lørdag 30. oktober 2010

GOD LAURDAG ♥


Litt stillestans i min føremiddag i dag..
Planen var å male 2.strøk på kjøkenøya mi...
Men,det 1.strøket har ikkje tørka enda..
Iiiiiiiiii!...
Dette er eg ikkje god på..
Å vente.
Då går det enda ein dag før eg får det inn,...Å starte på det aller kjekkaste.


Har alt på plass i toppen,
og nokre posar på luringen med litt nytt i!


I ettermiddag/kveld skal vi feire mormor og tvillingsøstra 75 år!

 Gåvene står klare..
Festantrekka heng klare,
talen er klar og vi gledar oss!




TUSEN TAKK
for alle gode ord!
Eg set stor på kvar enkelt av dokke.


Med desse bilda frå spiseplassen vår ønskar eg alle ein kjempe fin laurdag!


Dejligst af alle glæder er glæden for slet ingenting,
ikke for noget,
du kan eller vil,glæden for intet,og glæden for alt.
GLÆDEN: Fordi du er til.

fredag 29. oktober 2010

Ein fridag til♥


Har du ikkje kjøpt
JDL juleutgåva?
Løp å kjøp!
Narvesen har det...

 Tidleg morgon her.
Har kosa meg med bladet,god kaffi og lisje bror..
No er eg høg på inspirasjon!


Denne helga skal vi feire mormor/oldemor og tvillingsøstra sin 75 års dag!
Alltid kjekt med selskap.
 
Eg og lisje bror skal no svinge oss på kjøkenet å lage kake til jubilantane..


Etterpå skal vi på jakt etter festantrekk til ei prinsesse og sjølvsagt gåver!
KappAhl melder om lansering av nye vintage kolleksjonen med 25% på valfritt plagg i dag!

Akkurat det trur eg kan passe prinsessa mi bra;)


Og i kveld skal eg ENDELEG male første strøk på kjøkenøya mi!
SMILER ☺
(Kansje eg under mi malarstund kan forme nokre fine ord til mormor?..)

Tusen takk,flinke mannen min og lisje bror!




tirsdag 26. oktober 2010

På ein fridag...♥


Utanfor mitt vindauge er det fortsatt vinter...


Har fyrt i peisen for første gong i haust..
Akkuart det er så koseleg!

Eg lurer på kor lenge oliventreet vil holde seg slik med blada på?
Reknar med det
er mange som veit,og eg blir glad for råd for korleis eg skal handtere det i vinter..

Oliventreet fekk eg i gebursdagsgåve av mi mormor..


Tysdag er fridag for
meg og lisje bror!
Vi har kosa oss med besøk..


Kjøpt litt nye blomster og stelt så smått heimen..


Husbonden og lisje bror er no straks ferdig å snikre på mitt nye prosjekt!
(held på å sprekke av glede;)

Fredag får eg starte å male!

For eg har vore så heldig å få eit gammalt lærarkateter frå skulen min!..
Som no har blitt til ei kjøkenarbeidsøy!
JEPP!


Eg var rask til å leite etter innerpute;)
Og eg fann!
TUSEN TAKK,
Karoline
for så fin gåve!

Og TUSEN TAKK for alle koselege helsingar og gode ord her på bloggen!

Dokke inspirerar meg.


GOD ONSDAG!

søndag 24. oktober 2010

Her er mitt bidrag,Adale..♥


har utfordrings give away!
Kjempe kjekt med ein anna type give away..



Utfordringa går ut på å vise fram ein av dine kjæraste ting og fortelje litt om den!


Noko av det kjæraste eg eig ligg inne på soveromet..
Opp på denne speilkommoden!
Speilet og dei to børstene i sølv etter mi
kjære oldemor Astrid!


Navnet Astrid står inngravert.
Mi oldemor fekk desse av sin komande ektemann
(min oldefar) i forlovelsesgåve.
Børstesettet skulle følgje soveromsmøblane..
 

Eg har slike klare barndomsminner frå desse møblane og børstene..

Hugsar godt at eg sat på denne stolen framfor speilet og børsta håret..
Eg syntest desse møblane var så fine og at oldemor
var så heldig å ha slike utruleg fine børster..
For ikkje snakke om at dei var i sølv og med navnet på!


Ho brukte å seie at ein dag blir dei dine,lisje Astrid..


Med desse bilda frå mitt bidrag til Adale`s utfordrings
give away,
 ønskar eg alle
ei god ny veke!

♥ 

lørdag 23. oktober 2010

Sjarmerande årstider..


Bloggekråa mi i stova...



Gamle koffertar er gode å kvile beina på..
Nokre små endringar her etter at ein korgstol flytta ned i prinsessestova..

Ein gammal stol etter oldemor
og oldefars dokumenthusmappe står no under vindauget..

I vår heim er dei fleste plassar/kråer nytta..
Eg likar det fullt!


Ute er det vinter..
Vi har mykje snø, 
 i gårkveld var gradstokken på minus sida!  
Hmmmmm...
Eg likar å sjå sjarmen i alle årstidene..

   Følelsane var gode i starten..
Tankar om jula,reinare i yttergangen,
lyset i stova,gleda barna synte..
 Frukostane ilag med
lisje bror i vinduskarmen..

Men,med snø og minusgrader i oktober blir vinteren altfor lang..


Vi har ikkje rydda om i vintergarderoba heilt enda...
Så vottar og tjukke klær var helder ikkje klare!


Heldige meg fekk smilepost her om dagen!
Vann give away hos
herlege og kreative

Tusen takk
for kjempe fin bilderame..
(Frå Lisbeth Dahl)
I rama er det no bilde av
lisje Olav Andreas!
(Som står på bloggbordet mitt)


Utover dagen i dag har snøen smelta/regna litt vekk..
Og dei fine haustfargane har komt litt meir til syne att..


Kid har hatt 40 % dei siste dagane..
 Eg har nytta høvet og kjøpt nye flis pledd og fleire lammeskinn..


Med dette bildet frå
"den blå timen"
i kveld ønskar eg alle ein god laurdagskveld


Og ein fin søndag!


onsdag 20. oktober 2010

Er hausten over?


I år måtte vi klare oss med ein kort vår..


Gjeld det hausten og?


Her er det iallefall vinter i dag!



Snøen sette nok følelsane i sving hos dei fleste i dag!

Barna er glade og klare 
for leik,

mannane skiftar dekk,
mammane frys,
(enda) dårlegare tid om morgonen osv..

Eller smiler og gledar seg over juleplanlegging..

Eg berre måtte ut og hente inn litt smak av den koselege tida vi har føre oss!


Likte godt synet av vinteren frå sofaen i ettermiddag..
lisje bror kos,
kaffikopp,
pledd og stearinlys.






Eg vil gjerne nytte høvet å GRATULERE
min kjære kollega Aina som vart mamma
  til ein liten prins i dag!
LYKKE


TUSEN TAKK
♥ 
for alle gode ord og for alle som stemmer på bloggen min hos

SMILER ☺

Med desse vinterstemningsbilda frå stova ønskar eg alle ein koseleg onsdagskveld!