mandag 31. mai 2010

Nye knottar i gamleskapet....



På knaggrekka over sofaen heng eit bilde av mi oldemor Inga Andrea..
Rama er gammal..
Dette er oldemora eg har arva det gamle skapet etter..
Ho hadde skapet ståande på badet..
Eg hugsar godt at eg syntest at det var noko ekstra ved dette skapet..
Var ofte opp på badet til mor,
(som vi alle kalla ho)
berre for å sjå inni skapet..
Men,eg ville alltid aller helst ha med meg mi mormor opp..


Eg har no skifta til sink handtak og porselens knott til dørene..
Knottane er kjøpt hos Farmors Krambod♥
Føtene har eg beholdt
(enn så lenge iallefall;)


Eg var så heldig å få denne gamle veska av mi mormor..
Det har vore min oldefars dokument/hus mappe..
Ekstra stas å ha denne etter han♥


Mine to flotte oldemødre ♥

"Gamle"Astrid
og
"mor" Inga Andrea.


Eg er så svak for desse sagen produkta...
Dette berre måtte eg ha!

Står fint i det gamle vinduet og med brudebildet vårt på veggen ved sida av.


EG ELSKAR DEG
JET `AIME
I LOVE YOU
TI AMO
ICH LIBE DICH
EU AMO TE



Med desse bilda ønskar eg alle ein god mandagskveld
ein fin tysdag♥



TUSEN ♥ TAKK FOR ALLE FINE ORD FRÅ DOKKE GODE DAMENE♥
Dokke GLEDAR meg!
Og eg set stor pris på dokke alle saman♥


søndag 30. mai 2010

GOD SOL SØNDAG ♥

               

Nyvaska stove klar til GP "kalas"...



Prinsessene i full sving på kjøkenet og stelle istand godisen til gårskveldens GP finale..


Oliventre frå Farmors Krambod


Greit å ikkje bruke så mykje på stell av  planter inne i desse sommar mnd....


Vi hadde ein kjempe kos kveld i går med god mat og gode venner♥


Kyllingsalat med sweet chilli saus,rømme og godt stekte focchia brød...
Lett og god mat,når ein spis litt seint..


Sjokolade fondant med heimelaga bringebær is til dessert♥


Bringebær is

1 pk kremføte,stivpisk
2 ts "ekte" vaniljesukker

Kok opp bringebær
(Her brukt 1 pk frosne bær)
 blanda med litt sukker..
Sil vekk frua og avkjøl..

Bland saman med fløta og frys.

Pynt/topp gjerne med friske bringebær.


Tusen takk for alle gode ord♥

ØNSKAR ALLE EIN STRÅLANDE SØNDAG MED HÅP OM SOL OG GLEDE ☺






lørdag 29. mai 2010

Fleire bilder av ommøbleringa mi...Og forbereding til grand prix...



"Lese kose sofaen" vår har fått ny plass...
(lyskruna skal vekk...ikkje komt lenger...)
Likar så godt dette bildet av mi mamma som lita pie♥



Ikkje enkelt å dekorere desse store vindua....


Må berre vise kva mi gode lisje prinsesse overraska meg med når eg kom att frå jobb i går♥
Smeltar mamma♥


Ho er så søt når ho styrar slik..Leitar alltid opp koppar som ho veit mammen likar..
Og at mammen kosar seg ekstra når det dekt fint..☺
Ho har fått med seg det lisje ekstra♥


I mellom opplasting av bilder,jobbar eg og store prinsessa på kjøkenet med kveldens fest dessert ☺
Heimelaga bringebær is og cup cakes i rosa og blått♥


Pionar pyntar spisebordet vårt denne helga..


Kansje sola vil "sprette" dei meir ut til kvelden`s hyggelege lag?

Vi skal spise god mat i godt lag sjå
Grand prix,og heie på Didrik♥


GOD LAURDAG ALLE SAMAN♥

HEIA DIDRIK!


 






torsdag 27. mai 2010

Home sweet home ♥

            

Eg har igjen vore så heldig å vinne veggtekst hos

Eg vann desse vakre franske orda..

sov søte drømmer♥
(tek eg feil?)

Mamma har lenge hatt lyst på ei slik veggtekst på soveromet.
Dei har akkurat pussa opp soveromet,så eg ga teksta til dei☺

Med lyserosa veggar,kvit mala tak og herleg blomstra vattert sengteppe,vart det perfekt med grå tekst på veggen..

Mamma og pappa`s soverom♥



I pakken frå Hilde låg det to ekstra små veggtekstar♥
Og små søte vintage kort♥
Snakk om GLEDE-post☺

Utruleg glad for tekstane,kjære Hilde☺
TUSEN ♥ TAKK!

 

Home sweet home
prydar no bloggbenken min♥

Har du ikkje vore innom Hilde`s blogg og nettbutikk bør du gjere det fort!
Du finn den HER


Dei gamle koffertane har etter ommøbleringa fått plass under benken..
Like greit sida lisje bror heile tida sto opp på den kvite..
(Skaden på den har berre blitt større)


Eg har blitt velsigna med ein kjempe koseleg award i dag♥
TUSEN ♥ TAKK
Utruleg kjekt å bli sett pris på ♥


Bloggland er stapp fullt av flotte bloggar med masse inspirasjon og glede!

Eg vil gi den vidare til to damer som eg har fått god kontakt med.
Likar så godt måten dei formidlar både tekst og bilde på..
Herleg interiør!
Inspirasjon!
Også kjekt å lese om småbarnslivet☺
Er så glad for å ha blitt "kjendt" med dokke begge to♥

Solveig i svingens lille hus
&


Ønskar alle ei god natt og ein fin fredag♥



onsdag 26. mai 2010

HJEMME ER BEDST AT HVILE...♥



♥ ♥ ♥


Oldemorskapet har også flytta plass...


Eg er så glad i dette skapet...

Vi pussa det oppatt for nokre år sida..Men,eg ser no at eg skal skifte ut handtaka..
Apotekarhandtak i sink trur eg blir fint..
Låsen er desverre øydelagt,og nøklane vekke..
Tenkte å ha porselens knott med sink der i staden.
(som resten i stova)


Lurer også på om eg skal ta vekk føtene...Synest det er så fint når det står heilt ned i golvet..
Spørst kva husbonden synest om det?Hmmm..Han la eindel arbeid i å få laga dei...


Bildet opp på skapet og dei gamle lampane kjem også frå oldemor`s heim..
Hjemme er bedst at hvile ♥

Lampane har husbonden fiksa..


Vindua vi ventar på er i gammal stil med gjennomgåande sprosser.
Vindua oppe kan opnast..
Akkurat slik eg likar det.

Ikkje noko som er så kjekt som å glede prinsessene med ferske bollar når dei kjem heim ifrå skule ☺


Etter maaange fridagar er eg klar for to arbeidsdagar før det er helg igjen...

Tusen takk for alle fine ord frå dokke gode damene♥

GOD ONSDAGSKVELD♥


tirsdag 25. mai 2010

Tålmodige Astrid.....



Då er dei nye vindua bestilt!
 Ein fantastisk god følelse,for dette har eg venta på og GLEDA meg til leeenge ☺

Eg hadde ein plan om ommøblering når vindua var på plass!


Men,greidde eg vente det da?......
Nei!


Spisestua har bytta plass med den store "lese" sofaen i lin..
Dette førte sjølvsagt med seg at det meste i stua fekk ny plass!
Og denne "operasjonen" tok vel 5 timar...Phu;p

Lisje bror og mi mamma var gode medarbeidarar♥


Husbonden heldt på å dåne når han kom att frå jobb!...
Betre å be om tilgivelse enn tillatelse?


Men,du så kjekt med forandring ☺
Husbonden har i skrivande stund komt seg til hektene att..Han har endatil innrømt at det vart fint ☺


Bilder i frå andre delar av stova kjem i seinare inlegg...



Stærke meg skudde dette skapet laaangt....Åleine!
Vil du nok,så går ALT;)


Eg er kjempe fornøgd med forandringa i stova....Og har tankar om at det kansje gjer "vindus ventetida "
enklare ☺


Og sjølvsagt måtte dette bloggast!

No er det tid for te,sofaen,frustrerte fruer og blogglandia♥

GOD TYSDAGSKVELD ALLE SAMAN!