og at basilikumen gjer prikken over ièn!

Vi toppa vår jentekveld med film.

Kansje dette er tips til laurdagens kose mat?

GOD LAURDAG ALLE SAMAN!