tirsdag 30. mars 2010

Ny kappe til tv konsollbordet ♥


Endeleg kan eg skjule ledningar,dvd spelar,stereoanlegg osv.....Det aller kjekkaste hadde vore om eg fekk gøyme heile tvèn....Men,sidan min kjære må holde ut med alt eg fyller heimen med og mine stadige prosjekt skal eg ikkje røyve den meir enn dette...(?)
Har eit konsollbord frå  Ikea til tvèn..Det er ei opa hylle under..
Fekk hjelp av tanta mi til å få sy ei kappe..symaskina mi er no friskmeldt(mi kjære mormor har fiksa den♥og eg skal hente den i ferien;)Juhuuu
Eg vart kjempe fornøgd med resultatet..I tillegg elskar eg tekstilar i alle variantar..Masse dukar,pledd,blonder,puter osv.....


Kan tenkje meg at du no er ein smule lei av bilder frå stua vår...Men,eg berre måtte i dag og☺Det var denne nye kappa ;)


Eg har terrorisert husbonden litt til....
Har sett eit gammalt vindu i vinduskarmen..Hihi☺

Sikkert fordi eg gledar meg slik til vi får nye vindu?


Då vi sto opp i dag var trea tunge av snøv...Igjen....Men,heldigvis kom sola 


I dag har vi kosa oss heime med besøk av mamma,tante,mormor,min bror og hans sambuar♥
Lisje prinsessa heiv seg rundt å skar opp pølser.Ho ville ha pølsegrateng slik at der var nok til alle♥
(Stolt mamma til ei slik omtenksom lita pie♥)
Har gjordt siste innspurt med trening før mange dagar med sikkert altfor mykje god mat og godterier...
Men,gåturar blir det nok♥Ikkje ski....For eg er heilt ferdig med vinter!Rett og slett!

Ranuklane står fortsatt så fint,så eg berre må vise dei fram ein gong til


Prinessestua står klar til koselege kveldar♥
(tippar det vert ein aldri så liten prinsessefest;)


Spisebordet der står også påske klart☺
Så det er berre å sette seg ned ♥


Ønskar alle ein kos tysdagskveld♥♥♥


mandag 29. mars 2010

Vår inne iallefall...


Ute har det faktisk snøva i to dagar no!!
Å ja da..Eg prøvar så godt eg kan å ignorere det..Hadde planar om å nyte fridagane ute..


Men, nei!Eg er altfor lei av snøv!
I staden leita eg fram sommarteppet og la det over sofaen..
Berre måtte ha våren inn..


Så tok eg ein kjapp tur og henta våren til mi kjære mamma også..Rett og slett fordi ho fortjenar det♥
Ho er så snild og god mot oss♥
Skulle egentlig kjøpe ranuklar til ho og.Men,då eg fekk auge på desse vakre rosene klarte eg ikkje å gå ifrå dei..
Desse måtte berre mamma få♥


Eg var også på leit etter gebursdagsgåve til ei venninde,(klarte ikkje å bestemme meg i dag)då eg kom over dette store sink fatet hos Farmors krambod.
Har ei stund sett etter liknande,men har berre funne fat som har vore djupe..Tenkte det var litt for stort,men det viste seg å vere akkurat passe til vårt spisebord..
SMILER ☺☺☺


Ny butikk i Ulsteinvik,Engledryss..
Kjøpte dette sinkhuset der..
Ein koseleg butikk med eit lite snev av det franske..
Kjekt iallefall med interiør på amfi senteret også.
Englane oppå skapet er altfor vakre og verdifulle for meg til at dei skal ligge på loftet ilag med julepynten..
♥♥♥


♥♥♥


Hmmm...Ser at eg har veldig lyst å bytte ut påskeliljene med lyserosa roser..

Ser at fleire nye vil følgje bloggen min♥
Det synest eg er kjempe kjekt♥
Ønskar å takke for alle koselege og gode helsingane frå dokke flotte damene♥ 

God natta
♥♥♥


lørdag 27. mars 2010

SMIL OG VÆR GLAD ☺☺☺


JA! SMIL

Eg smilar for mi kjære familie☺
Eg smilar for at vi er friske☺
Eg smilar for vår heim☺
Eg smilar for å ha ein kjekk arbeidsplass☺
Eg smilar for å ha gode venner ☺
Eg smilar for påska ☺
Eg smilar for at våren snart er her☺
Eg smilar for alle dei koselege kommentarane dykk herlege damene legg att på bloggen min ☺



Eg smilar når eg kjenner at eg er takknemleg ♥


Viser litt av påska vår i stua..

Husbonden var så heldig å få sitt eige påskeegg i gebursdagsgåve♥(sjølvsagt med masse godis)

Kjøpte desse fantastiske vakre ranuklane hos Mester grønn i dag..
Som eg sjølvsagt også smilar av ☺



Eg har ikkje så veldig gul påske i stua...


På stovebordet..
Egget har eg dekoret med roseserviett frå Sagen


Påskeliljer og eit par fløffie kyllingar er vel det gulaste i stua..


Mine gode prinsesser kom att frå shopping i dag med påske gåve til mammaen sin♥

Denne søte haren ligg på vårt stovebord.
TUSEN TAKK♥
(eg smilar eg )


Eg har ikkje vaska hus i dag helder...Nei da...,har berre kosa oss♥
Ei  runde innom favoritt butikkane og eit kaffe besøk hos mi tante♥
Nytt det fine veret,spist god mat og pynta og flytta litt rundt på ting heimen
Husbonden og min pappa har hatt sin første tur på Melshornet til fots..
 Av slike dagar SMILAR eg ☺

I skrivandes stund sit eg her i mørket med berre pcèn på..Og husbonden har tvèn på..Earth hour!
Og sjølvsagt med masse stearinlys♥


Smil og vær glad folkens ☺
Det er snart påske♥


fredag 26. mars 2010

FREDAG IGJEN....♥♥♥





Synest vekene går veldig fort.

Planane eg hadde for veka var fleire,men få av dei har blitt noko av..Hmmm..Men,mykje kjekt har det alikavel blitt☺
På jobben har vi hatt påskeprosjekt,som vart avslutta med påskemåltid for heile skulen i gymsalen..Flott sang av småskulen og dramatisering av påske evangeliet av 7.klassa..Dei var så utruleg flinke♥Eg kjempa kampen mot tårene!(rørt)

Ei god avslutning med skulekino..Bestevenner..
Ein film som eg trur greip tak i dei fleste.


Eg har hatt kjekke besøk av venninder med små barn♥
Ei lita shoppingrunde ☺
Kafe tur ilag med mamma,tante og mormor♥
Eit par kveldar med trening og feiring av mannen(38 år)♥


Foreldremøte ang planlegging av avslutningstur for 7.klasse..(Hjeeelp!!)

Jøuda!Det har vore ei flott og innhaldsrik veke ☺
 Husvask og malingsarbeid tek eg att...For,eg har FERIE og skal ikkje på jobb igjen før 8.april..
TRUUUDELIDUUUUU ☺☺

Lisje prinsessa har laga litt påske på kjøkenet..


Så mykje meir gult enn dette trur eg ikkje det blir..


Gledar meg til å ta i bruk desse gamle eggeglasa..(bruktfunn)


 Litt detaljar frå kjøkenbenken vår




Kvelden skal nytast her inne i "blogglandia"♥og
 suuuuse inn masse inspirasjon.

Ønskar alle ein triveleg kveld♥ 

onsdag 24. mars 2010

SOLSKIN INSPIRERAR♥♥♥


Med slikt herleg sol ver,får eg alltid arbeidslyst...Hmmm...Ikkje av den typa eg burde..(vaske klær,vaske gulv,tørke støv osv...)Nei da...Men,å flytte litt på møblar og småtteri er berre sååå mykje kjekkare ☺

Har leeenge kika etter eit "blogge"bord,eller ein vanleg luta/trekvit skrivepult med skuffer som eg kan pusse opp...
Aldri om denne dukkar opp nokon stad...
Men,eg gir ikkje opp å leite!

Den gamle singer maskina har no blitt mitt førebels"blogge"bord..

Sjølvsagt med plass til litt "stæsj"♥
Utan det funkar det ikkje!


Lisje bror nyter ei av sine daglege økter i lag med Hinkel pinkel og co...

Han er så kjempe søt når han vil ha på dvdèn.. Klarer ikkje å seie det,men har eit flott kroppspråk..
Han berre går og hentar Hinkel pinkel,peikar på tvèn og set set godt til rette i sofaen..
Med eit smil☺




Oppps...Hinkel pinkel....Auu!


Det runde bordet fekk plass ved sofaen..



På salongbordet vårt i dag....Står det att kun ein telysholdar..
Hmmm...Lisje bror da!




 I morga fyller min kjære mann 38 år...
Alle som har bursdag i heimen får velge kva kake ein vil ha..

Gulrotkaka står klar☺



No GLEDAR vi oss stort her i heimen til påskeferien,som skal nyyytast♥♥♥utan å gå etter klokka..
Skal bli så lykke å ha litt fri i lag♥







tirsdag 23. mars 2010

♥♥♥♥♥♥♥♥


The future belongs to those who belive in the beauty of their dreams

Var innom Farmors krambod i dag(lykke;)
Ahhh!☺
Kjøpte dette sink skiltet og knaggrekka..

 Mykje nytt og lekkert i butikken!




Kjøpte denne søte korga også der..


Bursdagsgåve til husbonden er og i boks♥
(han kan berre glede seg♥)

No skal eg suse meg ut døra til ein time med spinnig..
Og kvelden skal nytast med nyaste nummer av Bolig pluss

Med desse bilda frå heimen ønskar eg alle ein triveleg tysdagskveld♥