mandag 25. april 2011


Dei siste dagane har vore GODE..
Rett og slett på grunn av veret!

 

Åpne dører og vindauger er fantastisk!


Sidan altanen skal bli stove,
er den ikkje i bruk.
Men, det er ikkje akkurat mangel
 på plass her..

Og med ein 2 åring i farta viser det seg at   det er like greit å opphalde seg "fritt"..


Med påskedagar høyrer det sjølvsagt med godis.

Vi har bakt i ulike variantar.

Endåtil husbonden og lisje bror har fiksa bakst til oss til frukost.


Pikekyss, til både is og frukt/bær.

For ikkje snakke om til pynt ;)




Rett før påske vart det som sagt nokre
glade bruktfunn!

"Norske planter"
Skuleflora frå 1897.


Starten på påska var det regn, regn og regn!

Og mykje godis, tv og besøk.


Gammalt bord og stol = LYKKE! 
 


Eg for min del ser fram til kvardagen att..
For påska har vore
 GOD!


Med desse bilda frå litt av vår påske
 ønskar eg alle ei flott ny veke,
med håp om
SOL og GLEDE!

søndag 24. april 2011


Rett før påske kom eg over dette
 gamle bordet og stolen.
Slike bruktfunn er
LYKKE!


Fargen er perfekt med herleg patina.
Denne gongen skal eg la malarkosten ligge..


Bordet har fått plass ved inngangspartiet.


Kjolen brukte eg for nokre sommarar sidan..
(vel 30 år;)

Etter vask av utemøblar,kosting osv
   blir det fint å fylle oppatt
 krukkene med blomster!


Ønskar alle ein god
2.påskedag og siste fridag!

onsdag 20. april 2011

Her er...


Det nye gamle speilet som eg fekk av mamma.


Såg at fleire trudde det var det lisje svarte speilet som heng på knaggrekka over sofaen, som var det nye gamle speilet.


Eg har malt speilrama kvit
 og "shæbba" den litt.
Brunfargen vart feil i forhold til
 andre ramer i stova..








Bruktfunn er GØY!
Og det har blitt fleire kjekke funn
 dei siste dagane;)


Med desse bilda frå ein krok i stova,
 ønskar eg alle ein
 god skjærtorsdag.

tirsdag 19. april 2011


Det går langt i mellom kvart innlegg om dagen.
Grunnen er enkel.
Det er i blant godt med fri!


Hos Princess er det no mykje fint.
Denne puta med vintage motiv berre
 måtte eg ha!
(Kun 149kr;)


Mamma kom med eit gammalt speil til meg.
(Bruktfunn:)
Vakker patina i glaset.




Tusen takk for fine ord
 frå Dykk Godingane.


Ønskar alle ein god onsdag!

lørdag 16. april 2011

Påskehøne..


Då er det påskeferie.

Fantastisk!


Har endeleg teke meg på tak
og vaska "glasskapet"..

Bakveggen har eg tapetsert med tapetet vi har i stova.

Og fingermerka til vår lisje venn
 er på plass att ;)




Ein stolt liten hadde med seg heim ein skatt frå barnehagen..
"påskehøne til deg,mamma mi!"


Han ville gjerne henge den i vindauget.

Og der heng den godt, og gledar oss stort!




Morgonen er berre god når ein har fri.

GOD PALMESØNDAG!
♥ 

tirsdag 12. april 2011


Lyse dagar og kveldar
 er ei fryd.


Det er fint lite som skjer på interiør fronten om dagen..

(Bilda blir litt omatt og ommatt..)

Har ein plan om fikse litt på
oldemor kommoden..
Men,lysta på å vere ute,tur,trening
er for tida mykje større.

(Har vaska litt i ettermiddag;p)


Gjeremål ute er det mykje av..


Nokre krokusar som gledar..


Ser fram til påskeferie..
Det blir heimepåske UTAN ski og med håp
om fint ver.




GOD ONSDAG!