søndag 29. mai 2011


Ein liten tur innom bloggen
 for å takke for slike gode ord.
Eg har problemer med alt frå å logge på, til å kommentere hos andre via google kontoen.
Hos nokre bloggar har eg kunna kommentert under anonym, og hos nokre har det ikkje vore kommentarfelt å finne i det heile.

Håpar på at dette kjedelege problemet
 let seg raskt fikse!


Ei gammal reisekiste etter tippoldeforeldre, romar leiker.


I morga kjem det GIVE AWAY i bloggen min!


GOD NY VEKE
 ØNSKAST TIL ALLE!

lørdag 28. mai 2011

Material girl!


Det er berre så utruleg kjekt med noko nytt i blant!

Eg har fått ny lampe med snilde mammaen min.

Og slikt fører ofte med seg...


Både det eine og det andre..

 GLEDE!

Pimping av ein magnet kalendar foreks.

Har malt ei gammal rame med heft grunn,
og limt kalendaren frå baksida med limpistol.
(Flaks at kalendaren passa heilt)


Lampa er berre nydeleg,
og passar perfekt inn her!


Flaskeholdar i sink har eg
sett etter lenge.
Fantastiske
i Fosnavåg hadde.
(Og fleire "godbitar" til)






Sidan sommaren ser ut til late vente på seg, er det då berre å kose seg inne.

Utanfor her i heimen er det
(i mine auger) ein del rot.
Sagmask og regn er ikkje det beste saman!
Men, slik må det vel vere før det blir betre ;)

Påbygget på huset vårt er no under oppføring!
  





Ønskar nye følgjarar velkomne.
Veldig koseleg.


GOD LAURDAG TIL ALLE!

lørdag 21. mai 2011

Helgeblogging ;)


Det går stadig lengre mellom kvart innlegg..
Har omtrent ikkje opna bloggen dei siste vekene.

Interiørgleda er like stor
(har alltid vore det)
 men, tida strekk berre ikkje heilt til.


 Å gi meg med blogging er ikkje tanken.

For i blogglandia finst det så mykje godt, inspirasjon og glede.


Kjøpte olivnetre hos Mester Grønn,
for den nette sum av 350 kroner .
Men, no står eg ovenfor valgets kvaler her,
mellom husbonden`s tette nase
og det vakre treet i stova..
Hmmm..Kven må ut?


På denne regntunge laurdagsførmiddagen syslar eg med prosjekt iskake i kjøkenet..
( Har trua på at den kan bli bra,
utan noko eksisterande oppskrift;p..)



PS!
Det kjem straks ein GIVE AWAY med gåvekort på 500 kroner frå hærlege

GOD LAURDAG TIL ALLE!

søndag 15. mai 2011


Har friska opp ein grå søndag med
fjelltur, blomster, pavlova
  og danseoppvisning.
Begge jentene dansar ballett, og året avsluttast med eit fantastisk flott show!
Elevar frå 6 år og opp til 20..


Då vart det endå meir kakebilder i bloggen..

(Lite som har fåregått på interiørfronten dei siste vekene..)

Er stort sett ute ved alle høve!




Ved inngangsdøra.


God mandag!

mandag 9. mai 2011


TUSEN TAKK
for alle fine og koselege ord
i innlegget under.
Dykk er no berre
 GODE!

Fleire lurte på om eg vil dele oppskrift..
Klart eg vil.

Kaka er enkel,saftig og god.

Botn:

6 egg
5 dl sukker
1 dl brunt sukker
6 dl kveitemjøl
3 ts bakepulver
8 ts kakao
2 dl sterk kaffi

Pisk egg og sukker til eggedosis.
Vend inn kveitemjøl, kakao og bakepulver vekselsvis med kaffi.

Hell kaka i smurt form og steik
 ved 175-180 grader i ca 50 min
 på nederste rille.


Fyll:

3 dl kremfløte
vaniljekrem (gjerne heimelaga)

Farge eller pisk inn jordbær i kremen

Her har eg brukt farge.

Del kaka i tre og fordel fyllet.

Glasur:

Kokesjokolade smelta ilag med
litt fløte og vaniljesukker.
Jordbær eller bringebær.


Etasjefatet har fått eit strøk lysblå måling.
Kjøpte det hos Mester Grønn i fjor.


Kan ikkje late vere å seie endå
ein gong i dag,
for eit fantastisk ver vi har hatt dei siste dagane.

Fjelltur 9.Mai i 25 grader er fantastisk.. Sjeldan og uforgløymeleg, faktisk!

GOD TYSDAG!

lørdag 7. mai 2011

Det Gode Liv ♥


Slike dagar er til å
NYTE og NYTTE !


Har kosa meg ute heile dagen.
Mala diverse møblar, planta i krukker
 og bakt sommarkake.


Å nyte kaffi og kake ute ilag med ei kjekk nabodame er gode ting! 


Å vere inne når veret er så fint
er ikkje tema...
Kun til det mest nødvendige!
(Som å lage kake til nytelse ute;)


Blogging har det også blitt lite av.
Ei veke mellom kvart innlegg herfrå skyldast ei vårglad Astrid.
Bloggtida mi er om kvelden.
Og dei lyse kveldane har gått til fjellturar og forsømt husarbeid!




♥♥♥
Tusen takk for alle gode ord og besøk i  bloggen.
Ønskar nye følgjarar varmt velkomne!
♥♥♥


SMIL OG VER GLAD...
DET ER VÅR!

♥♥♥

søndag 1. mai 2011


Bloggen får ikkje mykje pleie i desse dagar..
Veret og alle gledene det fører med,
 går rett og slett framfor!


Å stå opp til sol og blå himmel,
gras og trær som blir grønare for kvar dag,
 er glede i seg sjølv..


Ettermiddagane har blitt brukt ute..

Enten med fjellturar...


Pause frå beremeisa,
eller ryggsekken, som lisje bror kallar den ;)


Hagearbeid...


Eller rett og slett berre
å NYTE!


Slike koselege ord frå to søte venninder
 av dattera ved inngangsdøra vår i dag.

Buketten gledar oss stort!

Dei diverse prosjekta mine innandørs vente.

 Våren og sola må
nyttast og nytast!


Tusen takk for alle gode ord!


Ønskar alle ei fin ny veke,
med håp om 
sol og glede!